Volda kommune har fått nytt personvernombod

personvernombod - Klikk for stort bileteVolda kommune har gjort avtale med IKA Møre og Romsdal om personvernombodsteneste. Nytt personvernombod i kommunen er Karen Vanessa Sundgot Gurskevik.

Personvernombodet har til oppgåve å gi råd til kommunen om korleis personvernlovgivinga best mogeleg skal takast i vare, samt vere med på å kontrollere at kommunen følgjer opp pliktene sine etter personvernlovgivinga. Innbyggjarane kan ta kontakt med kommunen sitt personvernombod på e-post eller telefon.

Karen Vanessa Sundgot Gurskevik: karen.gurskevik@ikamr.no, tlf. 920 76 580. Du kan lese meir om oppgåvene til personvernombodet på datatilsynet sine nettsider.

Har du spørsmål om korleis kommunen handsamar personopplysningar om deg, kan du lese personvernerklæringa til kommunen, eller ta kontakt med kommunen sin personvernrådgjevar Sonja Håvik på e-post sonja.havik@volda.kommune.no , tlf 928 89 326.