Barnehage, skule og SFO

I møte i kriseleiinga 27.05.21, er det bestemt at barnehagar, grunnskular, SFO og kulturskulen går til grønt nivå, tidlegast 28.05 og seinast 07.06.

Regjeringa gir melding om at kommunar med lite smitte sjølve kan bestemme om dei skal gå over på grønt nivå i trafikklysmodellen for barnehagar og skular. Grønt nivå vil gje ein meir normal barnehage- og skulekvardag.

Føresetnaden er at kommunen har lite smitte over tid, god testkapasitet og kontinuerlig oversikt over talet på smittetilfelle. Kommuneoverlegen vurderer at desse føresetnadene er tilstades i Volda kommune.

Grønt nivå tyder fortsatt smitteverntiltak. Det mest synlege vil vere at kohortar utgår, og barn og elevar kan vere saman på tvers av avdelingar, klasser og steg. 

Det er understreka at barn og unge ikkje bør vere pålagt unødig strenge restriksjonar.

Styrarar, rektorar, arbeidstakarorganisasjonane og hovudverneombodet er høyrde i saka. Det er ikkje eintydige tilbakemeldingar. Nokre argumenterer for overgang til grønt nivå, medan andre uttrykker skepsis til å opne opp.

Bakgrunn for vurderinga om å gå til grønt nivå

Kommunalsjef oppvekst har teke omsyn til innspela, men har lagt avgjerande vekt på omsynet til barnet sitt beste når kriseleiinga har fått råd om å gå til grønt nivå i barnehagar og skular.

Overgangen til grønt nivå skjer tidlegast frå fredag 28.05 og seinast måndag 7. juni. Det skal gje tid til å informere barn/elevar, tilsette og føresette om overgang til grønt nivå og kva det inneber. Det er også ein føresetnad at einingane har beredskapsplan for raskt å kunne gå til gult eller raudt nivå.

Vidaregåande skule vil mest truleg halde fram på gult nivå.  

Vaksenopplæring og norskopplæring held fram på gult nivå slik vidaregåande skule truleg også vil gjere.

Trafikklysmodellen

Grønt nivå barnehage:

  • Ingen sjuke skal møte i barnehage
  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom tilsette (handhelsing og klemming)
  • Vanlig organisering av avdelingar
  • Planlegg for normal barnehagekvardag

Grønt nivå barneskule:

  • Ingen sjuke skal møte på skulen
  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
  • Vanlig organisering av skuleklasser og skulekvardag

Grønt nivå ungdomsskule:

  • Ingen sjuke skal møte på skulen
  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
  • Vanlig organisering av skuleklasser og skulekvardag

Her kan du lese meir om Trafikklysmodellen.

 

Skule, barnehage, leik og fritid

Når må barna halde seg heime, og kor mange kan dei leike med no? Spørsmåla kan vere mange, i lenkene under finn råd til foreldre om leik, fritid, skule og barnehage.