Politisk organisering

Lokaldemokratiet gir innbyggjarane høve til sjølv å velje dei lokale og regionale leiarane sine og gjennom det påverke den lokale samfunnsutviklinga meir direkte.

Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Volda kommune er 8 politiske parti representert i kommunestyret som har 27 medlemmar. Kommunestyret treff vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegasjonsvedtak (kommuneloven § 6). Kommunestyret har møte omlag 11 gonger i året. Du finn politisk møteplan, og oversikt over sakslister og protokoller til venstre på denne sida, i tillegg til reglement og skjema for reiserekning og tapt arbeidsforteneste.

Jørgen Amdam frå Ap er ordførar i inneverande periode, 2015 - 2019.

Formannskapet består av 9 medlemmar frå kommunestyret. Formannskapet utføre dei oppgåvene som er pålagde ved lov, og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/gitt formannskapet fullmakt til å avgjera.

Forvaltningsutvalet har 9 medlemer. Tenesteutval for helse og omsorg og Tenesteutval for oppvekst og kultur har 7 medlemer kvar. Utvala arbeider med sine respektive arbeidsområde innan den kommunale verksemda. I tillegg har Volda kommune også Eldreråd, Råd for likestilling av menneske med nedsett funksjonsevne, samt Ungdomsråd.

Under Møte, sakslister og protokollar, finn du informasjon om møtedato med tilhøyrande møtedokument og kven som sit i styret, rådet eller utvalet.

Rådmannen skal sjå til at dei sakene som vert lagde fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidde, og at vedtak vert sett i verk.

 

 

Sist endra 03.09.2018
Fann du det du leita etter?
Teneste
Login for redigering