Vaksinasjon av 16 og 17-åringar

Sterk oppmoding om å ikkje utsette vaksinetimen 9. september

Vi oppmodar sterkt 16 og 17-åringane som har fått innkalling til vaksinasjon om å ikkje utsette vaksineringa, men å ta første dose så raskt som mogleg. Torsdag 9. september er oppsett vaksinedag for denne gruppa, som vil få Pfizer-vaksine denne dagen.

Vaksinering er viktig for å få ein mest mogleg normal skulekvardag. Om ein utsett vaksinetimen vert ein meir sårbar for smitte og det som følgjer med karantene og heimeskule.

16 og 17-åringar:

Dei som er fødd i 2004 og 2005 vil få tilbod om vaksine 9. september. Denne gruppa får innkalling via Helsenorge, anten gjennom eige eller føresette sitt telefonnummer.  Det er viktig at dei bekreftar timen.

Dei som ikkje har fylt 16 år på vaksinasjonstidspunktet må ha med underskrift frå føresette, her finn du skjema for utskrift og signatur(PDF, 198 kB)