Heimebaserte tenester i Volda er i normal drift.
Alle besøk til bebuarar på sjukeheimane må avtalast med avdelinga på førehand. Kontaktinformasjon til avdelingane finn de her under. Hugs at du må vere heilt frisk når du kjem på besøk, hald avstand og sørg for god handhygiene.
Personar som har vore utanlands eller i Noreg i områder med mykje smitte, bør vente i 10 dagar før dei kjem på besøk, og halde minst to meter avstand til folk i risikogruppe. Dette gjeld både for sjukeheimar og omsorgsbustadar.
Vi må ta høgde for at det kan vere smitte i befolkninga som vi ikkje kjenner til. Det er svært viktig at innbyggjarane våre har låg terskel for å ta teste seg. Kjenner du på luftvegssymptom skal du straks bestille time til koronatest og halde deg i heimekarantene til prøvesvaret ligg føre og du har god allmenntilstand.
Kontaktinformasjon helse- og omsorgstenester