Informasjon til tilsette vedrørande  COVID-19


Sist oppdatert: 7. mai 2021 - Første gang publisert - 1. april 2020

Heimekontor for alle der det er praktisk mogleg

Det er nasjonal anbefaling om at alle som reint praktisk kan ha heimekontor skal ha det. F.o.m. 16 april er det ikkje lenger forskriftsfesta, men ei nasjonal anbefaling. 

 

Lokal forskrift i kommunane Ålesund, Sula og Giske 26.04.21

Ålesund, Sula og Giske kommunar har innført lokale forskriftsfesta tiltak som vart sett i verk midnatt 26.04.21 og vil vare t.o.m. 09.05.21. 

For dei som bur i Ålesund, Sula og Giske kommunar er det påbod om heimekontor. Vi oppmodar alle som bur i desse kommunane, og jobbar i Volda kommune, om å ha heimekontor dersom det er praktisk mogleg. Dette gjeld også for dei som bur i Volda og arbeider i Ålesund.

Hald avstand til kvarandre gjennom heile arbeidsdagen.

For å unngå at eit smittetilfelle fører til at mange må i karantene, må alle redusere tal på sine nærkontaktar. Om vi er mindre enn 2 meter frå kvarandre i meir enn 15 minutt, blir vi definert som nærkontakt. Dette gjeld sjølvsagt ikkje for born, elevar, pasientar og andre vi yte tenester til. Og det er ikkje alle tider det er mogleg for kollegaer heller. Men vi må alle etterstrebe det.

Retningslinjer for interkommunale møter

Hovudtilrådinga er at det framleis vert gjennomført digitale møter. Dersom dette ikkje er formålstenleg, kan ein møtast i lokale der ein kan halde god avstand (1 meter) og har fokus på smittevern og elles følgje dei nasjonale reglane og anbefalingane. Dersom tilsette ynskjer å møte fysisk, skal dette framleis avklarast med leiar. 

Møter bør avviklast digitalt

For å kunne halde smittevernreglane, bør planlagde og framtidige møter så langt som råd avviklast digitalt. Om ein  vurdera det som forsvarleg å avvikle eit fysisk møte, er det eit krav at smittevern skal haldast, og alle deltakarane skal halde minimum 1 meter avstand til kvarandre. Det er den som kallar inn til møtet som er ansvarleg for at smittevernreglane vert heldt.

1. Generelle smitteverntiltak 

Vi oppmodar alle tilsette om å fylgje dei grunnleggjande råda for å unngå å verte smitta sjølv og unngå å smitte andre: unngå unødige reiser innlands, reiser til land som ikkje er tilrådd, hald fysisk avstand til andre, vask hendene ofte og bli heime om du er sjuk.

Alle avdelingar skal legge til rette for at tilsette, brukarar og pasientar skal kunne etterleve gjeldande smittevernrestriksjonar for ulike hygienetiltak. Tilsette er pålagt å følgje gjeldande smitterestriksjonar i sitt arbeid. Om du lurer på kva som gjeld i di avdeling, ta kontakt med næraste leiar.

2. Reiser   

Tenestereiser 

Vi skal berre reise på heilt nødvendige tenestereiser.

  • Tilsette kan reise på nødvendige møter der smittevern blir ivareteke. Leiar skal vere informert.
  • Alle reiser skal klarerast av leiar i tilfelle det krev særskilte vurderingar eller tiltak. Avgjerast av avdelingsleiar/rektor/styrar.

Private reiser  

Innanlands:
Volda kommune oppmodar alle sine tilsette om følgje råda til myndigheitene

Det er for tida utbrot av muterte covid-19 variantar i samfunnet og det er difor stramma inn på råda om fritidsreiser. Det er oppmoda om å unngå resiser som ikkje er nødvendinge innlands. Reiser inn til Noreg frå utlandet krev karantene og det er krav om å ta koronatest. På helsenorge.no finn du alt om desse reglane

Utanlands:

Volda kommune følger dei nasjonale råda:

Hald deg oppdatert på FHI sine sider då informasjonen og rutinane stadig vert endra:

https://www.helsenorge.no/koronavirus/rad-regler-unntak-vaksinerte/

Det er nye reglar for dei som er vaksinert: https://www.fhi.no/nyheter/2021/lettelser-i-karantene-for-vaksinerte/

3. Informasjon til arbeidsgivar  

Tilsette som har vore i smitteutsett område skal opplyse arbeidsgivar om det. 
Helsepersonell må i tillegg opplyse arbeidsgjevar om planlagde reiser.

4. Ferie 

Hovudregel:  

Fastsatt og avtalt ferie, avspasering, permisjonar og seniorfri skal avviklast som planlagt.  

Unnatak: 
Arbeidsgivars behov kan i særlege tilfelle opne for individuell vurdering. Dette avgjerast av kommunalsjef.

Godkjent ferie kan inndragast som følgje av uforutsette hendingar, jf. ferieloven § 6 tredje ledd. Arbeidsgivar skal drøfte ei eventuell endring av ferie. Vilkåra for at arbeidsgivar kan endre allereie fastsatt ferie er strenge, og det må foretas ei konkret vurdering av om vilkåra er oppfylt.   

Ferie, avspasering og annen fri for kritisk helsepersonell i helse – og omsorgssektoren, kan inndragast ved behov jf. helsepersonelloven § 3. jf. § 48. Det skal likevel gjennomførast individuelle drøftingar og vurderingar. 

Arbeidstakar kan krevje erstatning for dokumenterte meirutgifter som følger av en omlegging av ferien.  

Ferie:
Hovudferien skal så framt anna informasjon ikkje blir gitt,  planleggast og gjennomførast som normalt.

5. Kurs, konferansar, møter, samlingar

 

Nødvendige fysiske møter kan gjennomførast, så lenge ein greier å halde seg til råda for fysisk kontakt. Det skal vere god avstand mellom kvar deltakar og ein bør ikkje vere for mange i møterommet. Volda kommune rår til at ein gjennomfører møter via nettet.

Vi skal fortsatt vere forsiktige med tenestereiser.

  • Tilsette kan reise på møter og samlingar der smittevern blir ivareteken innan dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Leiar skal vere informert.
  • Alle reiser i resten av Sunnmøre/fylket, skal klarerast av leiar i tilfelle det krev særskilte vurderingar eller tiltak. Avgjerast av avdelingsleiar/rektor/styrar.
  • Reiser utanom Sunnmøre/fylket skal på generelt grunnlag ikkje gjennomførast, med unnatak av særskilte tilfelle. Avgjerast av kommunalsjef.

6. Innmelding av helsefaglig kompetanse  

Tilsette med helsefaglig kompetanse, som ikkje arbeider i helsetenesta, blir på det sterkaste bedt om å melde inn sin kompetanse. Dette gjerast på nettbasert skjema på Volda kommune sin skjemaportal.

Politiattest: 

Etter helse - og omsorgstenestelova § 5-4 er det krav til framlegging av politiattest for dei som får oppdrag i helse - og omsorgstenestene. Den enkelte må sjølv sende søknad om politiattest og sikre seg digital postkasse: https://www.norge.no/nb/velg-digital-postkasse . 

Politiet prioriterer disse søknadene og det må påreknast saksbehandlingstid på inntil to-tre dagar. 

7. Omdisponering av tilsette 

Arbeidsgivars styringsrett er utvida i ekstraordinære situasjonar. 

Tilsett med helsefaglig kompetanse må pårekne på kort varsel å bli midlertidig omplassert. 

Men også øvrige tilsette i kommunen må pårekne på kort varsel å bli midlertidig omplassert for å ivareta kritisk tenesteproduksjon.

Det er viktig at tilsette som blir vurdert som tilgjengeleg for omdisponering eller som registrerar seg med helsefagleg kompetanse, kan stille opp på kort varsel, at dei ikkje er hindra av at dei må vere heime med med barn, og at dei sjølv ikkje har helseplager eller tilhøyrer risikogruppa.  

 

8. Endring av arbeidstid, overtid, meirarbeid m.a

På grunn av koronaepidemien har partane inngått ein sentral avtale om utvida moglegheit til å endre avtalt arbeidstid og utvide rammane for overtidsarbeid – sjå Avtalen

Partane er tydelege på at det er viktig at arbeidsgivar og tillitsvalde lokalt har gode og opne prosessar rundt dette.

Volda kommune har jamleg dialog med dei hovudtillitsvalde, og alle tilsette som blir omdisponert, blir pålagt overtid eller får endra arbeidstid eller arbeidsplan som følgje av den krisesituasjonen vi er i, skal vere trygge på at gjeldande lov- og avtaleverk blir fylgt.

Utbetaling av slike tillegg:
Dei tilsette som følgje av dette har rett på tillegg på løn, vil få dette etterbetalt på lønskøyring månaden etter at personalavdelinga har motteke informasjon/dokumentasjon.

Helsepersonell 

Arbeidsgivar kan pålegge helsepersonell å bli i teneste ut over ordinær arbeidstid, jf. helseberedskapsloven § 4-1 (1), 1. punktum og Kongelig resolusjon av 06.03.2020. Dette beredskapstiltaket gjelder (foreløpig) og inntil 30 dager fra nevnte dato.  

9. Testing og fråvær i høve coronavirus

Kommuneoverlegen ynskjer at alle som kjenner på symptom som forkjøling, feber eller luftvegsinfeksjon tek koronatest. 

Du kan også ta kontakt med Volda legesenter: tlf. 70 05 89 00 - På kveld tlf: 116 117

Når skal du ikkje møte på jobb?

Folkehelseinstituttet skriv at alle som er sjuke skal halde seg heime. Om du har symptom på luftvegsinfeksjon med hoste, feber, eller blir kortpusta eller blir forkjølt, skal du halde deg heime etter dialog med nærmaste leiar. 

Du kan ikkje la ver å møte på jobb fordi du er redd for å bli smitta. Ta kontakt med din næraste leiar, tillitsvalde, verneombodet eller andre om du skulle vere redd for det. 

10. Sjukepengar, sjukmelding, eigenmelding og karantene  

Eigenmelding
Arbeidstakar som fyl myndigheitenes karantenekrav, kan nytte seg av eigenmelding etter ordinære reglar (inntil 8 dagar i arbeidsgjevarperioda).

Tilsette har høve til å nytte 24 dagar eigenmelding i løpet av eit år. 

Når du er tilbake frå jobb skal du dokumentere fråværet ditt på eigenmeldingsskjema. 

Du treng ikkje kontakte lege dersom du ikkje har symptom, sjølv om du er i karantene. Då kan du bruke eigenmelding i inntil 8 dagar. Det er berre om du har symptom eller har vore i område med vedvarande smitte at du skal kontakte lege.  

For tilsette som kan utføre arbeidsoppgåver som fjernarbeid (heimekontor) anbefalast dette som ei løysing mens den tilsette er i karantene. Lønn blir utbetalt på ordinert vis. 

Arbeidstakar som har, eller etter ei faglig vurdering blir vurdert til å ha, ein smittsam sjukdom, jf. smittevernlova § 1-3 nr. 2, har rett til sjukepengar etter folketrygdloven § 8-4 første ledd. Dersom legen etter ei faglig forsvarlig vurdering kjem til at personen må påreknast å vere berar av ein slik  sjukdom, og det er viktig at personen ikkje arbeider for å hindre spreiing av smitte, skal det vere godkjent som grunnlag for sjukepengar. 

Tilsette som på eige initiativ vel å halde seg heime, og som ikkje sjølv er smitta eller vurdert å vere smitta av koronaviruset etter vurdering frå lege, har ikkje rett til sjukepengar.  

11. Bruk av omsorgsdagar ved stengt barnehage og skule    

Ved stenging av barnehage eller skule vil du ha rett til omsorgspengar. Nye reglar gjer at alle går tilbake til vanlig tal dagar og startar på nytt med desse frå 01.07.2020. Dette gjeld uavhengig av om du har brukt omsorgsdagar tidlegare i år eller ikkje.

  • Når ein har eit eller to barn som er 12 år eller yngre, får ein 10 omsorgsdagar kvar i perioda 01.07.2020 – 31.12.2020.
  • Når ein har tre barn eller fleire som er 12 år eller yngre, får ein 15 omsorgsdagar kvar i i perioda 01.07.2020 – 31.12.2020.
  • Einslege forsørgjarar og foreldre til kronisk sjuke barn har eit utvida tal dagar med omsorgspengar. 

Dei 10 første dagane blir dekt av Volda kommune, og kommunen kan søke NAV om refusjon for resten. Den tilsette får løn som vanleg alle dagane.  

Når du er tilbake frå jobb skal du dokumentere fråveret ditt på eigenmeldingsskjema. Du skal krysse av for «barnepassar sjuk».  

 

12. Redusert opningstid i barnehagen og SFO

Vi forheld oss til dei ordinære reglane også i denne situasjonen:

Dei tilsette som har fleksitid kan velje å kome seinare/gå tidlegare og arbeide dette inn igjen, eller bruke opptent tid til avspasering.

Om ein ikkje har fleksitid eller ikkje ønskjer å nytte denne, kan ein samle opp timane og legge inn omsorgsdagar. Ein skal då nytte skjema for eigenmelding merka Korona, og krysse av for «Barnapassar sjuk».

15. Heimekontor

I tråd med nasjonale anbefalingar gjeldande frå 16.04.21 skal tilsette ha heimekontor der det er praktisk mogleg.

Det er utarbeidd smittevernreglar for rådhuset, samt sett opp informasjon rundt omkring i rådhuset. Personalsjefen har også sendt ut eigen informasjon om dette. Tilsette i risikogruppe kan ha behov for å arbeide heimanfrå, og må avtale dette med sin leiar.

Her er informasjonsskriv for tilsette med barn og/eller heimekontor, 16.03.20