Volda kommune blir testkommune for Fritidskortet

Klikk for stort bileteUngdomsrådet fekk orientering om Fritidskortet av prosjektleiar Nina Kvalen, spesialrådgjevar i administrasjonsstaben. Ho understreka at det er viktig å få med barn og unge i den vidare prosessen.

Alle barn og unge skal kunne delta på fritidsaktivitetar med vennane sine, uavhengig av kor mykje foreldra tener!

Det er nyleg valt ut 11 nye kommunar som skal få delta i forsøket frå hausten 2021, der Volda er ein av dei.  

Bakgrunnen for fritidskortet

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å utgreie og prøve ut ei nasjonal fritidskortordning. Ei fritidskortordning skal bidra til å dekke utgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar for barn i alderen 6–18 år. Målet er at fleire barn og unge skal få moglegheit til å delta i faste, organiserte fritidsaktivitetar. Barn skal sjølv kunne velje kva faste, organiserte aktivitetar dei ønsker å bruke midlane på. I ordninga står samarbeid mellom kommune og frivillig sektor sentralt. Nasjonalt er det Bufdir som har ansvar for å utgreie og prøve ut ei nasjonal fritidskortordning, inkludert å utvikle ei digital løysing. Bufdir har også vore sekretariat for det nasjonale ungdomspanelet som skal bidra til ungdomsmedverking i vurderinga av ei nasjonal ordning.

Regjeringa har også satt ned eit ungdomspanel for fritidskortet for å få innspel frå barn og unge. 

Fritidskortet i Volda

I Volda vil Fritidskortet utgjere 1000 kroner pr. barn pr. halvår, og hausten 2021 og våren 2022 vil 1554 barn og unge i alderen 6-18 år kunne nytte sitt digitalt fritidskort til å betale for fritidsaktivitetar via ein digital plattform. Ordninga er universell og gjeld alle barn og unge mellom 6 og 18 år.

Kommunen arbeider med å skaffe lokale midlar til Fritidskortet, i lokalt nærings- og organisasjonsliv. Hittil har vi fått støtte til Fritidskortet i Volda frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Ekornes møbel, Grodås cup, Fotballgruppa i Hornindal og Volda kommune. Den lokale tilleggsfinansieringa skal også gå inn i Fritidskortet og fordelast på barn i målgruppa, t.d. ved å heve beløpet i Fritidskortet for utvalde grupper.

Pengane i Fritidskortet er øyremerka fritidsaktivitetar for målgruppa og skal bidra til å dekke deltakaravgift til faste, jamlege, organiserte aktivitetar som gir moglegheit for tilhøyrsle over tid. 

Nina Kvalen fortel at ho veit at det ofte kostar meir enn deltakaravgift å vere med på organiserte aktivitetar som t.d. transport til og frå og utstyr. Fritidskortet skal difor sjåast i samanheng med andre tiltak i kommunen for å fremje auka inkludering og deltaking, som t.d. BUA/utlåns-sentralane i Volda og Hornindal. I prosjektarbeidet ynskjer kommunen å finne gode løysingar med å tilretteleggje for transport i samarbeid med barn og unge og deira nærmiljø, samt lag og organisasjonar som organiserer aktivitetane.

For sikre at flest mogeleg vil nytte seg av Fritidskortet er det viktig at fritidskortordninga blir godt kjend blant barn og unge, føresette og aktivitetstilbydarar, og vi vil m.a. samarbeide med ungdomsrådet, ungdomsklubb/fritidsklubb, skular, helsestasjon, Nav, barnevern, Volda læringssenter, lag og organisasjonar og aktivitetstilbydarar om dette. Ungdomsrådet vil vere ein særleg viktig bidragsytar for å nå ut med informasjon til ungdomsgruppa. 

Prosjektgruppa er i tillegg til prosjektleiar samansett av frivilligsentralane i Volda og Hornindal, folkehelsekoordinator og andre tilsette som vil ha ein sentral rolle med å få på plass ein digital plattform for forvaltning av Fritidskortet i Volda kommune.

Her kan du lese meir om Fritidskortet på Bufdir sine sider.

 

Her kan du lese ein flott artikkel i Nærnett om Fritidskortet