Her kan du få hjelp

Dagleglivet er endra på grunn av pandemien. Vi må vere heime, og barn/elevar har reduserte fellesaktivitetar på fritida. Dei som strevar i dagleglivet kan få det enno vanskelegare no, og det er viktig å vite kvar ein kan vende seg for å få hjelp, støtte og rettleiing.

Kjenner du deg einsam er det viktig at du tek kontakt med nokon du kan snakke med.

Ta med deg ein ven på ein av StikkUt turane. Utstyrssentralane har utstyr for utandørsaktivitetar og vi oppmodar alle om å vere aktive uteandørs.

Du kan bli med på aktivitetar organisert av Hornindal frivilligsentral. Dei har handarbeidskafé, turgruppe for vaksne damer og karatreff. Du finn oppsette tider på heimesida deira.

Volda sanitetslag si sanitetsstove i Halkjelsgata står til disposisjon om nokon vil nytte lokala til å møtest, men kanskje ikkje har store nok lokale heime til å kunne halde avstand. Maks 10 personar om gongen. Kontakt Aud Osdal, tlf. 913 38 785.

Om du treng nokon å snakke med finst det mange kontakttelefonar som BaRsnakk, UngPrat, kirkens sos, Røde kors sin hjelpetelefon "kors på halsen", Foreldresupport, Mental helses hjelpetelefon for å nemne nokon. Kontaktinformasjon finn du under.

Viss de ynskjer å snakke med jordmor, helsesjukepleiar eller psykolog kan du ta kontakt på tlf. 70 05 88 20.

Til deg som er ung

Om du slit med vonde tankar eller har det vanskeleg heime, er det viktig at du snakkar med nokon du stolar på. Sjølv om skulen er stengt, så er læraren din framleis på jobb og tilgjengeleg for deg.

I tillegg fins det fleire om du treng nokon å snakke eller chatte med:

Alarmtelefon for barn og unge: 116 111

Alarmtelefonen er et naudnummer for deg som er utsett for vald, overgrep eller føler deg utrygg på andre måtar. Du kan også ringe dersom du er bekymra for nokon du kjenner. Telefonnummeret er 116 111 og er døgnope i samband med korona-situasjonen.

BaRsnakk

www.barnavrus.no/tilbud/barsnakk

Eit chattetilbud til deg med foreldre eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Chatten er open måndag til onsdag frå 17.00–20.00 og du kan skrive anonymt om det som opptek deg. Tilbodet er drifta av frivillege i organisasjonen Barn av rusmisbrukere.
 

Kors på halsen

www.korspaahalsen.rodekors.no

Eit tilbod til deg under 18 år. Her jobbar frivillege vaksne frå Røde Kors. Du kan velje om du vil ringe, chatte, eller sende e-post. Telefonen 800 333 21 er open frå måndag til fredag mellom 14.00–22.00. Du kan også snakke med andre på din alder på forumet.
 

SnakkOmPsyken.no

www.snakkompsyken.no

Dette er Blå Kors si chatteteneste for deg mellom 9–19 år. Her kan du chatte om vanskelege tankar og følelsar. Opningstidene er måndag-torsdag frå 09.00–21.00, fredag frå 09.00–15.00, og søndag frå 15.00–21.00.
 

UngPrat.no

www.ungprat.no

Samtaleteneste til barn og unge mellom 13–24 år som treng nokon å prate med. Ungprat.no er ope søndag – fredag 09:00–21:00.

 

Til deg som er bekymra for eit barn

Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

Alarmtelefonen er det nasjonale naudnummeret for barn og unge. Vaksne som er bekymra for eit barn kan ringe alarmtelefonen. Her jobbar fagpersonell og er døgnope i samband med korona-situasjonen.
 

Voksne for Barn

www.vfb.no/

Tilbyr ei rådgjevarteneste for deg med spørsmål om barn og unge. Du kan sende inn spørsmål skrifteleg å få svar frå ein fagperson.
 

Barnevernet.no

www.barnevernet.no

Barnevernet er inkludert i gruppa samfunnskritisk personell under koronakrisa, for å sikre dei mest utsette barna. På barnevernet.no er det informasjon om barnevernvakter og barneverntenesta i alle kommunar og korleis du melder din bekymring til barnevernet.

Lenke til barnevernvakta til Volda kommune.

Til deg som har det vanskeleg

Dette er ei krevjande tid for barn og vaksne. Dersom du opplever at det er vanskeleg å handtere situasjonen, eller treng hjelp for å vere ein god forelder, er det fleire gode tilbod til deg.
 

Mental Helse hjelpetelefonen: 116 123

Hjelpetelefonen er ei gratis døgnope telefonteneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym og dei har teieplikt. Der er også ein chat på sidetmedord.no.
 

Kirkens SOS

Her kan barn, ungdom og vaksne ta kontakt for å snakke med nokon anten på telefon, på melding eller chatte. Ta kontakt på tlf: 22 400 040 heile døgnet. SOS-chat er ope kvardagar kl. 18.30–22.30 og det er heilt anonymt.
 

Foreldresupport

Foreldresupport er ein døgnopen telefon- og chatteteneste for omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller har behov for å lufte tankane med nokon. Den er drifta av Mental Helse, og telefonnummeret er 116 123 (tast 2).
 

Vald- og over­greps­lina 116 006

Ei døgnopa hjelpeline for deg som opplever vald i nære relasjonar eller er bekymra for nokon du kjenner. Tenesta er anonym.  
 

Anonyme Alkoholikere (AA)

Anonyme Alkoholikere er eit fellesskap av kvinner og menn som deler erfaring, styrke og håp med kvarandre for at dei kan løyse sitt problem og hjelpe andre å friskne til frå alkoholisme.
Telefon: 911 77 770, ope måndag – fredag (11.00 – 15.00 og 18.00 – 22.00), laurdag – søndag (18.00 – 22.00)
 

Rådgjevartelefon for pårørande

Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse og rus.
Dei tilbyr rådgjeving om rettigheitene og behov til pårørande, og om hjelpeapparatet. www.piosenteret.no.
Der er også ein chat for unge.

 

Arrangør

Arrangement

Kontakt/nettside

Friluftsforenings, friskliv, stikk-ut

Stikk ut-turar, også fotturar 

https://www.stikkut.no/stikkut/turer

Volda Røde kors

Omsorg

Sentrum: Ny fast kvinnegruppe på Røde kors-huset blir starta ei ny over nyttår.

Sigrid Bjerkvik

47637455

Fresesarmeen

Nyttårsaftan kl 16.00 påmelding

Marie Alnes 99154595

Volda Sanitetslag

Sanitetsstova i Halkjelsgata står til disposisjon om nokon vil nytte lokala til å møtest, men kanskje ikkje har store nok lokale heime til å kunne halde avstand. Maks 10 personar om gongen.

Aud Osdal

91338785

Hornindal Sanitetslag

Ringevener

Kløvertur kvar torsdag kl 15.00, oppmøte v. oppslagstavla/klatreparken

Jorunn Anne Tomasgard 902 33 313

Volda kyrkje

Streaming av arrangement i Volda kyrkje til institusjonar

Kontakt: 70 07 40 90

Trivsel i sentrum

Peparkakelandsby på Spinneriet

Ellen Hesselberg  984 63 594

Volda folkebibliotek

Volda sentrum:

Måndag 12-19

Tysdag 12-19

Onsdag 12-16

Torsdag 12-19

Laurdag 11-14

I romjula måndag 28., tysdag 29. og onsdag 30. ope 12-16

Hornindal:

Bemanna onsdagar 14-19

Meirope når servicekontoret er ope 9-15, måndag, onsdag og fredag

 

Hornindal frivilligsentral

Handarbeidskafe, Smia, torsdagar kl 19.30-22.00

Karatreff, varmestova på Hornindal skisenter, måndagar kl 12-14

Jentetrimmen turgruppe (vaksne damer) måndagar kl 13.30. Oppmøte Spar

 

Utstyrssentralane

 

Vi oppmodar voldingar om å vere aktive utandørs. Nytt gjerne utlånssentralane våre, BUA Volda tlf 917 25 639 og Hornindal Utstyrbank tlf   415 12 813, der har vi utstyr til låns for vinterutandørsaktivitet både med og utan snø. 

BUA Volda  917 25 639

Hornindal Utstyrbank 415 12 813

 

Kontakttelefonar og nettstadar:

 

 

 

 

 

Barnevernvakta (Interkommunal, sete i Ålesund)  91576020                                                      

Kirkens sos                                                                    22 10 22 10

Røde kors, Kors på halsen                                          80 03  33 21

Kirkens sosialteneste                                                   23 32 75 50

BUF.dir, chatteteneste         

Mental helses hjelpetelefon                                        116123

Foreldresupport                                                           116123 tast 2

Alarmtelefonen for barn og unge                               116 111

 

www.kirkens-sos.no

https://korspaahalsen.rodekors.no

 

www.ung.no

www.hjelpetefonen.no

www.foreldresupport.no