Vaksinasjon av 12-15 åringar

 

Årskulla 2006, 2007, 2008 og alle frå 2009 so snart dei har fylt 12 år, skal få tilbod om vaksine. Denne gruppa skal ha berre 1 dose i denne omgang, og føresette må sjølve bestille time til vaksineringa via Helsenorge. Sjå informasjon her. For barn og ungdom under 16 år vil vi krevje samtykke med underskrift frå begge foreldre ved felles foreldreansvar. Dette vert sjekka når du kjem til lokala. Samtykkeskjema her. (PDF, 47 kB)

Barn og unge 12 år eller eldre som har gjennomgått covid-19 infeksjon, bør førebels ikkje motta vaksine. Dersom ein er usikker på dette, kan 1 dose settast.

Barn og unge 12 år eller eldre med alvorleg underliggande sjukdom har lenge fått tilbod om vaksine, og dette gjeld enno. Denne gruppa skal ha tilbod om 2 doser.

For enkelte barn kan det vere aktuelt med 2 doser, som t.d. familiar med sårbare pårørande eller andre tilleggsrisikoar. Intervall skal då vere på 8 – 12 veker.

På grunn av koronavaksineringa vert vaksinering av 10 klassingar utsett frå september til seinare i haust. Det vert anbefalt at koronavaksiner vert sett med 1 vekes intervall til andre vaksiner.