Status om koronasmitte og tiltak i mars 2021
Status 27.03.21, kl 15.00
Kommunen har fått informasjon om at personen som fekk påvist koronasmitte i går kveld var passasjer på flyet som gjekk frå Bergen til Ørsta/Volda lufthavn Hovden 24.03. kl 19.45 - 20.30, flightnr. WF178. Dei som har tatt dette flyet vert ikkje rekna som nærkontakter, og vert ikkje pålagt karantene. Kommunen ber likevel dei som har tatt dette flyet og no oppheld seg i Volda eller Ørsta kommune, om å bestille seg ein test på teststasjonen i Hovdebygda 29.03.21. Dei aktuelle passasjerane skal også få varsling på SMS frå flyselskapet.
(Dersom det er nokon med koronasmitte på fly vert det publisert på FHI; https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/koronavirus-og-covid-19-pa-offentlig-kommunikasjon/ ). Denne flyruta er ikkje publisert enno, men vi reknar med at den vil kome på lista ved neste oppdatering, då det er meldt til FHI
Status 27.03.21, kl 09.00
Volda kommune fekk melding om eit nytt smittetilfelle seint fredag kveld, 26.03.21. Personen kom tilreisane den 24.03.21. Vedkomande testa seg utan å ha symptom. Smittevegen er truleg kjent. Smittesporing pågår.
Vedkomande tok test slik det vert oppmoda om, noko som har gjort at vi raskt kunne kome i gang med smittesporing, isolering og karantenesetting.
Vi minner om dei oppdaterte smitteverntiltaka frå regjeringa.
Råd til dei som likevel vel å reise på ferie til Volda
- Ha få kontaktar siste tida før ferien
- Vurder å teste deg ved ankomst
- Hald deg med få kontaktar medan du er i Volda
- Unngå større folkeemengder
Råd til dei som likevel reiser vekk på ferie
- Vurdere kvar de reiser
- Nødvendigheita av reisa
- Hald deg med få kontaktar medan du er på ferie
- Unngå handlesenter, folkesamlingar, m.m.
Råd til studenten som vender tilbake
- Få kontaktar på ferie
- Gå i sjølvpålagt "karantene" den siste tida før retur
- Test deg ved retur dersom du er usikker på eigen situasjon
- Hald deg med få kontaktar den første tida etter retur
- Kanskje komme tilbake i god tid før skulen startar opp.
Vi minner om dei generelle reglane, hald avstand, reine hender, bli heime og test deg om du er sjuk.
Informasjon om koronatiltak til påska 2021
Status 26.03.21, kl 18.00
Smittetilfellet som vart meldt i går, 25.03.21, hadde 23 nærkontakter som er sett i karantene. Av desse oppheld 22 seg i Ørsta eller Volda kommune. Den siste oppheld seg i ei anna kommune. Alle har tatt første test, dei fleste i går, og nokre i dag. Vi har fått svar på 14 av desse, som var negative. Vi reknar med at det kjem svar på resten i løpet av helga eller morgondagen.
Viktig melding til dei som har fått tid til vaksinasjon i påska:
Vaksinetelefonen 70 05 89 65 har desse opningstidene i påska:
- Måndag 29. og tysdag 30. mars – vanleg opningstid kl. 12.00-16.00.
- Onsdag 30. mars – 09.00-12.00.
- På helg/høgtidsdagar er telefonen stengt.
Til dei som har fått time til koronavaksinering onsdag 30. mars og torsdag 8. april - husk å bekrefte timen.
Oppdaterte retningsliner for besøk på institusjonar og bemanna omsorgsbustadar for eldre
- Pårørende og andre som reiser til Volda frå eit område med høg smitterisiko, skal ved samvær med ein bebuar i ein kommunal helse- og omsorgsinstitusjon, følgje dei smittevernråda som er frå det området med høgast smitterisiko. Dette gjeld både ved besøk i og utanfor institusjon
- Personar som kjem frå område med høg smitterisiko skal ta med og nytte eige munnbind ved besøk. Ein må kunne halde 2 meters regelen, og ein kan ha maks 2 besøkande i gongen.
- Ber personar som kjem frå område med høg smitterisiko, vurdere om ein kan utsetje besøket.
Her finn du dei nye retningslinene
Vi minner om dei oppdaterte smitteverntiltaka frå regjeringa.
Råd til dei som likevel vel å reise på ferie til Volda
- Ha få kontaktar siste tida før ferien
- Vurder å teste deg ved ankomst
- Hald deg med få kontaktar medan du er i Volda
- Unngå større folkeemengder
Råd til dei som likevel reiser vekk på ferie
- Vurdere kvar de reiser
- Nødvendigheita av reisa
- Hald deg med få kontaktar medan du er på ferie
- Unngå handlesenter, folkesamlingar, m.m.
Råd til studenten som vender tilbake
- Få kontaktar på ferie
- Gå i sjølvpålagt "karantene" den siste tida før retur
- Test deg ved retur dersom du er usikker på eigen situasjon
- Hald deg med få kontaktar den første tida etter retur
- Kanskje komme tilbake i god tid før skulen startar opp.
Vi minner om dei generelle reglane, hald avstand, reine hender, bli heime og test deg om du er sjuk.
Status 25.03.21, kl 15.00
Volda kommune fekk i dag 25.03. melding om ei ny positiv koronaprøve. Vedkomande har testa seg pga. symptom og har heldt seg heime i påvente av testsvar. Smittesporingsarbeidet pågår, og nærkontaktar som skal i karantene vil bli kontakta i løpet av dagen. Det er førebels ukjent om dette tilfellet kan ha tilknytning til tidlegare smittetilfeller i Volda/Ørsta kommune.
Status 25.03.21, kl 11.30
Volda kommune har ikkje fått meldt om nye positive koronaprøver. Siste meldte tilfellet var 19.03.21 (tidlegare varsla om). I Volda og Ørsta er testa 472 personar denne veka (mån-ons). I veke 11 vart det testa 1095 personar. Dette utgjer 5,1% av befolkninga. Det er ein person som er i isolasjon i Volda.
Vi har siste veke gått ut med denne informasjonen:
Status 20.03.21, kl 10.00
Volda kommune fekk seint i går kveld, 19.03.21, melding om eit nytt smittetilfelle. Vedkomande har vore på treningssenter i Ålesund i samme tidsrom som ein som testa positivt tidlegare denne veka. Vedkomande testa seg og holdt seg heime med ein gang han fekk besked om dette. Det er ingen nærkontaktar i Volda og Ørsta.
Status 19.03.21, kl 16.30
Teststasjonen har fått negative prøvesvar på 69 elevar og tilsette på Volda VGS. Denne testen er tatt over 7 døgn etter siste kontakt med den smitta, og dei er no ute av karantene.
Framleis sit det 46 elevar og tilsette frå Volda VGS i karantene i Ørsta og Volda kommune. Dei fleste av desse vart testa 19.03. og får truleg svar i løpet av morgondagen. Kryssar fingrane for at alle testar negativt.
Status 18.03.21, kl 10.30
Det er ikkje meldt om nye positive prøveresultat. Til no er det testa 627 personar denne veka i Ørsta og Volda (mån-ons). I dag er det mange av nærkontaktane til tilfellet som vart meldt 12. mars som skal ta 2. test.
Kriseleiinga i volda har hatt møte i dag og kan konstantere at vi har vore heldige. Kriseleiinga rosar eleven som gjorde akkurat det han/ho skulle. Eleven vart sjuk, holdt seg heime og tok test. Ungdomane og andre som har vore i relasjon til dette smittetilfellet har alle gjort ein framifrå innstats. Tala på gjennomførte testar viser at folk er flinke til å teste seg, noko som er svært viktig. Særskilt no når det er mykje smitte i samfunnet. Vi ynskjer å oppmode om at folk unngår unødige reiser og har få nærkontaktar (dette er også eit nasjonalt råd). Før gjerne dagbok over kven du har vore i lag med. Husk å halde avstand og ha reine hender.
Video - oppdatering og råd frå kommuneoverlege og ordførar etter den mest spennande veka vi har hatt dette koronaåret.
Status 17.03.21, kl 13.00
Volda kommune har ikkje fått melding om fleire positive prøvesvar.
Etter at Volda kommune fekk melding om ein smitta person fredag 12.03 (tidlegar meldt) har det vore intens smittesporing i helga. Alle nærkontaktar vart oppringt og sett i karantene. Den smitta var ein elev ved Volda VGS, busett i Volda som framleis er i isolasjon.
I alt har vi 154 elevar og tilsette tilknytt Volda VGS i karantene. 115 av dei bur i Volda eller Ørsta, og får oppfølging her. Alle desse skal no ha fått ein oppfølgingssamtale og tilbod om test nr. 2 når det har gått meir enn 7 døgn sidan siste eksponering. Alle desse hadde negativ 1. test.
39 av elevane og tilsette ved Volda VGS sit i karantene i andre kommunar. Dei er meldt til smittesporingsteamet i aktuell kommune og vil få oppfølging lokalt der dei oppheld seg. Alle desse fekk tilbod om å ta test nr. 1 i Hovdebygda i helga, og av dei som nytta seg av dette har 2 testa positivt (også tidlegare meldt), dei andre negativt.
2. test for dei på Volda VGS blir 18.03. og 19.03. (Pga. ulikt tidspunkt for siste eksponering).
Dei som har tatt ekstra test i karanteneperioden pga. symptom, har til no testa negativt.
Status 16.03.21
Volda kommune har ikkje fått meldt fleire positive prøveresultat. Prøvasvara kjem inn heile døgnet og det vil bli lagt ut oppdatering så snart vi kan om det kjem inn nye positive prøvesvar.
Vi har mottatt negativt prøvesvar på dei alle fleste av første runde med testar på nærkontaktane til tilfella som var meldt 12. og 13. mars. Det betyr at vi har nådd igjen smitterekka, men ikkje at faren for at fleire blir positive er over.
Nærkontaktane som er i karantene skal testast igjen på dag 7. Dersom dei held seg friske og den andre testen er negativ, og dei i tillegg er symptomfrie, kan dei avslutte karantena. Om dei får symptom, skal dei testast med ein gong. Husstandsmedlemmane skal då vere i karantene til det er avklart om symptoma skuldast koronainfeksjon.
Status 15.03.21, kl 13.00
Kriseleiinga hadde ekstra møte i dag kl 08.30. Det vart bestemt at sjølv om smittesituasjonen i Volda framleis er usikker, vert det ikkje innført lokale tiltak. Dei nasjonale råda er omfattande og dersom alle følger desse vi dei ha god smitteførebyggande effekt.
I helga vart det testa 300 personar. Førre veke vart det testa 1123 personar i Volda og Ørsta.
Det er sett 158 personar i karantene i samband med smittetilfellet 12. og 13. mars (40 i nabokommunar). Husstandmeldlemane til desse er i ventekarantene inntil negativ 1. test ligg føre på nærkontaktane. Vi har ikkje fått svar på alle prøvene av første test enno. Sjølv om smittekjelda truleg er funne, kan smittesituasjonen snu fort.
Det er vurdert at det ikkje er grunnlag for å gjere strengare tiltak i skular, barnehagar, idrett og arrangement. Vi rår til at alle følger dei nasjonale råda, men er ekstra flinke med smittevern og gjer nøye vurderingar om enkelte arrangement bør utsetjast eller ikkje.
Her har vi oppsummert informasjon om dei nasjonale anbefalingane og reglane.
Vaksinering
Torsdag 18. mars held vi fram med Pfizer-vaksinering. Det er kalla inn 138 personar. Vi kallar inn etter alder og vi er komne ned på alder 81 år.
Det vert vidare kalla inn ned til 75 år. Dette inkuderer også personar med underliggande sjukdomar i denne aldersgruppa.
Deretter kjem prioritere grupper med underliggande sjukdom med høg risiko.
Prioriteringsrekkefølgen av risikogruppene:
- Gruppe 1: Bebuarar i sjukeheim
- Gruppe 2: Alder 85 år og eldre
- Gruppe 3: Alder 75-84 år
- Gruppe 4: Alder 65-74 år og samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp
- Gruppe 5: Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstand
- Gruppe 6: Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstand
- Gruppe 7: Alder 18-44 år med underliggande sjukdomar/tilstand
- Gruppe 8: Alder 55-64 år
- Gruppe 9: Alder 45-54 år
Gruppe 1 og 2 vert ferdigvaksinert i påskeveka om alt går etter planen.
Vaksinering av gruppe 3 pågår.
Gruppe 4: Først vert alle med høg risiko i alderen 18-74 år kalla inn, før vi startar på øvrige i alderen 74 år og nedover.
Vi vil også minne om at etter den 15. mars skal gå 6 veker mellom 1. og 2. dose med Pfizer, og at dosene vi får tilsendt også må settast av til 2. dose.
Status 14.03.21, kl 21.00
Det har blitt meldt ytterlegare ein elev ved Volda VGS som har testa positivt i kveld. Eleven var sett i karantene og bur i ein annan kommune. Det har kome svar på ein god del prøver, men vi ventar framleis svar på mange. Volda VGS har heimeskule frå måndag til situasjonen er meir avklara. 26 nye ved Volda VGS vart sett i karantene i dag.
Vi trur no at vi har lukkast i å finne smittekjelda til utbrotet i Volda og det er veldig gode nyheiter. Vi vil påpeike at det i tilfelle kan tyde på at dette viruset er svært smittsamt.
I Ørsta har det ikkje blitt meldt fleire positive.
Framleis uoversikteleg situasjon
Vi vurderer framleis situasjonen i Volda og Ørsta som uoversiktleg, men det er ikkje grunnlag for å gjere strengare tiltak i skular, barnehagar, idrett og arrangement. Vi rår til at alle følger dei nasjonale råda, men er ekstra flinke med smittevern og gjer nøye vurderingar om enkelte arrangement bør utsetjast eller ikkje.
Status 14.03.21, kl 11.00
Delar av kriseleiinga har hatt møte i dag kl 10.00. Det er ikkje meldt om fleire positive prøvesvar men vi ventar svar på nærkontaktane i løpet av dagen. Husstandmedlemane til nærkontaktane er i ventekarantene inntil svar på 1. test er mottatt.
Det tek noko tid før vi får svar på kva type mutant det er snakk om, men ut frå hurtigtest som er gjort i Molde er klarlagt at det muterte viruset kan vere sørafrikansk eller brasiliansk mutasjon.
Kommuneoverlegen i Vanylven ber dei som tok bussen fra Lauvstad til Syvde kl 14.45 fredag den 12. mars om å teste seg. Dei som var inne på 14.20 ferga Volda- Lauvstad fredag 12. mars bør også teste seg dersom dei får symptom.
Ukjend smittekjelde
Vi har enno ikkje lykkast med å finne smittekjelda til dei to smittetilfella vi fekk meldt 12.03.21. Det betyr at vi har ein potensielt meir alvorleg situasjon med ukjend smitte.
Vi vil minne om at koronaviruset kan gi svært svake symptom, og at alle med nyoppståtte symptom må ha svært låg terskel for å teste seg. Dersom ein er smitta av koronavirus, vil ein kunne smitte vidare sjølv om ein kun har svake symptom.
Symptom på koronavirus kan vere:
- Sår hals
- Hoste
- Tett eller rennande nase
- Hovudverk
- Feber
- Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
- Kroppsverk
- Tungpust
- Tap av smak- eller luktesans
FHI oppdaterte anbefalingane sine for testing av barn førre veke. Tidlegare kunne ein gjerne sjå ann barn med lette symptom i 48 timar før ein testa dei. No er anbefalinga at barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast, i samråd med føresette.
FHI anbefaler også at barn i barneskulealder og yngre no kun vert testa i fremre nase og hals, i staden for djup naseprøve, då dette er mindre ubehagelig for barnet. For ungdom og vaksne anbefaler ein framleis djup naseprøve, då dette er den mest følsame testen.
Vi oppmodar alle innbyggjarar om å ha låg terskel for å teste seg. Vi har god kapasitet på teststasjonen i Hovdebygda. Om du er usikker på om du bør teste deg kan du ringe koronatelefonen 700 58 960.
Bestill time til koronatest på nett.
Status 13.03.21, kl 22.00
Volda
Volda fekk i kveld meldt eit nytt smittetilfelle av covid-19. Tilfellet er knytt til Volda Vgs. Vedkomande var nærkontakt med tilfellet som vart meldt 12.03.21. Smittekjelda er framleis ukjend og vi fekk i kveld beskjed om at det dreier seg om anten sørafrikansk eller brasiliansk mutasjon, men det er ikkje stadfesta kva for ein av dei.
Til no er 129 personar sett i karantene i samband med dette tilfellet. 40 av personane som er sett i karantene bur i nabokommunar (Vanylven, Hareid, Sande, Ulstein, Herøy, Stryn og Stad). Smittesporingsarbeidet held fram utover kvelden og morgondagen og fleire vil bli sett i karantene.
Ørsta:
Det er ikkje meldt fleire positive prøvesvar knytt til utbrotet i Ørsta. Alle tilsette og bebuarar på Bakketun har testa negativt på første test. Vi har fått bekrefta at det dreier seg om den britiske mutasjonen. 58 personar er i karantene i samband med dette.
Ha gode smittevernrutinar
Vi har no ein uoversiktleg situasjon med ukjend smittekjelde i både Volda og Ørsta og det er snakk om to ulike mutasjonar. Teststasjonen har tatt 271 testar laurdag og vil teste fleire nærkontaktar søndag. Vi vil be alle om å ha få nærkontaktar dei neste dagane og unngå folkemengder. No er det viktigare enn nokon gang at vi følger smittevernreglane.
Status 13.03.21, kl 18.30
Alle som skal i karantene vert oppringt, informert og dei får tilbod om test. Husstandmedlemmane til nærkontaktane vert sett i ventekarantene til det er svar på første testen. Dei som har testa seg i dag vil truleg få svar på testen i morgon.
Det er hittil registrert 246 testa personar i dag 13.03.21. Hittil denne veka er det testa 1036 personar i Volda og Ørsta.
Status 13.03.21:
Smittesporingarbeidet pågår framleis. Vi testar elevar og tilsette i klassene på Musikk, dans og drama, Medium og kommunikasjon på Volda vgs. og andre som var på Ørsta kulturhus 10.03. Dei som blir rekna som nærkontaktar vil bli kontakta og sett i karantene.
- Teststasjonen er openi dag, laurdag 13. mars.
- Telefon open til kl 12.00: tlf. nr: 700 58 960
- Testinga held fram så lenge folk vil teste seg. Ein kan også bestille time på nett: http://helseboka.app/b/s/189947
Status 12.03.21
Volda kommune fekk melding om eit nytt smittetilfelle i kveld 12.03.21. Uvisst om det er mutert virus. Smittesporing pågår og nærkontaktar vert kontakta og sett i karantene. Det kjem meir informasjon i morgon.
Status 11.03.21
Volda kommune har ikkje fått meldt om nye positive koronaprøver sidan 09.03.21. Det vart testa 301 personar i Volda og Ørsta i veke 9. Hittil denne veka, tom. onsdag er det testa 300 personar.
Ørsta kommune fekk meldt om to positive koronatestar 10.03.21. Det er bekrefta at det er mutert virus, men ikkje kva for mutant det er snakk om.
Vi minner om at det er viktig å teste seg for å førebygge lokale utbrot. Ha låg terskel for å ta ein test, det er heilt gratis, her kan du bestille.
Status 09.03.21, kl 12.55
Volda kommune fekk melding om eit nytt smittetilfelle med Covid-19 i dag 09.03.21.
Smittevegen er kjent og skriv seg frå ein annan del av landet, der denne personen også har tatt testen. Personen oppheld seg no i Volda men har ingen nærkontaktar i Volda eller Ørsta kommune. Det er framleis ukjent om det er mutert virus.
Smittetilfellet i dag, 09.03.21, har ikkje samband med tilfellet kommunen fekk meldt i går kveld 08. mars. Smittetilfellet den 8. mars hadde opphav frå Stad kommune. Det er ikkje mutert variant.
Status 08.03.21
Volda fikk i kveld meldt eit nytt smittetilfelle av COVID-19. Smitta skriv seg frå pågåande utbrot i anna kommune. Det er ikkje avklart om det er snakk om mutert virus. Førebels er 10 personar sett i karantene. Smittevegen kom frå Stad kommune.
Status 04.03.21
Volda kommune har ikkje fått meldt om nye positive koronaprøver. Det er ingen i karantene og ingen i isolasjon i Volda. Sist vi fekk meldt om positiv prøve var 19.02. Det vart testa 233 personar i Volda og Ørsta i veke 8, dette utgjer 1.1% av befolkninga. Hittil denne veka, tom. onsdag er det testa 206 personar. Vi minner om at det er viktig å teste seg for å førebygge lokale utbrot. Ha låg terskel for å ta ein test, det er heilt gratis, her kan du bestille.
Denne veka vert det vakinsert ca 100 personar med AstraZeneca-vaksinen. Denne gjekk til helsepersonell som fekk vaksinen på onsdag 3. mars. Personar i gruppe 2 (85 år og eldre) får 2. dose og vi vert dermed nesten ferdige med denne gruppa. Det gjenstår nokre få personar som av ulike årsaker ikkje fekk tatt vaksina då første runde gjekk.
I veke 10 skal vi få 100 dosar av AstraZeneca-vaksinen. Denne skal bli gitt til helsepersonell, tannlegar og fysioteraputar.
I Hornindal skal dei som fekk vaksine i veke 7 få 2. dosa si. I tillegg skal nokre personar i Hornindal i aldersgruppa 85-74 år få 1. dose med Pfizer-vaksine.