Retningsliner og kontaktinformasjon for besøk på institusjonar og bemanna omsorgsbustadar for eldre

Retningsliner for besøk ved institusjonane i Volda kommune pr 13.08.21

Dørene til sjukeheimane vert ikkje lenger låste på dagtid.

 

Retningslinjene byggjer på FHI sine råd og er ei oppmjuking av tidlegare retningslinjer.

Vi minnar om at bebuarane på sjukeheim er venta å ha dårlegare vaksinerespons og vil meir enn andre kunna bli smitta trass vaksinering, vi tilrår difor ikkje tett kontakt med mange.

  • Vi ynskjer at besøk framleis vert avtala i forkant. Ring gjerne avdeling og informer om kven som kjem og når de kjem. Utfør handvask eller spriting når de kjem!
  • Alle gjester skal vera friske og utan luftvegssymptom.
  • Av hensyn til smittsporing ønsker me at alle gjestar vert registrert, informasjon vert makulert etter 10 dagar.
  • Kjem du får kommune med høg lokal smitterisiko, bør du følga smittevernråd i den kommunen du kjem frå.
  • Gjestar skal halda 1 m avstand til andre bebuarar og personal, besøk skal føregå på pasientrom eller ute. 
  • Bebuarar som er fullvaksinert kan ha nær kontakt, også ansikt-til-ansikt, med besøkande både vaksinerte og uvaksinerte. 
  • Uvaksinerte bebuarar kan også ha nær kontakt, men ein bør vera meir forsiktig, sjå FHI
  • Besøk ut frå insititusjon er ok, nasjonale og lokale smittevernråd må følgast, sjå FHI

Dersom lokal smittesituasjon endrar seg kan disse reglane verte endra.

Volda omsorgssenter

Seljetunet: 91879972
Hasletunet: 91812513
Piletunet: 91882674
Kleppetunet: 91894435
Ottastova: 91882487
Karvestova: 91885924
Kapteinstova: 95019684
Klokkarstova: 90296792

Hornindal omsorgssenter

Elvakrokjen: 57879883
Utsikta: 57879880
Årestova: 57879881
 

Kommunalsjef helse og omsorg                   Avdelingsleiar Institusjon 
Svein Berg-Rusten                                        Ann-Sølvi Heltne