Koronavaksine

Volda kommune tilbyr innbyggjarane koronavaksine, den er gratis og frivillig. Du er difor ikkje pålagt å vaksinere deg, men vi tilrår at du gjer det. 
 

Volda kommune har nok vaksinedoser til alle.  
 

Det må gå minst ei veke mellom influensavaksinering og koronavaksinering. Det må gå minst 4,5 mnd (20 veker) mellom koronavaksine dose 2 og 3.

Du kan bestille vaksinasjon på Helsenorge.no eller ringe vaksinasjonstelefonen 70 05 89 65 (kvardagar kl. 12.00-15.00).

 

Merk at vaksineringa skjer i gamle Voldahallen, Vevendelvegen 31 (grøn bygning).

  • Parkering på Steinrøysa, følg gangvegen ned til Voldahallen.
  • Parkeringa utanfor Voldahallen er reservert for rørslehemma

Kart som viser veg til vaksinestasjonen på Voldahallen - Klikk for stort bileteKart med omkjøringsrute i samband med vegarbeid i Engesetvegen. 

Komande vaksinedagar:

  • Det er drop-in vaksinering torsdagar i januar kl 14.00-19.00. Du kan kome og få vaksine utan å bestille tid. Dersom du er usikker på om det har gått 20 veker sidan siste dose, kan vi hjelpe deg med å finne det ut npr du kjem til vaksinestasjonen.
  • Oppmodar om at flest mogleg bestiller time for å få betre oversikt og spare tid vaksinedagane

3. vaksinedose

Personar mellom 45-64 år har blitt innkalla til 3. vaksinedose ein av desse dagane:

  • 6. januar
  • 13. januar
  • 20. januar
  • 27. januar

Alle over 18 år kan bestille time til dose 3/oppfriskingsdose dersom det har gått minst 20 veker sidan dei tok dose 2.

Frå januar 2022 vil det vere fast vaksinering kvar torsdag mellom kl. 14.00-19.00 med timebestilling og drop-in. Det må påreknast ventetid med drop-in og vi oppmodar derfor om at flest mogleg nyttar seg av timebestilling, slik at ventetida blir kortast mogleg.

Når ein får tilsendt varsel om time må ein gå inn via helsenorge.no for å bekrefte timen sin, sende e-kontakt på Helsenorge (Volda vaksinasjon) eller ta kontakt på vaksinetelefonen 70 05 89 65.

Personar som ønsker første eller andre dose koronavaksine, må sjølve ta kontakt for å få vaksine. 

Personar under 65 år som er i risikogrupper må også sjølv ta kontakt for å bestille koronavaksine.  

Det skal vere minst ei veke mellom influensavaksine og koronavaksine.

Dei som treng å endre time kan gjere det på fleire måtar:

Bruk Helsenorge.no til å finne ledige timar. Du kan også sende E-kontakt under dine helsekontakter på Helsenorge (Volda vaksinasjon). Du kan ta kontakt på telefon 70 05 89 65 for å bestille eller endre tid. 

  • Oppmøtestad: Gamle Voldahallen
  • Dersom du har feber,  ring 70 05 89 65 og gje beskjed om at du ikkje kan møte 
  • Må du flytte timen ringer du 70 05 89 65  kvardagar kl 12-15.  Du kan også endre timen på helsenorge.no. 
  • Bekledning – ha på deg klede som gjer det lett å nå overarma 
  • Ta med gyldig legitimasjon
  • Det er gratis å ta koronavaksine

Vaksinasjonstelefonen 70 05 89 65 har opningstid kl 12-15.

Informasjon om vaksinering på ulike språk

Les meir om koronavaksine her:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/koronavaksine/

 

Koronavaksine til ulike gruppe

Påminning til deg som ikkje har teke 1. eller 2. dose

Har du ikkje teke 1. eller 2. dose kan du bestille time på aktuelle dagar via HelseNorge.no, vel «Bestill time», «Volda vaksinasjon» og finn deretter eit tidspunkt som passar, eller ring til vaksinasjonstelefonen tlf. 70 05 89 65

Det gjeld også for dei i alderen 12-15 og 16-18 år. Sjå meir informasjon om dette i eigne punkt nedanfor.

3. dose til personar over 45 år og institusjonsbebuarar

Oppfriskingsdose blir tilrådd til alle over 65 år og til institusjonsbebuarar. 

Oppfriskingsdosa kan giast tidlegast 4,5 månader (20 veker) etter dose 2 for denne gruppa. Det må også vere minst 1 vekes intervall mellom influensavaksine og koronavaksine. Det er kun Pfizervaksina som er godkjent til bruk til dette formålet.

Etter råd frå Folkehelseinstituttet bør rekkefølga på vaksineringa følgje same aldersprioritering som ved grunnvaksinasjon. Dei som bur i institusjon og i heildøgns omsorgsbustad får tilbod om vaksine der dei bur. Andre må kome til vaksineringsstaden som står i timeinnkallinga ein vil motta.

Det vil bli sendt ut timeinnkalling til alle via HelseNorge/SMS etter kvart som det er aktuelt at ein kan ta vaksinen. Ein kan då takke ja eller nei på tilbod om time på HelseNorge, men om ein ikkje klarer det kan ein ringe vaksinasjonstelefonen og gi beskjed om ein vil ha timen eller ikkje. Passar ikkje tidspunktet, så ta kontakt og ein vil legge til rette for ny tid som passar. Dersom vi ikkje får noko tilbakemelding på timeinnkallinga vil vi prøve å nå deg på telefon. Vaksinasjonstelefonen – tlf. 70 05 89 65

3. dose til gruppa med alvorleg svekka immunforsvar

OBS: Det er andre reglar og kriterier som gjeld for 3. dose til dei med alvorleg svekka immunforsvar, denne gruppa blir også tilrådd å ta ei 3. vaksinedose. Tilbodet til denne sistnemnde gruppa gjeld uavhengig av alder, minimumsintervall er 4 veker etter 2. dose, og ein kan bruke både Pfizer- og Modernavaksinen til formålet.

Denne gruppa må ha 3 vaksiner i sin primærvaksinasjon. Dei må i tillegg få ei 4. dose. Det må gå 3 månader mellom 3. dose og 4. dose.

Desse blir tilrådd å ta 4. dose pga. at eit svekka immunforsvar kan gi dårleg respons på vaksiner og ein kan trenge ei 4. dose for å få ein betre immunrespons og dermed eit betre sjukdomsvern.

Det er framleis vaksinering av denne gruppa, men dei må bestille seg time sjølve ved å ringe vaksinasjonstelefonen tlf. 70 05 89 65. Sjå meir informasjon i neste punkt.

 

3. dose – oversikt over grupper med nedsett immunforsvar m.m.

Dei som vil bli vurdert for tilbod om ei tredje vaksinedose er pasientar i følgjande kategoriar:

  • Transplanterte
  • Alvorleg og moderat medfødd immunsvikt
  • Ved aktiv behandling mot kreft
  • Alvorleg nyresvikt og behov for dialyse
  • Redusert immunforsvar som følgje av HIV-infeksjon
  • Pågåande betydeleg immunsuppressiv behandling av annan årsak der indikasjon er vurdert av spesialisthelsetenesta. Dette er ei samansett gruppe og krev individuell vurdering
  • Pasientar som av ansvarleg legespesialist blir ansett å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ei av gruppene ovanfor

 

Det er vidare inndelt i 2 grupper.

Dei som trur eller veit at dei høyrer til i gruppene nedanfor treng ikkje kontakte legen sin, og treng heller ikkje å vente på brev frå sjukehuset, men kan bestille time for 3. dose på vaksinetelefonen tlf. 70 05 89 65.

Pasientar som av ansvarleg legespesialist blir sett på som å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ei av gruppene nedanfor, kan også ringe vaksinetelefonen.

 

Gruppe 1

  • Organtransplanterte, benmargstransplantasjon siste 2 årene, eller en pågående graft versus host- sykdom som krever immunsuppresjon
  • alvorlig og moderat primær immunsvikt
  • aktiv dialysebehandling og pasienter med kronisk nyresvikt stadium 5
  • avansert eller ubehandlet hiv-infeksjon

 

Gruppe 2

  • Pasienter med pågående betydelig immundempende behandling av annen årsak:

Pasienter som bruker immundempende medisiner som står på listen fra de fagmedisinske miljøene kan kontakte kommunen direkte og vise frem dokumentasjon på medisinbruk i form av journalnotat, resept /e- resept eller medikamentforpakning hvor pasientens navn fremgår.

  • Kreftpasienter med aktiv eller nylig gjennomgått immundempende behandling:

Informasjon frå FHI: Enklare tilgang til 3. dose for personar med nesatt immunforsvar

Pasientar som brukar følgande medikament er aktuelle for tredje vaksinedose:

Abatacept (Orencia®)

Adalimumab (Humira®, Hyrimoz®)

Anakinra (Kineret®)

Azathioprin (Imurel®)

Baricitinib (Olumiant®)

Belimumab (Benlysta®)

Brodalumab (Kyntheum®)

Certolizumab pegol (Cimizia®)

Ciklosporin (Sandimmun®)

Cortison >100 mg daglig >1mnd

Cyclofosfamid (Sendoxan®)1

Dexametason >= 3 mg daglig >1mnd

Etanerecept (Enbrel®, Benepali®)

Filgotinib (Jyseleca®)

Fingolimod (Gilenya®)

Golilumab (Simponi®)

Guselkumab (Tremfya®)

Hydrocortison >= 80 mg daglig >1mnd

Iksekizumab (Talz®)

Infliximab (Remicade®, Remsima®, Zessly®, Inflectra®, Flexabi®)2

Leflunomid (Arava®)

Metotreksat (Metex®, Methotrexat, Ebetrex®)

Metylprednisolon >= 16 mg daglig >1mnd

Mykofenolat (Cellcept®)

Okrelizumab (Ocrevus®) 2,3

Omalizumab (Xolair®)

Ozanimod (Zeposia®)

Prednisolon >= 20 mg daglig     >1 mnd

Rilonacept (Arcalyst®)

Risankizumab (Skyrizi®)

Rituksimab (MabThera®, Rixathon®)2,3

Secukinumab (Cosentyx®)

Sulfasalazin (Salazopyrin®)

Takrolimus (Prograf®)

Tocilizumab (RoActemra®)

Tofacitinib (Xeljanz®)

Upadacitinib (Rinvoq®)

Ustekinumab (Stelara®)

Vedolizumab (Entyvio®)

 

 

  • Tredje dose vaksine anbefales til de som har brukt dette medikamentet i løpet av de siste 6 mnd.
     
  • Pasientene bør ikke vaksineres samme dag som de får infusjon med rituksimab, infliksimab eller okrelizumab, et intervall på + 2 uker vil være å foretrekke, men bør ikke forsinke vaksinering.
     
  • 3 Tredje dose vaksine anbefales de som har brukt disse medikamentene i løpet av de siste to årene.
Adresse og annan viktig informasjon til deg som har fått vaksinetime
  • Oppmøtestad: Gamle Voldahallen
  • Bekreft timen din på helsenorge.no 
  • Dersom du har feber,  ring 70 05 89 65 og gje beskjed om at du ikkje kan møte til oppsett tid.
  • Må du flytte timen ringer du 70 05 89 65
  • Bekledning – ha på deg klede som gjer det lett å nå overarma 
  • Ta med gyldig legitimasjon
  • Du må vente 20 minutt i vaksinasjonslokalet etter at du har fått vaksine
  • Det er gratis å ta koronavaksine

Vaksinasjonstelefonen 70 05 89 65 har opningstid kvardagar kl 12-15.

Telefonen er for å flytte og bestille timar og for praktiske spørsmål. Om du har spørsmål om eigen helse og vaksinering må du ta kontakt med fastlegen din.

Kart med lokasjon for koronavaksinering - Klikk for stort bilete  

Barn 5–11 år

Det er opna opp for eit vaksinetilbod til barn i aldersgruppa 5–11 år med alvorleg grunnsjukdom. Tilbodet om vaksinering av barn i denne aldersgruppa kjem berre i enkelte kommunar, som då igjen har ansvar også for tilbod til nabokommunane. Dette på grunn av at det er så få barn i kvar kommune dette gjeld. Volda kommune har fått ansvar for tilbod til aktuelle barn m.a. i Ørsta kommune.

NB! Det er fastlege eller barnelege som skal vurdere og bestemme om barnet har behov for vaksine og melde barnet inn for vaksinasjon til nærliggande vaksinasjonsstad. Evt. kan foreldra få dokumentasjon på barnet sitt behov for vaksine og sjølv ta kontakt med vaksinasjonsstad for å bestille time. For meir informasjon, følg lenkene:

12-15 åringar

Årskulla 2006, 2007, 2008 og alle frå 2009 så snart dei har fylt 12 år, skal få tilbod om vaksine. Denne gruppa skal ha berre ei dose i denne omgang, og føresette må sjølve bestille time til vaksineringa via Helsenorge, evt. ringe vaksinetelefonen. 

  • Barn og unge 12 år eller eldre som har gjennomgått covid-19 infeksjon, bør førebels ikkje motta vaksine, dei vil vere godt verna mot ny infeksjon. Dersom ein er usikker på dette, kan 1 dose settast.
     
  • Barn og unge 12 år eller eldre med alvorleg underliggande sjukdom skal ha tilbod om 2 vaksinedoser.
     
  • Det kan vere aktuelt med to doser for enkelte barn som bur i familiar med sårbare pårørande eller andre tilleggsrisikoar. Intervall mellom dosene bør då vere på 8 – 12 veker.
     
  • Det vert tilrådd at koronavaksiner vert sette med minst 1 vekes intervall til andre vaksiner. Vaksinering i skulehelsetenesta tek omsyn til dette.
     

For barn og ungdom under 16 år MÅ ein ha samtykke med underskrift frå BEGGE føresette ved felles foreldreansvar. Dette vert sjekka når du kjem til vaksinasjonslokala. 

 

Samtykkeskjema for føresette

​​​​​​​Brosjyre: Koronavaksine for ungdom 12-15 år

Vaksinasjon av barn og unge - informasjon frå FHI

Sjå video om korleis du bestiller vaksinasjonstime for barn (Video som Ørsta kommune har laga) 

16 og 17 åringar

Alle som er fødde i 2004 og 2005 skal ha tilbod om to vaksinedoser og har fått innkalling via Helsenorge. Denne gruppa har fått innkalling til veke 37, timen kan evt. flyttast til veke 38 og 39. Dersom nokon ikkje har fått innkalling og ønsker vaksine, må dei ta kontakt på vaksinetelefonen eller prøve å bestille time Helsenorge sjølve. 

Dei fleste har fylt 16 år og er helserettsleg myndige og kan samtykke til vaksinasjon sjølve. Dei som er fødde i 2005 og ikkje har fylt 16 år endå, MÅ ta med samtykkeskjema med underskrift frå BEGGE føresette ved felles foreldreansvar. Dette vert sjekka når du kjem til vaksinasjonslokala. Dersom den eine foresatte er bortreist, så ta med stadfesting på SMS/epost frå vedkomande.

Samtykkeskjema for foresatte

Denne gruppa skal ha intervall på 8-12 veker mellom dosene.
Det er fint om de raskt kan stadfeste den oppsette timen på Helsenorge. 

Elevar, studentar og andre som ikkje er folkeregistrert i kommunen

Elevar, studentar og andre som ikkje er folkeregistrert i kommunen kan ta kontakt for vaksinering med dose 1 og dose 2 på tlf. 70 05 89 65.

Vaksinering av gravide

FHI tilråder at alle gravide kvinner får tilbod om to doser mRNA-vaksine mot covid-19, og at vaksineringa foregår i 2. eller 3. trimester av svangerskapet. Ein vaksinerer vanlegvis ikkje i 1.trimester, med unntak av enkelte i risikogruppa, etter vurdering av lege. Har du spørsmål så ta kontakt med fastlegen. Bestill time via Helsenorge eller på tlf. 70 05 89 65 . 

Vaksinasjon av gravide og ammende - informasjon frå FHI   

Vaksinasjon med to ulike koronavaksiner

I koronavaksinasjonsprogrammet i Norge brukar ein dei to mRNA-vaksinene fra BioNTech/Pfizer og Moderna. Vaksinene baserer seg på samme teknologi og er svært like i korleis dei er bygde opp og fungerer. Nokre vil bli tilbodne ein kombinasjon av dei to koronavaksinene, der 1.dose er av den eine typen og 2. dose av den andre typen. Ein slik kombinasjon er brukt i ei rekke land, og ein ventar like god, kanskje betre effekt av vaksinene når dei er gitt i ein kombinasjon.

Dersom du har vore smitta av Covid- 19

Har du vore smitta med Covid 19 og fått ei dose koronavaksine før, er du å rekne som fullvaksinert.  Har du vore smitta og ikkje teke vaksine før, må du bestille time til ei dose koronavaksine cirka 3 mnd. etter symptomfri, via Helsenorge eller på tlf. 70 05 89 65 .

For dei under 16 år gjeld andre reglar. Tilsette på vaksinetelefonen vil sette opp tid med passande intervall. 

Har du spørsmål så ta kontakt med fastlegen din eller vaksinetelefonen. 

​Les meir på FHI om vaksinering

​Les meir på Folhehelseinstituttet (FHI) om:

Vaksinasjonsprogrammet

Vaksineringsscenario

Vaksinasjonsstatistikk

Vaksinestatistikk

Statistikk om koronavaksinasjon kan du sjå på fhi.no. Trykk på kartet og du ser tal på vaksinerte i den kommunen du vil.

Er du helsepersonell som ynskjer å hjelpe til med koronavaksinering?

Ta kontakt med kommunen på e-post: postmottak@volda.kommune.no eller meld deg som tilgjengelig her: (https://skjema.ssikt.no/Volda/skjema/VOL102/).