Til deg som har tatt AstraZeneca-vaksinen

Regjeringa har no tatt stilling til kva tilbod dei som har fått første dose med  AstraZeneca-vaksine skal få vidare. Det er bestemt at du som har fått AstraZeneca-vaksine skal få tilbod om mRNA-vaksine som dose nr. 2.

Du får innkalling når det vert din tur

 

Når tidspunktet for andre dose nærmar seg, vil du få innkalling gjennom helsenorge.no med vaksinetid. Det skal vere 12 veker mellom første dose av AstraZeneca og andre dose, som vert Pfeizer-vaksine. Du vil få innkalling.

Hugs å stadfest timen når du får innkalling.

Du kan lese meir i informasjonsbrevet frå Folkehelseinstituttet (link til PDF-dokument).(PDF, 147 kB)