Vil du ha månadleg faktura for kommunale gebyr og eigedomsskatt?

Klikk for stort bileteVi er no klar for å fakturere månadleg.

Volda kommune har normalt sendt ut faktura for kommunale gebyr og avgifter fire gonger i året. No kan du velje å få faktura månadleg.   

Dersom du ynskjer å få månadleg fakturering må du melde frå innan 27.07.20. Du vil då få fakturering gjeldande frå juli 2020.  

For dei som melder frå etter den dato, vil avtalen om månadleg fakturering gjelde frå januar 2021. 

Månadleg faktura føreset at du har avtale om avtalegiro eller e-faktura i nettbanken  din med Volda kommune.

Her bestiller du månadleg faktura for kommunale gebyr og eigedomsskatt.