Her finn du oppdatert status for smitte i Volda kommue. Status vert oppdatert kvar torsdag føremiddag, og elles ved behov dersom kommunen skulle få positive prøvesvar.
Status 21.02.21
Volda kommune har fått svar på analysen av koronaprøven som vart tatt 19.02.21. Det er ikkje påvist mutert variant av koronavirus.
Status 19.02.21, kl 21.45
Volda kommune har i kveld fått meldt om eit nytt positivt tilfelle av covid-19. Personen var i reisekarantene etter retur frå utlandet 12. februar. Personen hadde ikkje symptom då testen vart tatt i dag 19. februar. Det er valt skjerpa tiltak inntil avklart mutasjonsanalyse. Nærkontaktar er sett i karantene. Samtlige er lokalisert i Volda. Situasjonen ser førebles ut til å vere under kontroll, men den blir følgt tett.
Kontaktperson for media: Ordførar Sølvi Dimmen, tlf.: 996 27 876, e-post: solvi.dimmen@volda.kommune.no
Status 18.02.21
Volda kommune har ikkje fått meldt om nye positive koronaprøver. Det er ingen i karantene og ingen i isolasjon i Volda. Det vart testa 286 personar i Volda og Ørsta i veke 6, dette utgjer 1.34% av befolkninga. Hittil denne veka, tom. onsdag er det testa 198 personar.
Volda kommune vaksinerer i Hornindal denne veka, gruppe 2. Har også starta å vaksinere gruppe 3, dvs dei som er under 85 år. I Volda vert det vaksinsert dose nr 2 på personar 85 år og eldre som bur i omsorgsbustad.
Status 11.02.21
Volda kommune har ikkje fått meldt om nye positive prøver. Det er testa 361 personar i Volda og Ørsta sist veke. Dette utgjer 1,7% av befolkninga og viser ein liten nedgang i tal på testa personar. Hittil denne veka, måndag-onsdag, er det testa 191 personar. Det er ingen personar i karantene, heller ikkje i isolasjon.
Vaksineringa held fram i dag på samfunnshuset i Volda. I Volda er det framleis gruppe 2 som vert vaksinert i tillegg til 20 % kritisk helsepersonell. Gruppe 2 er dei som er 85 år og eldre. I tillegg vert det i dag vaksinert nokre få personar som er 84 år. Totalt skal vi vaksinere 120 personar i dag. Neste veke skal vi vaksinere gruppa på 85 år og eldre på Hornindal legekontor. I løpet av neste veke vil vi truleg komme i mål med dose nr 2 til alle som bur på sjukeheim.
Vi har fått spørsmål om kvifor vi ikkje set opp vaksinedagar rundt om i bygdene. Dette har med type vaksine å gjere. Den vaksinen vi har tilgjengeleg er svært sårbar for temperaturendringar så det er vanskeleg å frakte vaksinen på ein sikker måte.
Status 04.02.21
Volda kommune har ikkje fått meldt om nye positive prøveresultat. Det er ingen personar i isolasjon i Volda men nokre få personar er i karantene.
Nærkontaktane til smittetilfellet i Ørsta den 27. januar tok test nr 2 onsdag 3. februar. Det har ikkje kome svar på alle. Dei som får negativt svar på testen er ute av karantene jamfør nye reglar. Karantene varer i 10 døgn, men kan forkortast dersom du testar negativt tidlegast 7 døgn etter ankomst eller etter siste kontakt med den som er smitta jf. covid-19 forskrifta §4c.
Det vart testa 472 personar i Ørsta og Volda i veke 4, til no denne veka er det testa 260.
Det er tid for årsmøter. Dette er å sjå som arrangement. Etter nasjonale smitteverntiltak så er det tillatt med 10 personar innandørs og 200 om det er fastmonterte seter.
Status 02.02.21
Volda og Ørsta kommune har ikkje fått melding om fleire positive smittetilfelle etter dei to som vart meldt i Ørsta 27. og 28. januar.
Smittetilfellet meldt 28. januar hadde ingen nærkontaktar. I samband med smittetilfellet meldt onsdag 27.januar vart over 60 personar busett i Ørsta og Volda sett i karantene og testa. Alle prøvesvara frå første test var negative. Personane sit framleis i karantene og skal testast på nytt i morgon, onsdag 3.februar.
Oppdatering 28.01.21, kl 11.00:
Ørsta melder at dei fekk meldt om positiv prøve i går kveld. Som følgje av dette er 60 personar busett i Ørsta og Volda sett i karantene. Smittesporingsteamet melder at dei har god oversikt over situasjonen.
Status 28.01.21 kl 10.00
Volda kommune har ikkje fått meldt om nye positive prøvesvar for covid-19 og har ingen personar i isolasjon. Det vart testa 280 personar i førre veke, noko som er eit lågt tal. Denne veka har det hittil blitt testa 292 personar i Ørsta og Volda. Denne auken heng saman med at Ørsta fekk meldt om 6 nærkontaktar til ein person som har testa positivt i Sunnfjord kommune. Vi har felles tal på testa personar då vi har felles teststasjon med Ørsta kommune.
Status 25.01.21
Volda kommune har ikkje fått meldt om nye positive prøvesvar for covid-19.
Vi har derimot fått mange spørsmål kring råd som gjeld her lokalt i samband med dei nye tiltaka som har kome på austlandet.
Vi vil difor forsøke å kome med tydelegare informasjon, særskilt for dei som har vore på reise.
Ørsta og Volda kommunar har ikkje innført eigne lokale tiltak, men vi følger dei nasjonale råda som regjeringa har kome med.
Slik situasjonen er no anbefaler ikkje Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet at kommunane innfører eigne reglar om karantene. Heller ikkje for personar som reiser ut frå kommunane på austlandet som er omfatta av dei nye tiltaka i samband med det muterte viruset.
Råd for deg som har reist frå affiserte kommunar på austlandet
- Hald avstand til andre
- Ikkje oppsøk stadar der det er vanskeleg å halde avstand
- Ha svært låg terskel for å teste deg
Elevar kan gå på skulen, barn kan gå i barnehagen og ein kan gå på arbeid sjølv om ein har vore i kommunane på austlandet som har fått innført nye tiltak (24.01.21). Det er ikkje lurt å invitere vennane dine heim på besøk rett etter at du har kome heim frå reise i desse områda. Dei som har vore nær nokon som har vore sjuke må vere ekstra varsame og teste seg.
Råd som gjeld for alle
- Gjennomfør berre nødvendige reiser
- Ha få nærkontakter
- Unngå å gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien dersom du har vore utanlands eller i områder i Norge med mykje smitte. Vent i 10 dagar og hald minst 2 meter avsand frå folk i risikogruppe. Det vert gjort unntak ved alvorlig sjukdom og i livets sluttfase i samråd med sjukeheimen
Det vart innført ei rekkje nasjonale tiltak 4. januar og nye råd 18. januar som medførte lettelsar for barn og unge. Det er desse råda som framleis gjeld her lokalt.
Kommunane som har fått eigne tiltak 24.01.21 er:
Nordre Follo, Oslo, Ås, Frogn, Indre Østfold, Enebakk, Moss, Våler, Nesodden, Vestby. Dei som har vore i desse kommunane bør vere ekstra forsiktig, men er ikkje pålagt å følgje eigne reglar.
Randsonekommunane som også har fått eigne tiltak, men ikkje like omfattande som dei over er: Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Drammen, Horten, Lier, Lillestrøm, Lunner, Lørenskog, Marker, Nittedal, Rakkestad, Rælingen, Råde og Skiptvet.
Timebestilling til koronatest
Bestill time på nett eller på telefon 700 58 960. Telefonen er open måndag-fredag kl.09-14.
Teststasjonen er i Langemyra 3 i Hovdebygda. Dersom du ikkje har bil eller har vanskar for å komme på teststasjonen i Hovdebygda, finn vi ei anna løysing for deg. Ta kontakt og vi gjer avtale om kvar du skal få tatt testen.
Ta gjerne i bruk appen Smittestopp.
Status 21.01.21
Volda kommune har ikkje mottatt fleire positive prøvesvar sidan tilfellet som alt er meldt om den 19. januar. Denne veka t.o.m. onsdag er det testa 187 personar i Ørsta og Volda. Dette viser ein nedgåande trend, færre har oppsøkt teststasjonen denne veka. Det er 3 personar som er i isolasjon og 2 nærkontaktar i karantene i kommunen.
Vi får totalt 72 doser i veke 5, 12 doser går til helsepersonell og 60 doser går til heimebuande eldre over 85 år.
Helsepersonell startar å ringe personar som er 85 år og eldre som bur heime. Gjennom telefonsamtalen vil dei eldste få informasjon om vaksina og helsepersonell vil registrere om dei ynskjer å takke ja til å få vaksine. Når dei seinare får tildelt tid for vaksine vil vi kunne fange opp dei som ikkje svarar og vi vil då ta kontakt med dei på telefon. Det er venta at vi kan starte vaksinering av denne gruppa i veke 5, med oppstart torsdag 4. februar.
Det vert sendt ut informasjonsbrev til personar som er 75 år og eldre om vaksinering mot koronavirus.
Frå og med fredag 22. januar vert det opna for alkoholservering i samband med matservering i Volda.
Status 19.01.21
Volda kommune fekk i dag ettermiddag meldt om ei ny positiv koronaprøve. Vedkomande er definert som nærkontakt, og var alt i karantene, og no sett i isolasjon. Det skal ikkje vere fleire nærkontaktar til denne personen som har fått påvist covid-.19.
Dei nye nasjonale råda som vart kunngjort av regjeringa 18.01.21 medfører lettelsar for barn og unge. Dei får igjen lov til å trene og er unntatt frå rådet om å halde 1 meter avstand. Det er framleis nasjonalt råd om å utsette eller avlyse cupar og kampar. Toppidretten må utsette kampar ei stund, men dei er unntatt frå regelen om 1 meter avstand under trening. Ungdomskulen går tilbake til gult nivå f. o.m. onsdag 20. januar.
Vi har frå og med i dag letta på restriksjonane for besøk på institiusjonar for eldre, slik at vi er tilbake til nivået som var før jul.
Volda kommune følger dei nasjonale råda, vi har ikkje lokale tiltak.
Status 18.01.21
Fredag kveld, 15.01.21, fekk vi meldt om ei ny positiv koronaprøve. Personen som fekk stadfesta covid-19 var alt i karantene og er no sett i isolasjon. Det er ikkje ytterlegare nærkontaktar til dette tilfellet.
I veke 2 vart det testa 437 personar i Ørsta og Volda.
Status 15.01.21
I går kveld, 14.01.21, fekk vi meldt om ei ny positiv koronaprøve. Ein person testa seg 13. januar etter innreise frå eit nordisk land.
Personen som no har fått stadfesta covid-19 var difor i reisekarantene, og er no sett i isolasjon. Det er berre ein nærkontakt til dette smittetilfellet som også var i karantene etter innreise .
Status 14.01.21
Volda kommune fekk i går kveld meldt om eit nytt smittetilfelle. Personen tok test 12. januar etter reise frå utlandet og var i reisekarantene, no sett i isolasjon. Personen har svært avgrensa nærkontaktar.
Det vart tatt 629 testar i veke 1, så langt denne veka er det tatt 297 testar i Ørsta og Volda.
Volda kommune har mottatt 25 vaksiner denne veka. I dag skal 20 pasientar på sjukeheimen ved Hornindal omsorgssenter få vaksine. I morgon skal 5 vaksiner bli gitt til kritisk helsepersonell.
I veke 3 vert resten av bebuarane som vil ha vaksine vaksinert på sjukeheim på Volda omsorgssenter vaksinert og vi skal starte å vaksinere dei som bur i omsorgsbustad.
Status 13.01.21
Volda kommune har ikkje mottatt fleire positive prøvesvar. Vi har no fått svar på prøvene til alle nærkontaktane til personen som testa positivt den 08.01.21. Nærkontaktane har fått tilbod om å ta ny prøve på torsdag 14. januar. Smittekjelda er ikkje kjent og vi oppmodar alle om å ha gode smittevernrutinar.
Status 11.01.21
Volda kommune har ikkje mottatt fleire positive prøvesvar, men vi har heller ikkje fått svar på alle nærkontaktar. Vi håper å få svar på alle nærkontaktane i morgon.
Status 09.01.21
Personen som har testa positivt på Covid-19 var på Family Sport Club om kvelden 5. og 6. januar. 8 deltakarar på ein gruppetime er sett i karantene. Alle som har vore på treningssenteret på tidspunkta som er nemt over, må følge ekstra nøye med på mulige symptom og ha låg terskel for å teste seg.
Det er no 58 personar i karantene. Smittekjelda er ukjent og ein arbeider med å finne smittekjelda. Fordi det er ukjent smittekjelde må alle vere ekstra på vakt og ha låg terskel for å teste seg.
Status 08.01.21
Volda kommune har fått stadfesta eit nytt smittetilfelle i kveld 08.01.21. Personen som har testa positivt for covid-19 er tilsett ved Øyra skule. Elevane og tilsette som skal i karantene får melding om det direkte frå Volda kommune. Smittesporing og kartlegging pågår.
Denne veka vart det testa 576 personar i Ørsta og Volda.
Status 07.01.21
Det er testa 391 så langt denne veka. Ingen nye positive prøver er mottat. Det er to personar i isolasjon på grunn av påvist covid-19 i Volda.
Dei første 40 vaksinene som Volda kommune mottok onsdag 6. januar er gitt til bebuarar på sjukeheimen ved Volda omsorgssenter. Neste veke får Volda 25 vaksinedoser. 20 av desse skal gå til pasientar på sjukeheimen ved Hornindal omsorgssenter og 5 til kritisk helsepersonell.
Status 06.01.21
I går kveld fekk vi meldt om eit nytt smittetilfelle i Volda. Smittevegen er kjent, det skriv seg frå utbrotet i Sula/Ålesund. Fire nærkontaktar er sett i karantene.
Sist veke vart det testa 335 personar i Ørsta og Volda.
Status 03.01.21
Volda kommune har i kveld 03.01.21 fått melding om eit nytt smittetilfelle. Vedkomande var allereie i karantene som nærkontakt i samband med smitteutbrot i Ålesund. Den smitta er no i isolasjon, og nærkontaktar held fram i karantene.
Status 30.12.20
Volda kommune fekk meldt om ei positiv koronaprøve i dag. Prøva var tatt i dag på ein tilreisande person utan nækontaktar lokalt. Personen er sett i isolasjon.
I veke 52 vart det tatt 647 prøver i Ørsta og Volda. Denne veka, dvs. måndag, tydag og onsdag er det tatt 253 prøver.
Vi minner om at dei som skal gå julebukk bør fylgje same råd som vart gitt ved Halloween:
Alle som deltek må vere friske, også dei som tek imot julebukkar.
- Hald to meter avstand til andre.
- Gå i små grupper, og med dei du er saman med til vanleg.
- Hald avstand til andre grupper, til dømes dersom det er kø utanfor enkelte hus.
- Alt godteri som blir delt ut, skal handsamast med reine hender, hanskar eller reiskap, og vere emballert (innpakka).
- Vent med å ete snopet til du er ferdig med runden, og til du har vaska/sprita hendene.
- Bruk refleks i mørket og ha gjerne med ein vaksen.
- Dersom du har luftvegssymptom eller av andre grunnar ikkje ønsker at nokon ringer på døra, heng opp ein lapp på døra eller ringeklokka, der det for eksempel står: «Velkomne tilbake på julebukk i 2021».
Status 24.12.20
Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol har meldt frå til Fylkesmannen om at vi er klare til å ta imot første levering av vaksiner i veke 1. Dei første vekene vil alle dosene vi får gå til bebuarar på sjukeheim. Vi får 40 doser første veka. Vi ønsker at alle får ei fin julefeiring.
Status 23.12.20
Seint i går kveld fekk Volda kommune to nye positive prøvesvar på covid-19. Begge var nærkontaktar til tidlegare tilfelle og er no sett i isolasjon. Smittevegen er kjent.
Teststasjonen opplever litt forseinking på koronasvar denne veka. Telefonen stenger kl 12.00 i dag, 23. desember. Etter dette kjem vi til å sende ut SMS med prøvesvar dei neste dagane slik at vi sikrer at alle får svar. Denne SMS-en kjem i tilfelle i tillegg til svaret på helsenorge for dei som får svar der.
- Opningstider på teststasjonen i jula, i veke 52 og 53:
- Måndag og tirsdag: 09.00-13.00
- Onsdag: 09.00-12.00
- Torsdag og fredag: Stengt
- Laurdag: 09.00-13.00
Det kan bli endringar i desse tidene.
Status 21.12.20
Det vart testa 778 personar på teststasjonen i førre veke. Det har ikkje kome fleire positive prøvesvar.
Status 19.12.20
I dag 19.12.20 fekk Volda kommune stadfesta eit nytt positivt prøvesvar. Personen var i karantene som nærkontakt til tidlegare smittetilfelle og er no sett i isolasjon. Smittevegen er kjent.
Status 18.12.20
Vi har fortsatt 5 smittetilfelle i isolasjon i Ørsta / Volda. Vi fekk ingen meldingar om fleire smitta i går, men det kom svar på 75 negative testar.
Status 17.12.20
Status er ingen nye smittetilfeller. Det vart testa 128 personar i går og 472 totalt denne veka. Volda og Ørsta ligg på høg testprosent.
Status 16.12.20
Status er fortsatt 5 smittetilfelle i isolasjon. Vi fekk ingen meldingar om nye smittetilfelle i går, det kom svar på 167 negative testar.
Status 15.12.20
Oppdatering om koronasituasjonen i Ørsta/Volda 15.12.20 kl.12
Vi har per no ikkje fått melding om fleire positive tilfelle knytt til smitteutbrotet. Vi forventar likevel at det kan kome fleire tilfelle, men at dette då vil vere hjå personar som sit i karantene og derfor gir mindre ringverknader.
Status for utbrotet er dette: 5 smittetilfelle i isolasjon og over 150 personar i karantene. Nokre av nærkontaktane er tilknytt andre kommunar og blir testa og fylgt opp der. Det er smittesporingsteamet som avgjer kven som skal i karantene.
Dei to siste dagane har 360 personar blitt testa på teststasjonen i Hovdebygda. Vi har motteke svar på om lag 280 av desse, og nærkontaktar har vore prioritert. Smittesporingsteamet vil dei nærmaste dagane gå igjennom og sjekke at alle prøvesvara har kome og ta kontakt igjen med alle nærkontaktane for vidare oppfølging.
Vi har no god oversikt over situasjonen. Det betyr at skulane i Ørsta og Volda etter nasjonale retningslinjer skal vere opne og driftast på gult nivå. På Dalane skule i Ørsta er 1.-5. trinn tilbake på skulen i dag, medan 6.-7. trinn er i karantene og har heimeskule. På Volda VGS er dei som skal vere det i karantene medan skulen elles held fram som normalt.
Det er ikkje grunnlag for å leggje ytterlegare restriksjonar på aktivitetar i lokalsamfunnet enn dei nasjonale retningslinjene.
Hugs at du ikkje kan kjenne forskjellen på ei vanleg forkjøling og symptom på korona. Får du luftvegssymptom, må du halde deg heime og teste deg. Hald hovudet kald og hjertet varmt.
Unni Natås, kommuneoverlege i Ørsta - Inger Lise Kaldhol, kommuneoverlege i Volda
Status 14.12.20
OPPDATERING OM SITUASJONEN I ØRSTA / VOLDA
Vi har så langt fått svar på 118 av dei 170 personane som vart testa på teststasjonen i går. 1 av 118 testar var positiv.
Det nye smittetilfellet er ein elev ved Volda VGS, busett i Volda kommune. Den smitta er nærkontakt til det første smittetilfellet ved Volda VGS. Seint i går kveld vart 39 nye nærkontaktar kontakta og sett i karantene. Nye nærkontaktar har blitt testa i dag. Totalt sett er det no 157 personar i karantene i knytt til smitteutbrotet.
Vi ventar fortsatt på fleire prøvesvar, og vil kome tilbake meir informasjon om resultatet av desse etter kvart. Det vil truleg kome fleire positive prøvesvar i dagane framover.
Dalane skule i Ørsta held fram med heimeskule til vi har fått prøvesvara vi ventar på.
Vi minner om at alle som har forkjølingssymptom må halde seg heime og bestille koronatest. Alle som har fått beskjed frå smittesporingsteamet om å vere i karantene skal halde fram med det. Dei som har testa negativt vil få tilbod om ny test på slutten av karantenetida og før dersom dei skulle få symptom. Dersom personar som sit i karantene får symptom, skal dei gå rett i isolasjon og husstandsmedlemmer i karantene.
Status 10.12.20
Det vart testa totalt 510 personar sist veke. I går, 09.12.20, kom det ei positiv prøve på ein nærkontakt. Denne personen var alt i karantene og er no sett i isolasjon.
Frå måndag 14. desember går teststasjonen tilbake til normal drift. Det er det transport av prøvene 12.30 og svar etter 1,5-2 døgn.
Status 04.12.20 kl 09.00
I går, 03.12.20, fekk vi meldt eit nytt positivt smittetilfelle. Det pågår smittesporing og nærkontaktar er sett i karantene. Smittekjelda er kjent.
Vi har fått spørsmål om tal på smitta no. Det er i dag 5 positive i isolasjon og 11 i karantene som nærkontaktar. Dette er oppdaterte tal frå smittevernlege fredag 04.12.20 kl 14.00.
Status 03.12.20 kl 09.00
Det er testa 535 personar i Volda og Ørsta i veke 48. Denne veka, måndag-onsdag, er det testa 354 personar. Som tidlegare meldt har det kome to positive prøvesvar denne veka (veke 49), den 30. november og 1. desember. Begge desse tilfella var alt i karantene som nærkontaktar og førte ikkje til at fleire måtte i karantene.
Status 02.12.20 kl 08.00
I går kveld, 01.12.20, fekk Volda kommune stadfesta eit nytt positivt prøvesvar. Personen er husstandmedlem til tidlegare påvist smittetilfelle og har difor vore i karantene. Det er ingen nye nærkontaktar som ikke er i karantene frå før.
Status 01.12.20
I går kveld, 30.11.20, fekk Volda kommune stadfesta eit nytt positivt prøvesvar. Personen er nærkontakt til tidlegare smittetilfelle og har difor vore i karantene. Smittevegen er kjent for dette tilfellet.
Status 30.11.20
Det er ikkje rapportert om nye smittetilfelle i Volda pr 30.11.20.
Grunna aukande smitte i Ørsta og Volda siste tida, samt smittetilfelle utan sikker smittekjelde (det siste meldt 27.nov), gjer vi no grep for å få så raske svar på koronatestane som råd i ein periode framover.
Sjølve testinga vil skje kl. 09.15- 11.00 på teststasjonen i Hovdebygda. Prøvesvara frå mikrobiologen i Molde vil i hovudsak kome same kveld som prøvene er tekne. Om svara ikkje ligg på helsenorge.no innan kl. 22, vil dei kome neste dag. Dei som ikkje finn svaret på helsenorge.no, kan ringe teststasjonen.
Det er svært viktig at alle som har luftvegssymptom held seg heime og tek kontakt for å bestille time til koronatest. Dette gjeld sjølv om du berre har ei lett forkjøling.
For at vi skal klare å oppdage smittetilfelle og hindre vidare smitte, er det svært viktig at folk testar seg.
Time til koronatest kan bestillast på nett (https://helseboka.app/helseboka/booking/staff/189947)
eller på telefon (700 58 960) måndag-fredag kl.09-14.
Statusoppdatering 27.11.20 kl 16.00
Volda kommune har fått stadfesta eit nytt smittetilfelle 27.11.20. Dette er ikkje knytt til pågåande utbrot. Smittesporing og kartlegging pågår.
Pga aukande smitte siste tida i Ørsta/Volda innfører vi etter råd frå FHI føre-var tiltak for å beskytte sårbare eldre.
Tilsette som jobbar med pasientnært arbeid på sjukeheimane, i HBO og bufellesskap for eldre skal frå i ettermiddag bruke munnbind på jobb.
Det vil bli gjort ei ny vurdering av situasjonen mot slutten av neste veke når vi veit meir om korleis situasjonen utviklar seg dei nærmaste dagane. Det vi innfører no er føre-var tiltak for å beskytte sårbare.
Elles i samfunnet held vi fram med å følgje dei nasjonale retningslinjene med barnehagar og skular på gult nivå og nasjonale reglar for aktivitetar for barn og unge, arrangement m.m.
Vi minner alle om å følgje smitteverntiltaka:
- Hald deg heime og ta koronatest om du har luftvegssymptom
- Vask hender og hald avstand
- Avgrens tal på nærkontaktar
Status 27.11.20 kl 11.00
Helsestasjonen har opna att og er i normal drift. Den tilsette som har vore nærkontakt og er i karantene, har testa negativt.
Status 26.11.20 kl 09.00
Tal på testa denne veka, månd-torsd, 264 personar i Volda og Ørsta. Førre veke 423 personar. To personar som er busett i Volda kommune har testa positivt for covid-19 sist veke. Eitt smittetilfelle den 25.11.20 (husstandmedlem av person som kom frå raudt land og testa positivt 17.11.20) og eitt den 26.11.20 (leiar i helse og omsorg som fekk positivt prøvesvar morgonen den 26.11.20). Dei tre andre leiarane er ikkje busett i Volda kommune.
Ytterlegare ein leiar har testa positivt for covid-19. Denne personen var sett i karantene som nærkontakt til dei andre leiarane ved helse og omsorg som har testa positivt og er no sett i isolasjon. Arbeid med kartlegging av nærkontaktar pågår. Vi kjenner ikkje til at leiaren har hatt pasientnært arbeid. Nærkontaktar vert sett i karantene fortløpande.
Helsestasjonen har valt å halde stengt i dag i påventa av testresultat og avklaring av situasjon. Dette som eit føre-var tiltak. Planlagde oppdrag er utsett.
Førebygging og rehabilitering på omsorgssenteret i Volda har stoppa inntak av pasientar som eit føre-var tiltak.
Heimebasert teneste har sett i verk beredskapsplan der dei avgrensar tenestene og ikkje tek besøk der det ikkje er nødvendig. Dette er også eit føre-var tiltak.
Smitten vart spreidd på eit møte der smittevernrutinane vart følgt nøye. No har kommunen fått på plass databehandleravtale for sensitive personopplysningar og kan difor i større grad nytte nettmøter i den administrative drifta.
Det vert stengt for besøk på Volda omsorgssenter. Pasientar som er dårlege vil få tilrettelagt for besøk. Dette er av omsyn både for bebuarane, tilsette og besøkande. Pårørande må ta kontakt med avdelinga for å gjere avtale om besøk.
Vi oppmodar om at besøk på Fjordsyn og Barstadmarka også vert sterkt redusert.
Minner alle om å følgje smitteverntiltaka:
- Hald deg heime og ta koronatest om du kjenner på luftvegssymptom
- Vask hander og hald avstand
- Avgrens tal på nærkontaktar
Kontaktperson for media er ordførar Sølvi Dimmen, tlf. 996 27 876
E-post: solvi.dimmen@volda.kommune.no
Status 25.11.20 - kl 15.50
Volda kommune har fått eitt nytt smittetilfelle i dag, 25.11.20 kl 15.50. Personen var i karantene etter at hustandsmedlem testa positivt for Covid 19 etter opphald i raudt land. Personen er no i isolasjon. Det er ikkje venta smittespriing frå dette tilfellet.
Status 25.11.20 - kl 10.00
I går testa 3 leiarar i helse- og omsorgssektoren i Volda kommune positivt på Covid 19. Smittesporingsteamet melder at smittekjelda er kjent og at nærkontakter er sett i karantene og vert testa. Det er ikkje registrert at desse leiarane har hatt kontakt med pasientar. Til saman er det sett 10 nærkontaktar i karantene.
Det eine smittetilfellet frå 17. november har ikkje kjent smittekjelde. Alle må ha svært låg terskel for å halde seg heime og teste seg om dei kjenner på luftvegssymtom. Sjølv om symptoma er små kan det vere covid-19.
Kontaktperson for drift av helse- og omsorgstenestene er:
Smittevernlege:
- Bent Ingebrigtsen
- Pga arbeidssituasjonen ber han om at de tek kontakt på e-post og legg igjen telefonnummer slik at han kan ringe tilbake. Skriv gjerne også kva spørsmålet er. E-post: bent@ingebrigtsen.me
Tal på testa personar i Volda og Ørsta
I veke 47 (førre veke) vert det testa 423 personar. Hittil denne veka, dvs. måndag 23. og tysdag 24. november er det testa 201 personar.
Status 19.11.20 kl. 16.50
Volda kommune har i dag fått svar på alle prøvene som blei tatt av nærkontaktar av dei positive tilfella på tysdag. Fire nærkontaktar har testa positivt. Smittesporing har ikkje avdekt nye personar som må i karantene i lokalområde. Kommuneoverlegen ber alle som har luftvegssymptom om å teste seg. Vi har framleis eit smittetilfelle med ukjent smittekjelde.
Status 19.11.20
I veke 46 vart det testa 380 personar i Volda og Ørsta. Denne veka, det vil sei måndag, tysdag og onsdag, vart det testa 266 personar. Volda kommune har mottok 3 nye positive prøver den 17. november. Ein kom frå raudt land, ein har vore på reise i innlandet på stad med høgt smittetrykk og ein person har framleis ukjent smittekjelde. Det pågår framleis smittesporing og ein ventar prøvesvar på nærkontaktar i kveld og i morgon. Vi kjem tilbake med ny statusoppdatering dersom vi får fleire positive prøvesvar.
Test deg om du kjenner på luftvegssymtom. Det er det viktigaste vi kan gjere, i tillegg til å følgje reglane om avstand, vaske hender og vere heime om vi er sjuke.
Karantenehotell
For å avgrense importsmitte (smitte som kjem til Norge frå utlandet) har regjeringa innført ordning med karantenehotell. Utanlandske passasjerar skal kontrollerast ved første grensepassering, og handterast i karantenehotell nært innreisepunktet. Det er politiet i grensekontrollen som vurderer vilkåra for innreise til Norge og informerer om plikta til å opphalde seg på karantenehotell.
Vigra lufthamn er for tida den einaste flyplassen i fylket som har internasjonale rutefly og det er difor Ålesund og Giske kommunar som i Møre og Romsdal har karantenehotell. Volda kommune har såleis ikkje karantenehotell.
Kommunane har ikkje høve til å gje dispensasjon i høve desse reglane. Her kan du lese meir om reglane for innreise til Noreg på regjeringa.no.
Svar på prøveresultat , status 19.11.20
Løysinga der ein sjølv kan sjekke resultatet av koronatesten på Helsenorge.no fungerer ikkje. Vi vil difor sende ut svar på SMS til dei som er testa frå og med onsdag 18.11. Dei som var testa før dette og framleis ikkje har fått svar kan ringe teststasjonen (700 58 960) for å få svaret.
Status 18.11.20
Smitteoppsporingsteamet i Volda og Ørsta vil minne alle på at om du får luftvegssymptom, må du halde deg heime og avtale test med teststasjonen. Dette er heilt naudsynt, sjølv om du trur du berre er litt forkjøla. For mange kan koronasjukdom vere nettopp det, som ei forkjøling.
Volda kommune fekk i går kveld melding om to nye positive koronaprøver. Ingen av desse er knytt til utbrotet vi har hatt, og den eine personen har ukjent smittekilde. Alle nærkontaktar er varsla, men smittesporinga vil halde fram i håp om at vi finn kjelda. 13 nærkontaktar er sett i karantene. Nærkontaktane vil bli testa, og vi kjem tilbake med meir informasjon når resultata av desse prøvene er klare. Det vil tidlegast skje på kvelden torsdag melder kommuneoverlegen.
Ingen av dei smitta er tilsett i kommunen. Det var tilsaman tre nye positive prøvesvar 17.11.20, ein på etttermiddagen og to på kvelden.
Status 17.11.20
Volda kommune har i dag fått melding om ei positiv koronaprøve. Personen var i karantene etter opphald i raudt land og er no sett i isolasjon. Det er to nærkontaktar som er sett i karantene. Det er ikkje forventa smittespreiing i lokalsamfunnet av dette tilfellet. Smittesporinga er avslutta.
Status 12.11.20
Det har vore møte i kriseleiinga. Kommuneoverlegen melde om at det var testa 581 personar i Volda og Ørsta sist veke. Til no denne veka 274 personar, dvs. måndag-onsdag. Det har ikkje kome inn fleire positive prøvesvar i Volda. Ein innbyggjar i Ørsta fekk påvist covid-19. Denne personen har tilknyting til utbrotet som har vore i Volda, og har difor vore i karantene. Smitten har skjedd i heimen.
Status 10.11.20
Det har ikkje kome nye positive prøvesvar sidan 04.11.20 (som tidlegare meldt). Så lenge det ikkje kjem nye positive prøvesvar eller situasjonen endrar seg, så vert det berre lagt ut statusoppdatering ein gang i veka. Kriseleiinga har møte kvar torsdag med mindre det oppstår endringar i situasjonen.
Det har kome spørsmål om smitteverntiltak og om det er lokale tiltak i Volda. Volda kommune har ikkje innført lokale tiltak då dette er meint for bu- og arbeidsregionar med stort smittetrykk.
Status 05.11.20 kl 11.00
Denne veka, det vil sei måndag, tysdag og onsdag, vart det testa 415 personar i Volda og Ørsta. Vi fekk inn to nye positive prøvesvar 04.11.20. Begge er tilknytt pågåande utbrot og har vore i karantene. Desse nye positive prøveresultata har difor ikkje konsekvens for smittesituasjonen i Volda.
Status 03.11.20 kl 17.00
Kommuneoverlege Inger-Lise Kaldhol seier at vi har god oversikt over det lokale utbrotet gjennom smittesporinga. Fleire kan teste positivt, men vi forventar at det er folk som allereie er sett i karantene. Dette betyr ikkje at folk skal slappe av når det gjeld nasjonale smitteverntiltak. Smitten aukar i Norge og vi kan få nye lokale utbrot.
Alle som set i karantene skal gjere det i ti dagar, det gjeld også lærarar og elevar uavhengig av testresultat. Vi tilbyr alle nærkontaktar testing. Mange av nærkontaktane blir også testa to gonger.
Folkestad skule
Per Ivar Kongsvik, kommunalsjef oppvekst, melder om at vi vil ha drift på gult nivå på Folkestad skule frå måndag 9. november. Gult nivå er det nivået vi har vore på heile hausten.
Status 03.11.20 kl 11.00
Det kom i går ettermiddag melding om ei ny positiv prøve i Volda. Vedkomande er nærkontakt til ein av dei to som testa positivt på koronavirus 27.10.2020. Denne personen har difor vore i karantene.
Status 02.11.20 kl 12.00
Det vart testa 668 personar i førre veke. Som tidlegare meldt var det 8 personar som testa positivt for covid-19.
Til no er det totalt 120 personar i karantene i Volda.
Personar som er i karantene og som får symptom skal gå rett i isolasjon, resten av husstanden skal då rett i karantene. Dette er jamfør nye nasjonale råd og reglar frå Regjeringa 30. oktober.
Alle som får symptom som kan vere covid-19 , skal halde seg heime medan ein ventar på prøvesvar. Viss svaret på prøva er negativ, kan ein gå på skule og jobb igjen når allmenntilstanden er god. Viss svaret på testen er positiv, skal den som er testa isolerast, og det vert sett i gong smittesporing. Alle som er nærkontakter til den smitta skal setjast i karantene.
Her kan du lese meir om reglane om kva det vil seie å vere karantene og isolasjon.
Alle må vere med på den nasjonale dugnaden og halde talet på nærkontaktar så lågt som mogleg. Ein nærkontakt er ein person du har vore nærare enn 2 meter i meir enn 15 minutt
Volda kommune presiserer at i Volda gjeld dei nasjonale tiltaka, det ikkje er sett i verk lokale tiltak. Regelen om å ha meir enn 2 meter avstand om du skal vere saman med nokon i meir enn 15 minutt for å unngå å bli nærkontakt er ein nasjonal regel som du kan lese meir om her.
Folkestad barnehage er frigitt og den er opna i dag. Det er avtalt tilbod med heimane.
Status 01.11.20 kl 14.40
Volda ungdomsskule:
Til no er det sett 47 elevar i karantene, 3 lærarar og 7 studentar.
Heile 9. klassesteg vil få heimeundervisning frå og med måndag. Dei er informert og får den informasjonen dei treng frå skulen.
Fleire elevar frå andre klasser på dette årssteget er i karantene sidan den smitta eleven har hatt undervisning i ei elevgruppe samansett av elevar frå fleire klasser. I samråd med smitteteamet vel ein difor heimeundervisning for heile årssteget.
8. og 10. klassesteg har ordinær undervisning på skulen. Skulen er på gult nivå.
Status 31.10.20 kl 17.00
Volda kommune har det siste døgnet fått melding om to nye personar som har testa positivt på Covid-19. Begge sat i karantene då smitten blei påvist, men smittesporing går tilbake i tid og det vil derfor føre til at fleire må i karantene. Ein av dei som testa positivt er elev ved Volda ungdomskule. Smitteoppsporingsarbeidet pågår.
Elevane som skal i karantene vil få melding om det.
Ekstra opningstid - teststasjon og koronatelefon for Volda og Ørsta
Telefonen og teststasjonen vert open på søndag 1. november frå kl 10-14.
- Ring 700 58 960 for å gjere avtale om test før du kjem
- Oppmøtestad: Langemyra 3, Hovdebygda
- Om du ikkje kjem deg til teststasjonen finn vi ei anna løysing for deg. Ta kontakt!
Har du behov for hjelp med innkjøp? Ta kontakt med frivilligsentralane.
Status 30. oktober kl 13.00
I etterkant av at Volda kommune fekk svar på 4 positive prøvesvar 29. oktober er det utført omfattande smittesporing.
Sidan i går har det blitt sett ytterlegare 19 personar i karantene. I alt er det no 63 personar i karantene i Volda og Ørsta i samband med smittesporinga. Det er også avdekt nokre nærkontaktar i nabokommunar.
Dei 4 personane som har testa positivt er alle nærkontaktar til dei to personane som fekk stadfesta covid-19 den 27.10. 20.
Resten av prøvene frå nærkontaktar frå smittesporinga så langt har vore negative, men det vil bli gjennomført fleire testar i dag og dei komande dagane.
Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol seier at det varierar kva symptom dei smitta har, men det er luftvegssymptom som sår hals, hoste, lhovudverk og feber. Vidare seier ho at dei har blitt sjuke kort tid etter nærkontakt med smitta person.
Smittekjelda
Ålesund kommune har skrive på sine heimesider at:
«Ein person har fått påvist smitte etter at han var definert som nærkontakt i samband med det utbrotet i Volda denne veka. Vedkommande er i isolasjon og smittekartlegging pågår vidare.»
Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol har tidlegare gått ut med at smittekjelda har vore ukjent. Etter kartlegginga som har pågått siste dagane er det grunn til å tru at smittekjelda kjem frå Ålesund.
Folkestad skule og barnehage
Komande veke blir det «heimeskule» for elevane ved Folkestad skule. Fleire tilsette er sett i karantene pr i dag, då dei er nærkontaktar. Ingen av elevane er karantene, og for elevane gjeld difor nasjonale råd for sosial omgang.
Informasjon frå kontaktlærar til elevane kjem i Showbie eller Classroom. Elevane vil få arbeidsplanar og møtepunkt med sine kontaktlærarar/lærarar måndag morgon kl. 09.00.
Dersom det er behov for avklaringar ta kontakt med kontaktlær, rektor eller avdelingsleiar skule.
Folkestad barnehage held stengt til over helga i påvente av prøveresultat.
Det er kontroll på nærkontaktane til dei tre andre som har fått stadfesta covid-19.
Teststasjonen og koronatelefonen for Volda og Ørsta
Telefonen og teststasjonen vert open på søndag frå kl 10-14.
Ring 700 58 960 for å gjere avtale om test.
Status 29.10.20, kl 20.45
Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol melder om at Volda kommune i kveld har fått melding om fire positive koronaprøver. Alle desse er knytt til dei to positive prøvene frå tysdag. Ein av dei som har testa positivt er tilsett på Folkestad skule. For at kommunen skal få betre tid til å få ei god oversikt over situasjonen vil skulen og barnehagen på Folkestad i morgon vere stengt. Smittesporingsarbeid pågår.
Status 29.10.20
I veke 43 vart det til saman testa 313 personar i Ørsta og Volda. I går, 28.10.20, vart det testa 170 personar. Vi ventar å ha svar på desse i testane i morgon. Siste positive prøvesvar var, som tidlegare meldt 27.10.20, då mottok kommunen melding om at to personar hadde testa positivt for covid-19.
Mange i kommunen er berørte av koronasituasjonen, det er 44 personar som er sett i karantene etter smittesporing rundt dei to positive prøvesvara som kom den 27.10.20. I denne samanheng har vi laga eit informasjonsskriv om koronasituasjonen i Volda der vi også har oppsummert gjeldande nasjonale råd og retningsliner. (PDF, 130 kB) Volda kommune følgjer dei nasjonale råda som er gitt. Det er ikkje behov for lokale tiltak slik situasjonen er no, men alle må ta ansvar og følge dei nasjonale råda.
Status 27.10.20 kl. 13.15
Smittesporinga for dei to tilfella i går er avslutta, og det blei totalt 44 personar som blei sett i karantene. Klassa på Volda vgs. skal ikkje vere i karantene, dei er ikkje rekna som nærkontakter.
Vi testar mange av nærkontaktane i dag, men ventar ikkje svar på desse prøvene før i morgon kveld.
Om det ikkje kjem nye tilfeller i dag, har vi ikkje meir informasjon i dag.
Status 27.10.20 kl 17.00
Smittekjelda til dei to som testa positivt på koronavirus 27.10.2020 er ukjent. Alle i lokalmiljøet må difor vere ekstra på vakt og teste seg dersom nokon kjenner på symptom.
Volda kommune har i dag, 27.10.2020, fått melding om to nye positive koronaprøver.
I veke 42 vart det til saman testa 248 personar i Ørsta og Volda. Det er ingen nye som har testa positivt i Volda.
Det er testa 186 personar i veke 41. Tala gjeld både Ørsta og Volda. Det er ingen nye positive prøvesvar.
Det har også kome svar på prøvene som vart tatt av nærkontaktene til personen som testa positivt for Covid-19 den 10. oktober. Ingen av dei har fått positivt prøvesvar. At testane var negative, betyr at det ikkje er påvist smitte hjå den einskilde på noverande tidspunkt. Karantenebestemmelsane gjeld likevel, det vil sei at den einskilde må vere i karantene slik som bestemt uavhengig dette testresultatet.
Neste statusoppdatering kjem torsdag 22. oktober, om det ikkje oppstår endringar i situasjonen.
- om personen som fekk positivt prøvesvar på Covid-19 laurdag kveld den 10.10.20.
Situasjonen er under kontroll så langt vi veit no. Den smitta kom frå utlandet og vart testa på Vigra. Vedkomande er sett i isolasjon. Personen han reiste saman med og dei andre han bor saman med er sett i karantene. Dei vert testa i morgon.
Den smitta kom frå utlandet for å arbeide. Dei han bor saman med er også i Norge for å arbeide.
Det er i kveld kome svar på ein person som har testa positivt for Covid-19 som oppheld seg i Volda. Smittevernsvakta held på med smittesporing. Til no er fem personar i karantene.