Vi treng fleire sjukepleiarar på laget vårt!

Klikk for stort bilete Einar Engdal/Grafia Vil du arbeide med menneske i helse- og omsorgsektoren?

Vi har ledig tre vikariat i ambulerande heimetenester og eitt vikariat på Fjordsyn omsorgsbustadar for eldre.

Ambulerande heimetenester er ein seksjon med høg kompetanse som yter tenester til heimebuande i Volda.

Her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar i lag med engasjerte medarbeidarar. 

Arbeidsoppgåver

Til stillinga som sjukepleiar ligg fylgjande arbeidsoppgåver:

  • Helse- og omsorgstenester til brukarar i eigen heim.
  • Gjere grundige observasjonar og god dokumentasjon.
  • Vere med å kartlegge, utarbeide og evaluere tiltaksplanar i tett samarbeid med faggrupper.
  • Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar.
  • Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø.
  • Bidra til å kvalitetssikre tenestene.

Søknadsfristen er sett til torsdag 05. mars 2020.

Sjå alle stillingsannonsane og søk på stillingane.