Testing av covid-19/koronavirus

 

 

Den generelle oppmodinga om å teste seg for korona ved nyoppståtte luftvegssymptom gjeld ikkje lenger. Råda er no å halde seg heime når ein føler seg sjuk, uavhengig av årsak.

Testing av Covid-19

Ved behov for legehjelp i samanheng med covid-19, kan du ta kontakt med legesenteret. Lege vil vurdere om det er behov for PCR-test. 

Utanlandsreise

Det vert utført koronatest for utanlandsreise ved Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda. Du må gjere avtale før du kjem.

Koronasertifikat

Kommunen har ansvar for testing til koronasertifikat.

Reisetest og testsertifikat skal du ta på legevakta i Hovdebygda på dagtid. Du må avtale tid på førehand. 

Slik går du fram

Når du treng å ta hurtigtest og ikkje har tilgang til helsenorge.no eller ønsker utskrift av koronasertifikat:

  1. Ha klart fødselsnummer eller d-nummer.
  2. Ring vaksinetelefonen tlf. 70 05 89 65 mellom kl 12.00-14.00 på kvardagar for å avtale tid. Tessten blir utført på legevakta i Hovdebygda.