Ditt eige beredskapslager

Klikk for stort bilete Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap Har du alt du treng for å klare deg tre dagar i heimen? Her er nokre tips til kva DSB meiner du bør ha i ditt private lager.

Ved uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mister til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer.

Når samfunnet blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst.

På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Alle husstandar i Noreg kan gjere nokre små, enkle grep for å betre sin eigen beredskap.

Til dømes kan du ha følgjande i ditt private beredskapslager:

  • 9 liter vatn per person
  • To pakker knekkebrød per person
  • En pakke havregryn per person
  • Tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • Tre boksar pålegg med lang haldbarheit per person
  • Nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • Medisinar du er avhengig av
  • Ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming
  • Grill eller kokeapparat som går på gass
  • Stearinlys, lommelykt med batteri, parafinlampe
  • Fyrstikker eller lighter
  • Varme klede, pledd og sovepose
  • Førstehjelpspakke
  • Batteridriven DAB-radio
  • Batteri, batteribank og mobilladar til bilen
  • Våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • Tørke-/toalettpapir
  • Litt kontantar
  • Ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging
  • Jod-tablettar ved atomhendingar

Kjelde: Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap