Ukraina og Volda

Ukraina og Volda

Volda kommune skal ta imot 140 flyktningar i 2023, dei fleste frå Ukraina. I 2022 tok vi imot 146 flyktningar.

Av desse er mange born som skal inn i skule og barnehage, men som vil stå utan fritidstilbod. Det er ønskjeleg å få flyktningane inn i allereie eksisterande fritidstilbod.

Vi håpar at der er moglegheiter for deltaking lag og organisasjonar i Volda kommune. 

Vi ønskjer at både born og vaksne skal føle seg velkomne og ivaretekne når dei kjem. Vi ser at frivillige organisasjonar kan vere med å bidra til å skape eit godt møte med lokalsamfunnet for dei som kjem til Volda, og at både det offentlege og private står sterkare dersom ein samarbeider.

 

Regjeringa har etablert sider der innbyggjarar kan få svar på det dei lurer på om situasjonen kring Ukraina.

Utanriksdepartementet vil oppdatere desse sidene fortløpande:  Angrepet på Ukraina - spørsmål og svar (regjeringen.no)

Utdanningsdirektoratet sine sider med nyttig informasjon

Spørsmål og svar om Ukraina og Volda

Vil du hjelpe Ukrainske flykningar?

I tida som kjem vil det kome behov for frivillige som kan hjelpe flyktningane som kjem til Volda. 

Dersom du vil hjelpe til i samband med flyktningar som kjem til Volda, kan du registrere deg. I tillegg til kontaktinformasjon, kan du registrere kva du vil hjelpe til med.

Registrer deg her

Du blir kontakta dersom det vert behov for frivillig innsats. Kommunen vil vidareformidle kontaktinformasjonen din til aktuelle frivillige lag eller organisasjonar dersom det vert aktuelt.

Etterkvart som det vert behov for utstyr, klede eller liknande og for frivillig innsats vil vi legge ut informasjon om kva det er behov for.

Volda kommune har oppretta helpegrupper som både enkeltpersonar og frivillige lag og organisasjonar kan melde seg inn i.

Du melder deg enkelt inn i ei eller begge gruppene her:

Uansett kva du ynskjer å bidra med takkar vi for at du melder deg inn i ei av gruppene! Vi set stor pris på engasjementet, og tek kontakt når vi har konkrete oppgåver som må løysast.

Koordinator for dette arbeidet er Kristine Sofie Orheim Hansen, avdeling kultur.

 

Kontakt

Kristine Sofie Orheim Hansen

dagleg leiar Hornindal Frivilligsentral

Send e-post

Mobil 415 12 813

Mona Helen Kile

folkehelsekoordinator

Send e-post

Mobil 907 42 989

Registrering hos politiet

Registreringsside for Ukrainske flykningar (politiet.no)

Her finn du informasjon frå politiet (politiet.no).

Informasjon frå UDI på tre ulike språk (norsk, ukrainsk og russisk):

Informasjon til søkjarar som skal registrere seg hos politiet
Tittel Publisert Type
NO_-_Informasjon_til_sokere_som_skal_registrere_seg_hos_politiet_

04.04.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned NO_-_Informasjon_til_sokere_som_skal_registrere_seg_hos_politiet_.pdf
UKR_-_Informasjon__til_sokere_som_skal_registrere_seg_hos_politiet

04.04.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned UKR_-_Informasjon__til_sokere_som_skal_registrere_seg_hos_politiet.pdf
RUS_-_Informasjon_til_sokere_som_skal_registrere_seg_hos_politiet_

04.04.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned RUS_-_Informasjon_til_sokere_som_skal_registrere_seg_hos_politiet_.pdf
Informasjon frå UDI om kollektiv beskyttelse for ukrainarar i Noreg
Tittel Publisert Type
13.03.22_-_Ukrainsk_-_kollektiv_beskyttelse

04.04.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 13.03.22_-_Ukrainsk_-_kollektiv_beskyttelse.pdf
13.03.22_Norsk_-_informasjon_om_kollektiv_beskyttelse_1

04.04.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 13.03.22_Norsk_-_informasjon_om_kollektiv_beskyttelse_1.pdf
13.03.22_-_Russisk_-_kollektiv_beskyttelse_-_Russisk

04.04.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 13.03.22_-_Russisk_-_kollektiv_beskyttelse_-_Russisk.pdf

 

Har du bustad til flykningar?

Det er mykje som framleis er uklart med omsyn til kor mange flyktningar som vil kome og når dei vil kome. Vi treng ei oversikt over tilgjengelege bustadar. Innsendt skjema er ingen kontrakt, men ei kartlegging.

Vi presiserer at kommunen ikkje forpliktar seg til å nytte bustadene som vert meldt inn – og motsett, ei melding til kommunen forpliktar heller ikkje huseigar på nokon måte.

Bustadene vi ønsker oversikt over må oppfylle følgande krav:

  • Eigen bustad (eigen inngang)
  • Rom godkjend til opphald (brannsikring, rømingsvegar, dagslys m.m.)
  • Kjøkken, opphaldsrom, bad og soverom
  • Internett

 

Har du ein ledig bustad som stettar krava over?

Registrer deg og bustaden via dette skjemaet. Dersom det blir aktuelt med leige, vil vi ta kontakt med deg. 

Om Ukraina og flyktningsituasjonen 

Kontroll og oppfølging av kjæledyr frå Ukraina

I samband med den pågåande situasjonen i Ukraina er det venta ei auka mengde flyktningar, og fleire av desse kjem frå Ukraina til Noreg med kjæledyra sine.

Ukraina er ikkje medlem av EU, og har ein annan dyrehelsestatus enn Noreg, m.a. for rabies. Normalt sett er det strenge reglar for innførsel av kjøledyr til EU/EØS, men i samband med situasjonen legg Mattilsynet no til rette for at flyktningar frå Ukraina skal kunne ta med seg kjæledyra til Noreg. For at dette skal kunne skje utan risiko for spreiing av uønskte sjukdomar, skal Mattilsynet følgje opp desse kjæledyra ved ankomst.

Vi oppmodar i denne samanheng om å ta kontakt med Mattilsynet dersom De veit om, eller har kjennskap til flyktningar som kjem hertil med kjæledyr. Kostnader knytt til handtering, kontroll og evt. anna tilhøyrande oppfølgjing vert dekka av Mattilsynet.

De kan lese meir om dette, samt finne anna aktuell informasjon på desse sidene: Ukraina | Mattilsynet (norsk, engelsk og ukrainsk).
Om det er spørsmål knytt til dette ta kontakt med Mattilsynet på telefon: 22 40 00 00

Ditt beredskapslager - Eigenberedskap til kriser

Direktoratet for samfunnssikkerheit, DSB, har ei brosjyre med kva vanlege folk bør ha heime i tilfelle krise (vatn, mat, brensel mm). Dette kan vere kriser som oppstår til dømes på grunn av uvêr og straum- eller vassbrot, sabotasje eller tekniske problem. Desse råda gjeld altså uavhengig av krigen i Ukraina.

På sikkerkvardag.no kan du lese meir og laste ned lista over kva du bør ha i hus.

Volda kommune har vedtatt å busetje 150 flyktningar i 2022

Med bakgrunn i flyktningkrisa i samband med krigen i Ukraina, har IMDI oppmoda Volda kommune om å ta i mot totalt 150 flyktningar i 2022. Kommunestyret vedtok samrøystes å imøtekome oppmodinga.

  • Volda kommunestyre vedtek å busette totalt 150 flyktningar i 2022. Vedtaket inkluderer ikkje busetting av einslege mindreårige flyktningar (EM), med mindre dei har nær slekt i Volda. Busettingstalet på 150 flyktningar inkluderer dei 50 som kommunestyret allereie har fatta vedtak om i sak 11/22, i møte 10.03.2022. Familiesameiningar kjem i tillegg.
  • Kommunestyret syner til sak 11/22 og viser til at busetting utover 25 flyktningar er knytt til situasjonen som har oppstått i Ukraina og behovet for å busetje ukrainske flyktningar.
  • Volda kommunestyre er innforstått med at eit så stort antal flyktningar på eitt år er ei krisehjelp til ei hardt ramma gruppe. Tenestene i Volda kommune må delast på fleire, og innbyggjarane må vere budd på lenger ventetid og reduksjon i tenestetilbodet.
Ekstraordinær busetting av flyktninga
Tittel Publisert Type
Alternativ mottaksplass for personar frå Ukraina i målgruppa for mellombels kollektiv beskyttelse som bur privat(220222)

07.04.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Alternativ mottaksplass for personar frå Ukraina i målgruppa for mellombels kollektiv beskyttelse som bur privat(220222).pdf
Ny oppmoding og busetjing av flyktningar 2022 - Volda kommune(219741)

07.04.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Ny oppmoding og busetjing av flyktningar 2022 - Volda kommune(219741).pdf
Melding om vedtak - Ekstraordinær busetting av flyktningar som følgje av situasjonen i Ukraina(223356)

07.04.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Melding om vedtak - Ekstraordinær busetting av flyktningar som følgje av situasjonen i Ukraina(223356).pdf
Ekstraordinær busetting av flyktningar som følgje av situasjonen i Ukraina(223355)

07.04.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Ekstraordinær busetting av flyktningar som følgje av situasjonen i Ukraina(223355).pdf