Fugleinfluensa - kva skal du gjere om du oppdagar døde fuglar?

Fugleinfluensa - kva skal du gjere om du oppdagar døde fuglar?

Illustrasjonsbilete av ender  - Klikk for stort bilete Volda kommune

Risiko for overføring av smitte frå fugl til menneske er vurdert til svært låg, men vi bør likevel følge nokre enkle råd for å førebygge smitte. 

Om du oppdagar døde eller sjuke fuglar og andre dyr, og mistenker fugleinfluensa skal du melde frå til Mattilsynet. Mattilsynet har mange tiltak som kan vere med på å førebygge smittespreiing. Dette kan du lese meir om på Mattilsynet sine sider. 

Bird flu on wild birds in Norway (mattilsynet.no)

Ta kontakt med Mattilsynet om du finn død fugl av følgande artar:

  • andefuglar (ender, gås og svaner)
  • havsuler
  • måkefuglar
  • vadarar
  • rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
  • åtseletarar (kråkefuglar)
  • småfugl (berre ved mange døde fuglar på eit lite område)

Send e-post til: innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no

Les meir om varsling til Mattilsynet på mattilsynet.no

Kan fuglar smitte menneske?

Folkehelseinstituttet vurderar smitterisiko til menneske som svært låg, men som eit føre-var-prinsipp anbefaler dei nokre forholdsreglar. 

Det finnes mange ulike influensavirus blant fuglar, virusa kan endre seg rakt og kunnskapen om desse er begrensa. Difor anbefaler Folkehelseinstituttet nokre enkel råd for å førebygge smitte.

Råd for å førebygge smitte

  • Ikkje ta på sjuke eller døde fuglar eller andre dyr der det er mistanke om smitte
  • Vask hendene med såpe og vatn etter kontakt med fugl, avføring frå fugl eller utstyr som har vore i kontakt med fugl
  • Varsle Mattilsynet ved mistanke om fugleinfluensa hjå fuglar og andre dyr
  • Kontakt lege dersom du har hatt kontakt med fugl eller andre dyr med mistenkt eller bekrefta smitte. Dette er spesielt viktig om du utviklar influensaliknande symptom (som t.d. feber og hoste), augekatarr, oppkast, diaré eller alvorleg sjukdom dei 10 påfølgande dagane)
  • Hundar og kattar bør haldast vekk frå sjuke og døde fuglar

Yrkesutsatte grupper bør bruke personleg verneutstyr.

Les meir om å førebygge smitte av fugleinfluensa til menneske på fhi.no

Informasjon til deg som har fjørfe og andre fuglar i fangenskap

På Mattilsynet sine sider finn du informasjon om kva du som har fjærfe eller andre fuglar i fangenskap skal gjere.

Spørsmål og svar om fugleinfluensa (mattilsynet.no)

 

Samleside om fugleinfluensa på mattilsynet.no