Volda vassverk - spyling av leidningsnett

Klikk for stort bileteVolda vassverk har begynt spyling av trykksoner på ledningsnettet.

Sone Porsemyra
Sona har utgangspunkt ved reduksjonshus i Porsemyra, og omfattar Storgata, Snarvegen, Porsemyra aust mot Rotset. Rotset og Andanesvegen. Sentrum, i vest mot ende på Strand. I nord Ottamarka mot Porsemyra.
Oppstart på denne sona blir torsdag 7 nov.
Arbeidet vil pågå mellom klokka 08.00-15.30 på kvardagar. 
Det vert teke veratterhald.
Spylinga i denne sona vil nok pågå i 3 veker (7. nov - 29. nov). Volda kommune brukar varsling 24 og sender ut melding til dei abonnentane som blir berørte, dagen før spyling skjer.
Dagen de har fått melding om spyling, bør de unngå å bruke vaskemaskin og å bruke varmt vatn mellom kl. 08.00 - 15.30.
Vatnet kan bli noko misfarga den dagen me spyler. Om vatnet ikkje vert reint etter 15.30, opne då kaldtvasskrana og lat det renne til det blir reint.
 


Mvh
Volda Vassverk
Mob. 901 78 008