Siste nytt om koronavaksinasjon

Merk at vaksineringa frå mai månad vert i gamle Voldahallen, Vevendelvegen 31 (grøn bygning). 

Alle som skal ta koronavaksine skal møte opp der, sjølv om du har fått melding frå helsenorge.no om å møte på samfunnshuset i Volda.

  • Parkering på Steinrøysa, følg gangvegen ned til Voldahallen.
  • Parkeringa utanfor Voldahallen er reservert for rørslehemma

Kart med lokasjon for koronavaksinering - Klikk for stort bilete

Har du fått melding om vaksinetime?

  • Du må bekrefte timen din: Logg inn på helsenorge.no og bekreft at du møter opp
  • Oppmøtestad: Gamle Voldahallen
  • Dersom du har feber,  ring 70 05 89 65 og gje beskjed om at du ikkje kan møte 
  • Må du flytte timen ringer du 70 05 89 65 (kvardagar kl 12-16)
  • Bekledning – ha på deg klede som gjer det lett å nå overarma 
  • Ta med gyldig legitimasjon

 

Viktig informasjon til deg som har fått vaksinetime: 

Vaksinelokala er frå og med mai flytta til Voldahallen.

Viktig informasjon til deg som har fått vaksinetime: 

  • Dersom du har feber må du ringe 70 05 89 65 og gje beskjed om at du ikkje kan møte til oppsett tid.
  • Du må kunne forplikte seg til å ta andre dose når det har gått 6 veker (gjeld Pfizer-vaksinen).
  • Må du flytte timen ringer du 70 05 89 65 (kvardagar kl 12-16). 
  • Bekledning – ha på deg klede som gjer det lett å nå overarma der vaksina skal bli sett.
  • Ta med gyldig legitimasjon
  • Du må vente 30 minutt i vaksinasjonslokalet etter at du har fått vaksine
  • Vaksina er heilt gratis for alle

Merk: Vaksinasjonstelefon er for å flytte timar og for praktiske spørsmål. Om du har spørsmål om eigen helse og vaksinering må du ta kontakt med fastlegen din.  Telefonen er open kvardagar kl 12-16.

Til deg som får innkalling til vaksinasjon: Hugs å logge deg på helsenorge.no for å stadfeste at du vil møte opp til vaksineringa. Merk at vaksineringa skjer på Volda samfunnshus ut april, sjølv om du kan ha fått SMS med informasjon om å møte i gamle Voldahallen. Dette gjeld først frå mai månad. 

Helsenorge.no åtvarar mot svindelforsøk

Du treng ikkje å bruke linken som er tilsendt i SMS eller e-post. Gå direkte til helsenorge.no og logg deg på direkte frå denne sida. Då kan du vere trygg på at du ikkje klikkar på falske meldingar med svindelforsøk.  

 

Status i veke 18

Det vert vaksinering torsdag 6.mai. Denne veka er det personar i prioriteringsgruppe 5 som får første dose. Vi har kun motteke vaksiner frå Pfizer.

I veke 19 vert det vaksinering onsdag 12. mai frå kl 14.00. Denne veka får resten av gruppe 5, gruppe 6 og ein del av gruppe 7 første dose.

Vidare veit vi ikkje sikkert då dette er avhengig av kor mange vaksinedoser vi får tildelt.

Dette er prioriteringsgruppene (FHI har definert desse)

  • Gruppe 1: Bebuarar i sjukeheim
  • Gruppe 2: Alder 85 år og eldre
  • Gruppe 3: Alder 75-84 år 
  • Gruppe 4: Alder 65-74 år og samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp
  • Gruppe 5:  Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 6: Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 7:  Alder 18-44 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 8: Alder 55-64 år 
  • Gruppe 9: Alder 45-54 år

Når vert det min tur?

Det er mange som vil planlegge sommarferie og lurer på kor langt vi har kome med vaksineringa i Volda. Vi veit ikkje nøyaktig kva tid det vert din tur. Det vil vere avhengig av kor mange doser vi får. 

Dersom du er redd for å gå glipp av vaksinetimen din fordi du planlegg å reise vekk på ferie, så kan du vite at du kan utsette oppstart av vaksinasjonen din. Du kan ta kontakt og utsette timen din dersom du skulle få innkalling medan du er på reise. 

Når du får første dose, må du planlegge slik at du kan få andre dose etter 12 veker same stad som dei fekk første dose. Dei som har hatt korona, skal berre ha ei dose. 

Det er nye reglar for dei som er fullvaksinert: https://www.fhi.no/nyheter/2021/lettelser-i-karantene-for-vaksinerte/

Dei som har hatt korona må gje beskjed til vaksinatør om at dei berre skal ha ei dose.

Status i veke 17

Regjeringa har no tatt stilling til kva tilbod dei som har fått første dose med  AstraZeneca-vaksine skal få vidare. Det er bestemt at du som har fått AstraZeneca-vaksine skal få tilbod om mRNA-vaksine som dose nr. 2. 

Når tidspunktet for andre dose nærmar seg, vil du få innkalling gjennom helsenorge.no med vaksinetid. Det skal vere 12 veker mellom første dose av AstraZeneca og andre dose, som vert Pfeizer-vaksine. 

  • Du får innkalling når det vert din tur
  • Hugs å stadfest timen når du får innkalling

Du kan lese meir i informasjonsbrevet frå Folkehelseinstituttet (link til PDF-dokument).(PDF, 147 kB)

Torsdag 29. april er siste dag med vaksinasjon på Volda samfunnshus. Vaksinasjonslokalet vert flytta opp på Voldahallen frå1. mai. 

Status i veke 16

Oppdatert 22.04.21

Det er vaksinasjonsdag torsdag 22. april. Vi startar vaksineringa kl 13.00. Det er personar i prioriteringsgruppe 4 som skal få vaksine, alder 68- 70 år. 288 personar skal få Comirnaty Pfizer-vaksine på Volda samfunnshus.

I veke 17 skal vi få 426 vaksinedosar av Comirnaty Pfizer-vaksinen. Vi kjem truleg ned til alder 65 år denne veka. (Oppdatert 22.04.21)

Det vert altså vaksinert personar i gruppe 4, også i veke 17. Nokre av dosane vi får tildelt i veke 17 vil gå til dose nr.2. Sidan ein ikkje veit kor mange dosar som kjem i veke 18, og kor mange av desse vaksinene som skal vere dose nr. 2, er det usikkert om ein kjem i gang med gruppe 5 denne veka. 

Status i veke 15

Torsdag 15. april er det 388 personar som skal vaksinerast. Vi vaksinerar no personar i gruppe 4. Dette er personar i alderen 65-74 år og personar med underliggande sjukdomar/tilstandar. Alle med høg risiko og alle ned t.o.m. 71 år har no fått tilbod om vaksine. Nokre på 70 år vil også få tid for vaksinering denne dagen.

Vi skal få tildelt 288 vaksinedosar i veke 16 og 426 vaksinedosar i veke 17 (oppdatert 16.04.21, kl 17.00)

 

Status i veke 14

 

Volda kommune er i gang med å vaksinere prioriteringsgruppe 4. Dette er ei stor gruppe i alderen 65-74 år, i tillegg til personar med underforliggande sjukdom/tilstand som kan medføre høg risiko. Det er venta at vi vert ferdige med dei aller fleste som har høg risiko i veke 15. Det vart vaksinert 288 personar i veke 14.

I veke 15 er det kalla inn 335 personar til vaksinering.  

Vaksinelokala i Volda er på Volda samfunnshus ut april månad. Frå og med mai vert vaksinelokala flytta til Voldahallen.

Status i veke 13

Veke 13, påskeveka, skal vi vaksinere onsdag 31. mars frå kl 14.00. Vi skal vaksinere 138 personar og vi vil då kome ned i alder 75 år med 1. dose.

Veke 14 får vi 288 dosar med Pfizer-vaksinen. Vaksineringa vert torsdag 8. april, frå kl 13.00. Vi kjem til å startar på dei som er 74 år. Denne veka får vi vaksinert alle i risikogruppa (16-74 år) og alle over 74 år.

Status i veke 12

Torsdag 25. mars held vi fram med Pfizer-vaksinering på Volda samfunnshus. Vi har fått tildelt 192 dosar. Desse går til personar som er 77-81 år. I tillegg så er der nokre personar som skal få 2. dose på legekontoret i Hornindal.

I veke 13, påskeveka, skal vi vaksinere onsdag 31. mars frå kl 14.00. Vi skal vaksinere 138 personar og vi vil då kome ned i alder 75 år med 1. dose.

I veke 14 skal vi få 288 dosar med Pfizer-vaksinen. Datoen for vaksinering vert torsdag 8. april, frå kl 13.00. Då vert alle som fyller 75 år kalla inn først. Deretter startar vi på dei med underliggande sjukdom/tilstand med høg risiko i aldersgruppa 16-75 år kalla inn. Deretter skal vi starte med dei i alderen 74 år og nedover. 

Status i veke 11

Torsdag 18. mars held vi fram med Pfizer-vaksinering. Det er kalla inn 138 personar. Vi kallar inn etter alder og vi er komne ned på alder 81 år.

Det vert  vidare kalla inn ned til 75 år. Dette inkuderer også personar med underliggande sjukdomar i denne aldersgruppa.

Deretter kjem prioritere grupper med underliggande sjukdom med høg risiko.

Prioriteringsrekkefølgen av risikogruppene: 

  • Gruppe 1: Bebuarar i sjukeheim
  • Gruppe 2: Alder 85 år og eldre
  • Gruppe 3: Alder 75-84 år 
  • Gruppe 4: Alder 65-74 år og samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp
  • Gruppe 5:  Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 6: Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 7:  Alder 18-44 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 8: Alder 55-64 år 
  • Gruppe 9: Alder 45-54 år

Gruppe 1 og 2 vert ferdigvaksinert i påskeveka om alt går etter planen.

Vaksinering av gruppe 3 pågår.

Gruppe 4: Først vert alle med høg risiko i alderen 18-74 år kalla inn, før vi startar på øvrige i alderen 74 år og nedover.

Vi vil også minne om at etter den 15. mars skal det gå 6 veker mellom 1. og 2. dose med Pfizer, og at dosane vi får tilsendt også må settast av til 2. dose.

Status i veke 9

Oppdatering fredag 05.03.21:


296 personar er ferdigvaksinert i Volda. Ved Volda omsorgssenter og omsorgsbustadane får dei siste bebuarane den siste dosen i påskeveka. Prioritert helsepersonell har fått dose 1.

Mandag i veke 10 held vi fram vaksinering av helsepersonell og oppstart av risikogruppe under 65 år.

I Hornindal vil vi i veke 10 gje siste dose til mange også i gruppa 75 - 85 år.

I veke 11 held vi fram med vaksinering i Volda av gruppa 75 – 85 år. Innkalling etter alder.

Vi oppmodar alle om raskt å bekrefte timen dei får tilsendt. Vi takkar elles for presist oppmøte og godt samarbeid under vaksineringa so langt. Vi er alle utolmodige etter å få fleire vaksiner tilsendt, men vi må nok akseptere at det tek tid før alle er vaksinert.

Oppdatering onsdag 03. mars:

Denne veka vert det vaksinert ca 100 personar med AstraZeneca-vaksinen. Denne går til helsepersonell som får vaksinen på onsdag 3. mars. På torsdag skal personar i gruppa 85 år og over få 2. dose og vi vert dermed ferdige med denne gruppa. Det gjenstår nokre få personar som av ulike årsaker ikkje fekk tatt vaksina då første runde gjekk. 

I veke 10 skal vi få 100 dosar av AstraZeneca-vaksinen. Denne skal bli gitt til helsepersonell. Vi ber arbeidsgivarar melde inn tilsett helsepersonell med pasientkontakt til vaksinasjonstelefonen.

I Hornindal skal dei som fekk vaksine i veke 7 få 2. dose.  I tillegg skal nokre personar i Hornindal i aldersgruppa 85-74 år få 1. dose med Pfizer-vaksine.

Status i veke 8

I veke 8 (denne veka) har vi fått 100 doser av AstraZeneca-vaksinen. Folkehelseinstituttet har bestemt at desse dosane skal gå til helsepersonell (PDF, 180 kB). I tillegg skal dei som fekk vaksine i veke 5 (04. februar) få dose nummer 2. Dette er 120 personar. Desse får same type som dei fekk ved dose 1, Pfizer/BioNTech-vaksinen.

Volda kommune har kalla inn helsepersonell etter alder, 64 år og nedover. Dette gir ei fin fordeling, slik at det er tilsette på ulike avdelingar som får vaksine.

AstraZeneca-vaksinen er anbefalt for personar under 65 år, inkludert helsepersonell. Dokumentasjonen for eldre er mangelfull på denne vaksinen. For personar under 65 år med underliggande sjukdomar som gir særskilt høg risiko for alvorleg sjukdom, det vil seie personar i prioriteringsgruppe 4, vert tilrådd ei av dei to godkjente mRNA-vaksinene.

I veke 9 skal vi få tildelt 100 dosar til av AstraZeneza-vaksinen. Desse skal også gå til helsepersonell. I tillegg får vi vaksine til dose 2 til dei som skal ha det.

Status veke 7

I veke 7 vart det vaksinert til saman 90 personar på Hornindal legekontor.  Vi kom i mål med 1. dose til gruppa som er 85 år og eldre. I tillegg starta vi på gruppa 75-84 år, og helsepersonell fekk vaksine. 

Dei fleste som bur på sjukeheim har no fått dose 2. Dei som står igjen er personar som av ulike årsaker ikkje kunne ta vaksina ved første tildelingane. Det same gjeld gruppa 85 år og eldre som bur i omsorgsbustad.

Status veke 6

Vaksinedag på Volda samfunnshus. Det er framleis gruppe 2 (dei som er 85 år og eldre) som vert vaksinert, i tillegg til 20 % kritisk helsepersonell. I tillegg vart det vaksinert nokre få personar som er 84 år. Totalt svart det vaksinert 120 personar i veke 6.

Neste veke skal vi vaksinere gruppa på 85 år og eldre på Hornindal legekontor. I tillegg vert det nokre personar ned til 75 år.

I løpet av neste veke vil vi truleg komme i mål med dose nr 2 til alle som bur på sjukeheim. Om vi kjem i mål med dette vert det endra rutinar for besøk.

Vi har fått spørsmål om kvifor vi ikkje set opp vaksinedagar rundt om i bygdene. Dette har med type vaksine å gjere. Den vaksinen vi har tilgjengeleg er svært sårbar for temperaturendringar så det er vanskeleg å frakte vaksinen  på ein sikker måte. 

Status veke 5

Torsdag 4. februar er det vaksinasjonsdag for personar over 85 år på Volda samfunnshus.

Plan for veke 6: Dersom vi får vaksinedosane vi er førespegla vil halde fram å vaksinere dei som er over 85 år i veke 6 på Volda samfunnshus. 20% av dosane skal gå til helsepseronell.

Plan for veke 7: Der vert truleg vaksinering av personar over 85 år i Hornindal. Dette er avhengig av om kor mange vaksinedosar vi får. I tillegg skal 20% av dosane gå til helsepersonell.

Status veke 4

Denne veka har vi fått vaksinert ferdig alle som bur på sjukeheim og som er eldre enn 85 år og bur i omsorgsbustad. Vi har tildelt vaksinetimar og er klar til å vaksinere dei som er 85 år og eldre som bur heime.

Status veke 3

Resterande beburar som ikkje fekk på sjukeheimen ved Vold omsorgssenter skal få vaksine. Oppstart av vaksinering av bebuarar i omsorgsbustad som er over 85 år.

Status veke 2

Volda kommune mottok 25 vaksinedoser som gjekk til beburar ved sjukeheimen på Hornindal omsorgssenter og 5 doser til kritisk helsepersonell.

Status veke 1

Volda kommune mottok 40 vaksiner som vart gitt til bebuarar ved sjukeheimen på Volda omsorgsssenter.

Status veke 53

Volda kommune meldte frå til Folkehelseinstituttet at vi er klar til å ta imot vaksiner.