Registrering av helsepersonell, frivillige og verneutstyr

Klikk for stort bilete Vi opplever at mange vil vere med å hjelpe til i dugnaden mot koronaviruset. Her finn du link til skjema for registrering. Kommunen tek kontakt dersom det vert behov for det.

Frivillige - registreringsskjema

Helsepersonell - registreringsskjema

Verneutstyr - registreringsskjema

For at Volda-samfunnet skal klare å gjennomføre denne dugnaden må alle helpe til. Det aller viktigaste er at alle gjer sitt for å hindre smittespreiing. 

Frivillig

Dersom du vil bidra som frivillig på eit eller anna vis kan du registrer deg på dette skjemaet:

https://skjema.ssikt.no/Volda/skjema/VOL103/?Saksnummer=20/2607

Helsepersonell

Koronapandemien set helsevesenet på ei hard prøve. I Volda treng vi fleire folk i helse- og omsorgstenesta.

Har du jobb utanfor helsevesenet, sjølv om du har helsefagleg utdanning? Eller har du helsefagleg utdanning og ledig kapasitet for tida? Då ønsker vi at du registrerer deg hos oss. Vi treng å vite kva helsefagleg utdanning og erfaring du har. Vi ønsker også at du registrerer deg viss du studerer eller ikkje er i jobb.

https://skjema.ssikt.no/Volda/skjema/VOL102/?Saksnummer=20/2579

Bruk skjemaet også om du er tilsett i kommunen og jobbar utanfor helse- og omsorgstenesta.  

Verneutstyr

Voldasamfunnet kan kome til å trenge mykje verneutstyr i tida framover. Vi veit ikkje korleis koronasituasjonen vil utvikle seg og om vi får tak i tilstrekkeleg med verneutstyr. Vi ynskjer at dei som har verneutstyr som dei sjølv ikkje treng registrerer kva dei har og kor mykje.

https://skjema.ssikt.no/Volda/skjema/VOL104/?Saksnummer=20/2638