Registrering av helsepersonell, vikar barnehage og skule, frivillige og verneutstyr

Klikk for stort bileteVi opplever at mange vil vere med å hjelpe til i dugnaden mot koronaviruset. Her finn du link til skjema for registrering. Kommunen tek kontakt dersom det vert behov for det.

For at Volda-samfunnet skal klare å gjennomføre denne dugnaden må alle helpe til. Det aller viktigaste er at alle gjer sitt for å hindre smittespreiing. 

Koronahjelp - registrering

Vikar barnehage, SFO og skule

Koronakrisa gjer at vi kan få eit stort vikarbehov i barnehage og skule. For å vere i forkant, ber vi interesserte om å melde seg allereie no.

No har barnehagane starta opp att og neste veke startar skule og SFO.

På grunn av koronakrisa, vil vi på sikt trenge fleire hender i barnehage og skule/SFO.

Derfor oppmodar vi barnehagelærar- og grunnskulestudentar og andre som har erfaring  frå arbeid i barnehage og skule til å melde seg.  Dersom vi kjem i ein situasjon der vi manglar folk, vil vi ta kontakt med deg.

Har du tidlegare søkt om lærarjobb hjå oss og ikkje fått tilbod – kan det vere aktuelt med ei mellombels stilling. Det kan bli aktuelt med både kortare og lengre mellombelse stillingar.

Meld di interesse ved å fylle ut dette skjemaet.

Dersom du får tilbod om jobb, må du levere politiattest.

Frivillig

Dersom du vil bidra som frivillig på eit eller anna vis kan du registrer deg på dette skjemaet:

https://skjema.ssikt.no/Volda/skjema/VOL103/?Saksnummer=20/2607

Helsepersonell

Koronapandemien set helsevesenet på ei hard prøve. I Volda treng vi fleire folk i helse- og omsorgstenesta.

Har du jobb utanfor helsevesenet, sjølv om du har helsefagleg utdanning? Eller har du helsefagleg utdanning og ledig kapasitet for tida? Då ønsker vi at du registrerer deg hos oss. Vi treng å vite kva helsefagleg utdanning og erfaring du har. Vi ønsker også at du registrerer deg viss du studerer eller ikkje er i jobb.

https://skjema.ssikt.no/Volda/skjema/VOL102/?Saksnummer=20/2579

Bruk skjemaet også om du er tilsett i kommunen og jobbar utanfor helse- og omsorgstenesta.  

Verneutstyr

Voldasamfunnet kan kome til å trenge mykje verneutstyr i tida framover. Vi veit ikkje korleis koronasituasjonen vil utvikle seg og om vi får tak i tilstrekkeleg med verneutstyr. Vi ynskjer at dei som har verneutstyr som dei sjølv ikkje treng registrerer kva dei har og kor mykje.

https://skjema.ssikt.no/Volda/skjema/VOL104/?Saksnummer=20/2638