Vi treng vikarar i barnehage, SFO og skule

Klikk for stort bileteKoronakrisa gjer at vi kan få eit stort vikarbehov i barnehage og skule. For å vere i forkant, ber vi interesserte om å melde seg allereie no.

No har barnehagane starta opp att og neste veke startar skule og SFO.

På grunn av koronakrisa, vil vi på sikt trenge fleire hender i barnehage og skule/SFO.

Derfor oppmodar vi barnehagelærar- og grunnskulestudentar og andre som har erfaring  frå arbeid i barnehage og skule til å melde seg.  Dersom vi kjem i ein situasjon der vi manglar folk, vil vi ta kontakt med deg.

Har du tidlegare søkt om lærarjobb hjå oss og ikkje fått tilbod – kan det vere aktuelt med ei mellombels stilling. Det kan bli aktuelt med både kortare og lengre mellombelse stillingar.

Meld di interesse ved å fylle ut dette skjemaet.

Dersom du får tilbod om jobb, må du levere politiattest.

Kontakt

Nina Hovden Eidheim
fagkonsulent
E-post
Telefon 70 05 88 68