Volda Campus Arena: Vi realiserer idrettshall

Klikk for stort bilete

Hausten 2020 skal Volda Campus Arena stå ferdig. Her er nyttig informasjon om prosjektet.

Full fart framover! Som dei fleste voldingar no har registrert, så er arbeidet med Volda Campus Sparebank1 Arena no i gang for fullt.

Hallen skal stå ferdig til 18.11.2020 så entreprenøren treng tida! Med si sentrale plassering står byggeplassen på utstilling og voldasamfunnet får verkeleg ta del i korleis den nye storstova røyser seg.

No er det fullt fokus på grunnarbeid med uttrauing av byggegrop og etablering av naudsynt infrastruktur. Etter kvart vil byggeplassen supplerast med mange ulike fag og entreprenørar.

For å at du som innbyggjar skal få tilfredsstillande orientering og informasjonsflyt, vil prosjektleiar i kommunen, Pål-Are Vadstein, kome med informasjon om prosjektet gjennom heile anleggsfasen fram mot ferdigstilling.

Det vert nye innlegg éin gong pr. månad, eller oftare ved særskilde tilfelle. Dette innlegget er det fyrste i denne serien, og her kan du lese kva som er gjort så langt i prosjektet og kva som skal skje i vekene framover.

I dette innlegget er det også lagt vekt på å få fram ein del generell prosjektinformasjon og bakgrunn for aktiviteten på byggeplass. Innlegga framover vil i større grad handle om statusoppdatering, framdrift, HMS og andre dagsaktuelle saker.

Innlegga vert også supplert ved behov, til dømes ved å leggje ut fleire teikningar etter kvart som prosjekteringa vert endeleg ferdigstilt og detaljløysingane er låst.

Nyttig informasjon

Volda Campus Arena

Om prosjektet

Hallen omfattar mellom anna to fullverdige handballbaner, to aktivitetssalar, klatrehall med buldrevegg, styrkerom, spinningrom, garderober, lagerrom, møtelokale, klubblokale, kafé og kioskar, lokale for medieproduksjon, fellesareal, tribuner m.m. 

I kjellaren vert det full parkeringskjellar med 100 biloppstillingsplassar. Det er med andre ord eit bygg med stort innhald og potensiale. 

Idrettshallprosjektet er i sum eit partnarskap mellom idretten, kommune, fylkeskommune og næringsliv. Trass i at kommunen har ei avgjerande rolle i prosjektet, så er det likevel formelt sett eit privat tiltak initiert og eigd av aksjeselskapet Volda Campus Arena AS. 

Det er selskapet som fullt ut har det juridiske totalansvaret i heilskapleg prosjekt. Prosjektet er frå starten drive fram av private eldsjeler frå handball- og volleyballmiljøet i Volda, der enkeltpersonar har lagt ned monaleg innsats og ressursar. 

Det skal innbyggarane vere glade og takksame for i dag. Etter kvart har kommunen vorte meir og meir delaktig. 

Fyrst og fremst stiller kommunen garanti for heile investeringsramma i prosjektet, og tek med dette i praksis all økonomisk risiko i totalprosjekt.

Volda kommune har dermed det overordna økonomiske ansvaret i prosjektet, og ivaretek også kravet entreprenøren stiller til økonomisk sikkerheit frå byggherre.

I tillegg til dette deltek kommunen ved investeringar, ytingar og reine tilskot. Vidare med forskottering av spelemidlar, som oppdragsgivar på utomhusarbeid, som grunneigar, som leigetakar, og som formell eigar av underetasjen (parkeringsseksjonen). 

Med godt samarbeid har ein altså kome dit ein er i dag; med full byggeaktivitet på Joplasstomta og venteleg ei fin julegåve til voldasamfunnet neste år. Prosjektet rapporterast månadleg til Volda kommune om status økonomi, framdrift, kvalitet og HMS m.m.

Kommuneadminstrasjonen rapporterer så til politisk nivå gjennom tertialrapportering, og elles ved behov fram mot ferdigstilling. 

Prosjektkostnader

Prosjektet har ei samla kostnadsramme på knappe kr 250 000 000 inkl. mva.

Då er alle prosjektkostnader teke med, inkludert kostnader i samband med grunnkjøp, regulering og utvikling, administrasjon og prosjektstyring, og sjølvsagt også bygg- og anlegg - entreprise.

Så er det slike at store delar av utgiftene gir rett til momskompensasjon. Etter mva-refusjon er investeringssum for totalprosjekt nede i kr 201 900 000.

Ut frå dette er det utarbeidd ein finansieringsplan som vart godkjend av Volda Kommunestyre 23.05.2019.

Frå Kulturdepartementet har prosjektet fått godkjend søknad om spelemiddeltilskot på kr 27 800 000. Dei reelle kostnadane vert altså monaleg lægre enn kostnadsramma tilseier isolert sett.

Leigeavtalar

Ein avgjerande faktor for realisering av prosjekt mtp. totaløkonomien, er å sikre føreseielege og langsiktige leigeavtalar for å ivareta utgifter i driftsfasen etter at idrettsanlegget står ferdig.

Volda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune, vil verte dei viktigaste og største leigetakarane ved å bruke hallen som arena for kroppsundervisning i sine skular, i tillegg til at kommunen vil ha disposisjon på delar av arealet også på kveldstid.

Resten av tida skal disponerast av volleyball- og handballklubbane sjølv.

Entreprisemodell

Prosjektet gjennomførast som ei totalentreprise, der byggherre engasjerer berre éin kontraktspart for realisering av prosjekt.

Dette betyr at totalentreprenør har ansvar for både prosjekterande og utførande del. Som igjen inneber at totalentreprenør tek ansvar for alle fag i prosjektet, og har eigne kontraktar med underentreprenørar for fagområde som totalentreprenør ikkje dekkjer sjølv.

Alle tekniske rådgivarar, entreprenørar og leverandørar i prosjektet vil vere underlagt totalentreprenør, og ikkje gjennom byggherre. Byggherre har berre totalentreprenøren som sin oppdragstakar.

Kontrakt

Kontraktssummen for totalentreprenørens leveranse av kontraktsgjenstanden er på kr 183 000 000 eks. mva.

Kontraktsgjenstanden omfattar i dette tilfellet prosjektering og bygging av ferdig idrettshall, inklusiv all tilhøyrande kommunal infrastruktur og utomhusarbeid i tilknyting til bygget. 

Roller på byggeplass

Volda Campus Arena AS ved prosjektleiar KG Prosjekt AS følgjer opp byggherrerolla i samsvar med Byggherreforskrifta.

KG Prosjekt AS har igjen engasjert Per Mulvik AS til byggeleiing og dagleg praktisk oppfølging.

Volda kommune deltek også i byggherrerolla ved oppfølging, administrasjon, ansvar og er elles delaktig i avgjersler som takast i prosessen. Kommunen stiller med eigen intern prosjektleiar som følgjer heilskapleg prosjekt generelt, og oppfølging av alt utomhusarbeid spesielt.

Etter offentleg anbodskonkurranse vart Betonmast Røsand AS innstilt som totalentreprenør. Pr. i dag har Betonmast Røsand inngått avtalar med rådgivarar, entreprenørar og leverandørar oppstilt i tabell under.

Komplett liste med kontaktpersonar er lista opp under, og ligg også vedlagt nedst på denne sida.

TOTALENTREPRENØRENS PROSJEKTERINGSGRUPPE

FIRMA

RIB Plasstøypt betong- overordna bæresystem

Asplan Viak

RIB Stål - hovudbæresystem

Give Stålspær AS

RIB Konstruksjonssikkerheit, sekundært bærande delar stål

Pr. tid uavklart

RIB Prefabrikert betong

Spenncon AS

RIGeoteknikk

ERO GEO AS

RIAKU – Lyd - akustikk

SWECO Norge AS

RIByFy - Bygningsfysikk

SWECO Norge AS

RIBr - Brannprosjektering

SWECO Norge AS

RIVA – Utvendig VA

Asplan Viak AS

RIVeg – Offentleg vegareal

Asplan Viak AS

LARK

Asplan Viak AS

ITB Koordinator

Tussa Installasjon AS

TOTALENTREPRENØRENS UNDERENTREPRENØRAR/LEVERANDØRAR

FIRMA

Sanitær og varme

Brændes Rørleggerforretning AS

Tekniske fag - luftbehandling

Egset Ventilasjon AS

EL-installasjonar

Tussa Installasjon AS

Heis

Heisplan AS

Stålkonstruksjonar

Give Stålspær AS

Prefabrikerte betongelement

Spenncon AS

Sekundære vegg- og takelement

Pr. tid uavklart

Landmåling

Longvas Oppmåling AS

Grunnarbeid

Aurstad Tunnel AS

Rekkverk og trapper

Pr. tid uavklart

Takarbeid

Pr. tid uavklart

Glasfasade, ytterdører og vindu

Pr. tid uavklart

Malar og golvbelegg

Pr. tid uavklart

Lås og beslag

Pr. tid uavklart

Portar – leddheis

Pr. tid uavklart

Framdrift

Med unntak av grunnundersøkingar og seinare også prøvegraving, vart fyrste del av anbodet starta opp 08.07.

Fram til i dag har det vore fullt fokus på grunnarbeidet. Utomhusarbeid som infrastruktur og teknisk anlegg utgjer ein viktig og relativt stor del av prosjektet.

Det har vorte lagt ned nye avløpsleidningar frå Anders Vassbotnvegen og oppover mot Joplassvegen. Dette arbeidet skal grunnentreprenøren halde fram med utover hausten, og det skal gravast vass- og avløpsgrøfter heilt opp til gata Nytun ovanfor høgskulenområdet. 

Det har vore diverse utfordringar med kryssing av eksisterande teknisk anlegg i grunnen. M.a. ligg det høgspentkablar og vassleidningar, som dels har fordra utkopling ved nærføring.

For enkelte abonnentar i nærleiken har dette medført kortare nedstenging av vasstilførsel. Denne type nedstengingar vil også vere naudsynt ved enkelte høve seinare også.

Røyvde abonnentar skal varslast om dette på førehand, og vi praktiserer så kortvarige nedstengingar som overhovudet mogleg. 

Utlasting av byggegrop er også i gang for fullt og skal vere ferdig til 07.10. I denne perioden skal 30 000 m³ lastast ut og transporterast bort frå byggeplass.

All gråmasse tek kommunen imot på eige areal på Rotset, og kommunen vil gjenbruke denne massen til seinare behov og utbyggingsprosjekt.

Grunnentreprenør har også nettopp starta opp med å legge om bekken Djupegrova som i dag går gjennom tomta.

Då bekkeløpet kjem i konflikt med fotavtrykket til idrettshallen, og dessutan også regulert symjehall, skal den leggast om slik at den følgjer eigedomsgrensene mot nord og vest.

Elveløpet vert plastra med naturstein og det vert etablert gangveg langs bekken. 

Parallelt med oppstart grunnarbeid og dei fyrste deltiltaka på utomhus, har totalentreprenøren arbeidd vidare med detaljprosjektering for dei andre faga som kjem etter.

Det gjennomførast løpande prosjekteringsmøter og byggherremøter, og dei fleste detaljar i prosjektet må etter kvart låsast endeleg.

Betongarbeidet startar opp i månadsskiftet september-oktober med forskaling og førebuande arbeid til plasstøypte konstruksjonar.

Dei fyrste betongelementa vert levert i midten av november. Etter kvart som arbeidet med parkeringskjellaren og plan 1 ferdigstillast, vil arbeid med stålkonstruksjonane ta meir over.

Helse, miljø og trykkleik (HMS)

Både byggherre og totalentreprenør tek HMS på høgste alvor. Dette gjeld både for personar som arbeider inne på byggeplass og har anlegget som arbeidsplass, og sjølvsagt også for dei personar som oppheld seg utanfor byggeplass og er definert som publikum og 3. part.

Ein har eit medvit forhold til trafikkmønsteret i området og fokus på å få til eit smidig samspel mellom byggeaktivitet og dagleg logistikk.

Etter kvart vil Statsbygg også starte opp på mediabygget, så det er ingen tvil om at ein har eit utfordrande utgangspunkt med omsyn til å trafikkavvikling, både frå byggeplassane og frå dagleg aktivitet ved institusjonane i området. 

Entreprenør for mediabygget, PEAB Nordang, har fått godkjend søknad om å stenge Joplassvegen frå 10.10.2019.

Det kan hende at vegen vert stengd før, dersom dette viser seg særskild formålstenleg i eit HMS-perspektiv, og det reint praktisk ligg til rette for det.  Godkjend søknad på stenging av Joplassvegen ligg vedlagt nedst på denne sida.

Det vert etablert mellombels parkeringsplass og tilkomst frå aust, ved området mellom Sjukehusvegen og Ivar Aasen-bygget. Til då skal også forhåpentlegvis også alt gravearbeid på gangvegen langs E39 vere ferdigstilt.

Gravearbeidet ved gangvegen langs E39 har teke ein del lenger tid enn estimert av entreprenør, men dei arbeider på spreng for å få opna vegen til bruk for dei mjuke trafikkantane igjen.

Det har vore ein del heft og plunder med diverse eksisterande kablar og VA-leidningar i grunnen. Vi er no forhåpentlegvis forbi det mest kompliserte strekket.

Krysset mellom Joplassvegen og E39 har gangvegar på begge sider, og vi oppmodar sterkt mjuke trafikantar om særskild høg grad av varsemd i dette krysset.

Det går her skytteltrafikk med lastebilar ut og inn av Joplassvegen i samband med utlasting av byggegrop. Som ekstra tiltak vert det sett opp grindbøyle i krysset, som forhåpentlegvis har den effekt at brukarar av gangvegen, og særskild syklistane som kjem i unnabakken frå rundkøyringa i aust, slakkar på farta før krysset.

Vi minner også om at det ikkje er gangfelt i krysset, og ber innstendig om at publikum er medvit dette.

I samband med borttransport av masse frå tomta, er det diverre ikkje til å unngå at lastebilane vil drage med seg ein del støv ut på E39.

Entreprenør innarbeider gode rutiner på å handtere dette ved feiing og reingjering av vegen, men framleis slik at eit det ikkje vil vere mogleg å til ei kvar tid ha ein fullt ut strøken veg.

Sjølve feiinga vil også virvle opp sand og støv. Ein søkjer å gjere det beste ein kan for å oppnå optimal situasjon, men vi ber samstundes om forståing for dei utfordringar som er med dette.

Trøysta er at massetransporten vil vere mellombels og i ei kortare avgrensa periode. Det meste av utlastinga skal vere ferdig til oktober, og etter dette vil transporten avta og situasjonen betre seg.

Varsling og kommunikasjon

Totalentreprenør har ansvar for varsling og naudsynt kommunikasjon ut til publikum og ev. røyvd 3. part i dagleg drift i og ved anleggsområdet.

Betonmast Røsand har så langt hatt suksessiv dialog med naboar til byggeplass, både ved munnleg og ved skriftleg kommunikasjon.

Vi føreset at dette held fram utover byggeperioden. Førespurnader om anlegget skal i utgangspunktet rettast til totalentreprenør v/Svein Arne Strand, byggherre v/Arild Bakke eller prosjektleiar i kommunen v/ Pål-Are Vadstein.

Etter kvart vil også PEAB etablere rigg og starte bygging av mediabygget. Vi føreset at PEAB og Statsbygg ivaretek naudsynt varsling og kommunikasjon som omhandlar deira prosjekt.

 

Bilete frå prosjektet

 

Relevante dokument om Volda Campus Arena
Tittel Publisert Type
Aktørliste i prosjekt med kontaktinformasjon

22.08.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kopi av Adresseliste-VCA.pdf
Fasadeteikning frå forprosjekt

22.08.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned A - Opsjon 1 - Fasader Farge.pdf
Logistikkplan for mjuke trafikkantar

22.08.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Flyfoto.pdf
Situasjonsplan for byggeplassar

22.08.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Situasjonsplan HVO VCA (L)(11337).pdf

 

Kontakt

Pål Are Vadstein
ingeniør bygg og anlegg - prosjektleiar
E-post
Mobil 907 15 765