Vil du hjelpe Ukrainske flykningar? Pexels.com I tida som kjem vil det kome behov for frivillige som kan hjelpe flyktningane som kjem til Volda. Dersom du vil hjelpe til i samband med flyktningar som kjem til Volda, kan du registrere deg. I tillegg til kontaktinformasjon, kan du registrere kva du vil hjelpe til med. Registrer deg her Du blir kontakta dersom det vert behov for frivillig innsats. Kommunen kan vidareformidle kontaktinformasjonen din til aktuelle frivillige lag eller organisasjonar som tek del i arbeidet. Etterkvart som det vert behov for utstyr, klede eller liknande og for frivillig innsats vil vi legge ut informasjon om kva det er behov for. Har du ein ledig bustad? Det er mykje som framleis er uklart med omsyn til kor mange flyktningar som vil kome og når dei vil kome. Vi treng oversikt over tilgjengelege bustadar. Vi presiserer at kommunen ikkje forpliktar seg til å nytte bustadene som vert meldt inn – og motsett, ei melding til kommunen forpliktar heller ikkje huseigar på nokon måte. Kommunen tek kontakt dersom det vert behov for bustaden du melder inn. Bustadene vi ønsker oversikt over må oppfylle følgande krav: Eigen bustad (eigen inngang) Rom godkjend til opphald (brannsikring, rømingsvegar, dagslys m.m.) Kjøkken, opphaldsrom, bad og soverom Internett Har du ein ledig bustad som stettar krava over? Registrer deg og bustaden via dette skjemaet. Dersom det blir aktuelt med leige, vil vi ta kontakt med deg. Publisert 28.04.2022 15:59 Sist endra 18.07.2023 04:50