Eigenberedskap

Eigenberedskap

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap Har du alt du treng for å klare deg tre dagar i heimen? Her er nokre tips til kva DSB meiner du bør ha i ditt private lager.

Alle skal ha sitt eige beredskapslager

Ved uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mister til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer.

Når samfunnet blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst.

På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Alle husstandar i Noreg kan gjere nokre små, enkle grep for å betre sin eigen beredskap.

Til dømes kan du ha følgjande i ditt private beredskapslager:

  • 9 liter vatn per person
  • To pakker knekkebrød per person
  • En pakke havregryn per person
  • Tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • Tre boksar pålegg med lang haldbarheit per person
  • Nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • Medisinar du er avhengig av
  • Ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming
  • Grill eller kokeapparat som går på gass
  • Stearinlys, lommelykt med batteri, parafinlampe
  • Fyrstikker eller lighter
  • Varme klede, pledd og sovepose
  • Førstehjelpspakke
  • Batteridriven DAB-radio
  • Batteri, batteribank og mobilladar til bilen
  • Våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • Tørke-/toalettpapir
  • Litt kontantar
  • Ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging
  • Jod-tablettar ved atomhendingar

Kjelde: Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap