Testing av Covid-19/koronavirus

Det er svært viktig at alle som har luftvegssymptom held seg heime og tek kontakt for å bestille time til koronatest. Dette gjeld sjølv om du berre har ei lett forkjøling.

  • For at vi skal klare å oppdage smittetilfelle og hindre vidare smitte, er det svært viktig at folk testar seg.  
  • Du kan få SMS eller e-post når svaret er klart. Då slepp du å logge inn på helsenorge for å sjekke om svaret har kome. Les meir her.

Timebestilling:

  • Bestill time på nett: http://helseboka.app/b/s/189947 (Det er kun dei fire neste dagane som vil visast til ei kvar tid.)
  • Eller på telefon: 700 58 960
  • Opningstid: kvardagar kl 09.00-14.00
  • Oppmøtestad: Langemyra 3, Hovdebygda
  • Dersom du ikkje har bil eller har vanskar for å komme på teststasjonen i Hovdebygda, finn vi ei anna løysing for deg. Ta kontakt og vi gjer avtale om kvar du skal få tatt testen.

.Klikk for stort bilete

Det er felles interkommunal teststasjon i samarbeid med Ørsta kommune.

Folkehelseinstituttet om testkriterie.

Sjekk prøvesvaret ved testing av covid-19 på nett

Dersom du har blitt testa for covid-19 (koronavirus) vil du finne resultatet av prøvene her: 

Alle som får symptom som kan vere covid-19 , skal halde seg heime medan ein ventar på prøvesvar. Viss svaret på prøva er negativ, kan ein gå på skule og jobb igjen når allmenntilstanden er god. Viss svaret på testen er positiv, skal den som er testa isolerast, og det vert sett i gong smittesporing. Alle som er nærkontakter til den smitta skal setjast i karantene.