Ledige stillingar - behov for ekstrahjelp

Ekstra arbeid og utfordringar knytt til koronapandemien er ikkje over og Volda kommune har stadig behov for ekstrahjelp. 

Vi treng ekstra personell for:

  • Vaksinearbeid. Du treng ikkje å vere utdanna helsepersonell for å hjelpe til med vaksinearbeidet. 
  • Tilkallingsvikarar i barnehege, SFO og skule. Vi treng både barnehagelærarar, lærarar, fagarbeidarar og assistentar som tilkallingsvikarar.
  • Helsepersonell

Studentar kan gjerne melde seg.

Under finn du link til skjema for registrering. Kommunen tek kontakt dersom det vert behov for det.

Vaksinehjelp

Vi har behov for ekstrahjelp knytt til vaksinearbeid. Du treng ikkje å vere utdanna helsepersonell for å melde deg. 

Vi betaler kr 155,33 for medhjelparane som ikkje er sjukepleiarar. Studentar vert tilsette som assistentar med rammeavtale.

Registrer deg her om du kan hjelpe til med vaksinearbeidet i kommunen.

Vikar barnehage, SFO og skule

Koronapandemien og influensasesongen gjer at vi har eit stort vikarbehov i barnehage og skule. Vi trenge fleire hender i barnehage, SFO og skule.

Derfor oppmodar vi barnehagelærarar, og grunnskulestudentar og andre som har erfaring frå arbeid i barnehage og skule til å melde seg. Dersom vi kjem i ein situasjon der vi manglar folk, vil vi ta kontakt med deg.

Meld di interesse ved å fylle ut dette skjemaet.

Dersom du får tilbod om jobb, må du levere politiattest.

Helsepersonell

Koronapandemien set helsevesenet på ei hard prøve. I Volda treng vi fleire folk i helse- og omsorgstenesta.

Har har du helsefagleg utdanning og ledig kapasitet for tida? Då ønsker vi at du registrerer deg hos oss. Vi treng å vite kva helsefagleg utdanning og erfaring du har. Vi ønsker også at du registrerer deg viss du studerer eller ikkje er i jobb.

https://skjema.ssikt.no/Volda/skjema/VOL102/?Saksnummer=20/2579

Bruk skjemaet også om du er tilsett i kommunen og jobbar utanfor helse- og omsorgstenesta.