Kriseleiinga i Volda kommune

Kriseleiinga i Volda kommune

I krisesituasjonar møtest Volda kommune si kriseleiing for å planleggje og iverksetje tiltak for innbyggjarane si sikkerheit.

Kriseleiinga har det operative ansvaret i ein krisesituasjon. Denne leiinga møtest 1-2 gonger i året for å gå gjennom og kvalitetssikre gjeldande beredskapsplan i Volda kommune. 

Etter gjeldande plan sit følgjande funksjonar i kriseleiinga:

  • Kommunedirektør, leiar 
  • Ordførar 
  • Kommunalsjef samfunnsutvikling
  • Brannsjef
  • Kommunalsjef helse og omsorg
  • Kommuneoverlege
  • Beredskapskonsulent
  • Informasjonskonsulent
  • Lensmann (eller utpeikt person i politiet)
  • IKT-leiar

I tillegg til kriseleiinga er heile beredskapsrådet komplettert av følgjande funksjonar:

  • Leiar for beredskapssekretariatet 
  • Leiar kriseomsorgsgruppa
  • Økonomisjef
  • Kommunalsjef oppvekst
  • Landbrukssjef
  • HV-områdesjef
  • Leiar for sivilforsvaret
  • Tussa Kraft AS v/beredskapskoordinator 
  • Leiar ambulansetenesta
  • Kontaktperson Vegvesenet
  • Soknepresten
  • NAV-leiar
  • Representant frå Volda Røde Kors

Når Statsforvaltaren sender ut varsling, eller når den kriseleiinga sjølv finn grunn til det, kan ordførar/kommunediretør kalle inn resten av beredskapsrådet for å eventuelt setje i gang nødvendige sikkerheitstiltak.

Kontakt

Sølvi Dimmen
ordførar
E-post
Mobil 99 62 78 76
PPT
Sonja Håvik
rådgjevar
E-post
Telefon 70 05 88 82
Mobil 92 88 93 26
Rune Sjurgard
kommunedirektør
E-post
Mobil 90 05 37 52