Koronavaksine

 

Vaksinasjons-tidspunkt Volda kommune for juni:

 

  • Det blir vaksinering på Volda helsestasjon:

    • Onsdag 1. juni, kl. 16.30 – 18.00 - Timeavtalar/DROP-IN 
    • Onsdag 15.juni, kl. 16.30 – 18.00 - Timeavtalar/DROP-IN 
    • Onsdag 29.juni, kl. 16.30 – 18.00 - Timeavtalar/DROP-IN 

Det vert ikkje koronavaksinering i juli. Behovet vidare vil verte vurdert utifrå situasjonen.

  • Vi har avslutta innkalling til vaksinering til første og andre dose. Personar som enno ikkje har fått time til 1. dose eller 2. dose, må sjølve ta kontakt med vaksinetelefonen for bestilling av time. Dersom nokon har utsett timen sin må dei ta kontakt med vaksinetelefonen for ny time, dei vil ikkje bli kalla inn på nytt.
  • Intervall mellom dose 2 og 3 må vere 20 veker. Dose 4 kan settast tidlegast 4 månader etter dose 3.
  • Time kan bestillast på vaksinetelefonen for Volda: tlf 70058965 mellom kl 12.00 og 14.00, eller via Helsenorge.

 

Oppfriskingsdose med koronavaksine 

Folkehelseinstituttet har opna for at dei som er 80 år eller eldre kan ta ei ny oppfriskingsdose med koronavaksine.

FHI si vurdering er at vi no opnar opp for personer 80 år og eldre som har fått 3 doser og ikkje har gjennomgått koronasjukdom etter dette, kan få en ny oppfriskingsdose dersom dei sjølv ynsker det. Intervallet skal vere 4 månadar sidan oppfriskningsdosa (dose 3). Instituttet ser ikkje grunnlag for å gi ei generell tilråding om ei ny oppfriskingsdose (fjerde dose) til alle over 80 år, men meinar dette kan vurderast og velgast av den enkelte.

Folkehelseinstituttet ynsker også at fleire med alvorleg svekka immunforsvar tek ei oppfriskingsdose. For dei det gjeld er dette fjerde vaksinedose. Personar med alvorleg svekka immunforsvar grunna sjukdom eller bruk av immundempande medikament har ofte dårlegare respons på vaksiner sammenlikna med friske personer. I tillegg har dei høgare risiko for å bli alvorlig sjuke dersom dei vert smittet med koronaviruset. Personar med alvorleg svekka immunforsvar får råd om grunnvaksinasjon med 3 doser koronavaksine, samt éi oppfriskingsdose 3 måneder etter dose 3 hvis de ikke har gjennomgått koronasykdom etter dette.

Det vert ikkje aktivt kalla inn til vaksinasjon av dose 4 for denne gruppa. Folkehelseinstituttet skriv at ettersom tilbodet om vaksine til dei over 80 år kun er eit tilbod - og ikkje ein generell anbefaling, så må ein sjølv ta kontakt for avtale.

Vaksinasjonsteamet i Volda minner også om at det enno ikkje er for seint å ta 1, 2, eller 3. dose. Ta kontakt for time på vaksinetelefonen for Volda, eller bestill sjølv time til vaksinering via Helsenorge.

Volda vaksinerer torsdag19. mai, onsdag 1. juni, onsdag 15. juni og onsdag 29. juni. I juli vert det ikkje koronavaksinering.  Behovet for vidare vaksinering vert vurdert utifrå situasjonen.

 

Praktisk informasjon

  • Oppmøtestad: Volda helsestasjon på rådhuset i Volda (inngang på baksida av huset)
  • Dersom du har feber,  ring 70 05 89 65 og gje beskjed om at du ikkje kan møte 
  • Må du flytte timen ringer du 70 05 89 65  kvardagar kl 12-14.  Du kan også endre timen på helsenorge.no. 
  • Bekledning – ha på deg klede som gjer det lett å nå overarma 
  • Ta med gyldig legitimasjon
  • Det er gratis å ta koronavaksine

Informasjon om vaksinering på ulike språk

Les meir om koronavaksine her:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/