Legevakt

Legevakttelefon: 116117

Du må ringe og gjere avtale før du kjem til legevaka.

Legevakt ettermiddag, kveld og helg for Volda og Ørsta

Telefon: 116117

Tid: kl 16.00-22.00  kvardagar kl 08.00-22.00 laurdag og søndag.

Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre med Volda kommune som vertskommune. Det varierer mellom kommunane kva tenester dei har gjennom Søre Sunnmøre legevakt.

Frå 1 februar 2021 er Søre Sunnmøre legevakt ansvarleg for øyeblikkeleg hjelp ettermiddag, kveld, helg og natt i Volda kommune. Timar må avtalast på førehand via legevaktsentalen på tlf.116117. På dagtid i vekene er det vanleg og øyeblikkeleg hjelp på Hornindal legekontor og Volda legesenter.

Søre Sunnmøre legevakt har lokale rett ovanfor flyplassen i Hovdebygda, nærare bestemt i Torvmyrane 11 B, som er same bygget som m.a. Politiet og ambulansestasjonen. Inngang gjennom hovedinngang på oppsida av bygget.

Søre Sunnmøre legevakt inneheld følgjande:

  • Legevaktsentral for alle sju kommunane på Søre Sunnmøre. Hit kjem ein når ein ringer det nasjonale legevaktnummeret 116117 heile døgnet, eller dei lokale legevaktnummera etter kontortid. Operatørane på sentralen er sjukepleiarar eller paramedisinarar som vil gje råd og rettleiing, og sette innringar i kontakt med lege, eller til time på legevakta, når det er nødvendig. Legevaktsentralen har fram til no vore i akuttmottaket på sjukehuset i Volda.
  • Nattlegevakt for Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta.  Frå kl 22-08 alle dagar er legevakta for desse kommunane lokalisert i Hovdebygda. Nattlegevakta starta opp i 2009 og var fram til mars 2020 på sjukehuset. Sidan då har nattlegevakta mellombels vore lokalisert i Myrvåg, men frå og med 1.februar er nattlegevakta på plass i Hovdebygda.
  • Legevakt ettermiddag, kveld og helg for Volda og Ørsta. Volda og Ørsta har sidan våren 2020 vore eitt legevaktdistrikt. Oppmøtestad kveld og helg har vore enten Volda legesenter eller Ørsta legesenter etter kven som har vakt. Frå 1.februar blir legevakta for Volda og Ørsta å finne i Hovdebygda.
  • Smittelegevakt for Volda og Ørsta. I samband med koronapandemien blir det smittelegevakt på dagtid i Hovdebygda. Pasientar med påvist eller mistenkt smitte blir sendt til smittelegevakta dersom det er naudsynt med fysisk legeundersøking. Ein ringer sitt vanlege legekontor eller 116117.
  • Ring legevakta på telefon 116117 før du møter opp på legevakta. På grunn av den pågåande pandemien er dette ekstra viktig no.

 

Timebestilling for koronatest:

  • Koronatelefon for Volda og Ørsta: tlf. 700 58 960
  • Opningstid: kvardagar kl 09.00-14.00
  • Bestill time på nett: http://helseboka.app/b/s/189947 (Det er kun dei fire neste dagane som vil visast til ei kvar tid.)
  • Oppmøtestad: Langemyra 3, Hovdebygda
  • Dersom du ikkje har bil eller har vanskar for å komme på teststasjonen i Hovdebygda, finn vi ei anna løysing for deg. Ta kontakt og vi gjer avtale om kvar du skal få tatt testen.