Kriseleiinga i Volda kommune

I krisesituasjonar møtest Volda kommune si kriseleiing for å planleggje og iverksetje tiltak for innbyggjarane si sikkerheit.

Kriseleiinga har det operative ansvaret i ein krisesituasjon. Denne leiinga møtest 1-2 gonger i året for å gå gjennom og kvalitetssikre gjeldande beredskapsplan i Volda kommune. 

Etter gjeldande plan sit følgjande funksjonar i kriseleiinga:

  • Ordførar (leiar)

  • Rådmann

  • Teknisk sjef

  • Brannsjef

  • Helse – og omsorgssjef

  • Kommuneoverlege

  • Beredskapskonsulent

  • Lensmann (eller den han utpeikar)

  • IKT-leiar

I tillegg til kriseleiinga er heile beredskapsrådet komplettert av følgjande funksjonar:

  • Leiar for beredskapssekretariatet 
  • Leiar kriseomsorgsgruppa
  • Økonomisjef
  • Oppvekstsjef
  • Landbrukssjef
  • HV-områdesjef
  • Leiar for sivilforsvaret
  • Tussa Kraft AS v/beredskapskoordinator 
  • Leiar ambulansetenesta
  • Kontaktperson Vegvesenet
  • Soknepresten
  • NAV-leiar
  • Representant frå Volda Røde Kors

Når Fylkesmannen sender ut varsling, eller når den kriseleiinga sjølv finn grunn til det, kan ordførar/rådmann kalle inn resten av beredskapsrådet for å eventuelt setje i gang nødvendige sikkerheitstiltak.

Kontakt

Jørgen Amdam
Ordførar
E-post
Telefon 954 63 942
Mobil 954 63 942
Asbjørn Moltudal
assisterande rådmann
E-post
Mobil 975 15 225