Innovasjonsprisen

Delta i Volda kommunes Innovasjospris. - Klikk for stort bilete

Kommunestyret vedtok i 2014 at det skulle etablerast ein innovasjonspris internt i organisasjonen i Volda kommune. Frist for å levere inn søknad er 1. november 2017.

Om du har ein ide om noko som kan vere med på å spare ressursar, effektivisere og fornye arbeidsplassen din så kan du og avdelinga di vere med på å konkurrere om å vinne store premiar. 

Alle tilsette i Volda kommune kan kome med sitt bidrag til Innovasjonsprisen 2017. Målet er å leggje til rette for ein kultur der det er takhøgde for å tenke nytt, prøve og feile.

Ein jury beståande av fem personar skal kåre ein vinnar og prisen vert delt ut av ordføraren i kommunestyrmøtet i desember 2017. 

Innovasjonsprisprosjektet skal meldast inn via skjema som du finn i høgremargen (nedst om du les på mobil). Utfylt skjema skal sendast til servicekontoret innan 1. november 2017.

Hugs også å delta på Innovasjonsdagen 30. august 2017! Her kan du få inspirasjon til prosjektet ditt, og betre sjansane for å vinne prisen. Les meir om programmet i innovasjonsplakaten i margen til høgre, og klikk her for påmeldingsskjema til innovasjonsdagen.

Sist endra 19.06.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering