Volda kommune set inn ekstra ressursar for multidosekontroll

Klikk for stort bilete For å sikre at Volda kommune leverer ut rett medikament i multidosene til våre pasientar, brukar kommunen no ekstra ressursar for å gå gjennom og sjekke desse slik at utlevert medikament frå heimetenestene stemmer.

Gjennom media er det gjort kjent at Volda kommune er med i ei stor anskaffing av legemiddel til helse- og omsorgstenestene. 

Volda kommune samarbeider med innkjøpsavdelinga i Ålesund kommune, som har gått saman med Stavanger kommune i sin anbodsprosess på leveranse av legemiddel. I alt er det over 70 kommunar som er med på anskaffinga. 

Anskaffinga gjeld legemiddel til heimetenestene og sjukeheim og Norsk Medisinal Depot (NMD) var vinnar av konkurransen.

Det viser seg at NMD har hatt leveranseproblem av ulike medikament og det har vore avdekka feil i leveransen på nokre multidoser (ferdigpakka medikament levert i små posar) frå dei. 

Volda kommune set no inn ekstra ressursar for å gå gjennom og kontrollere at medikamenta i multidosene som vert utlevert frå heimetenestene stemmer.

Når det gjeld svikt i forsyning av nokre legemiddel, vert ulike løysingar fortløpande vurdert. 

Overfor leverandør har kommunane lagt hardt press på NMD, med kort frist til å rette på dei leveringsvanskane som er avdekt. 

Ressursgruppa for anskaffingsprosessen vurderer fortløpande tiltak overfor leverandøren dersom tiltaka leverandøren har satt i verk ikkje har ønska eller rask nok effekt.