Vil du vere besøksheim

Klikk for stort bileteBarnevernstenesta søker besøksheim i Ørsta for ein gut på 4 år, ei helg i månaden.

Guten er interessert i fotball og han er veldig glad i dyr. Han likar å vere i bassenget og han er også glad i å vere ute.

Dersom nokon kan tenke seg å vere besøksheim, ta kontakt med interkommunal barnevernsteneste på telefon 700 58 700, adr. Rådhuset 6100 Volda

Besøksheim:

Besøksheim (eller avlastingsheim) er noko anna enn ein fosterheim. Å vere besøksheim tyder å ta imot eit barn ein eller fleire helgar i månaden. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familier som treng det. Besøksheimen skal ikkje erstatte heimen hjå biologiske foreldre, men skal samarbeide  med desse.

Slektningar kan også vere besøksheim.