Vaksinestasjon i Voldahallen

Kart med lokasjon for koronavaksinering - Klikk for stort bileteFrå mai månad er vaksinelokalet flytta til Voldahallen. 

  • Parkering på Steinrøysa, følg gangvegen ned til Voldahallen.
  • Parkeringa utanfor Voldahallen er reservert for rørslehemma.

Viktig informasjon til deg som har fått vaksinetime: 

  • Dersom du har feber må du ringe 70 05 89 65 og gje beskjed om at du ikkje kan møte til oppsett tid.
  • Du må kunne forplikte seg til å ta andre dose når det har gått 6 veker (gjeld Pfizer-vaksinen).
  • Må du flytte timen ringer du 70 05 89 65 (kvardagar kl 12-16). 
  • Bekledning – ha på deg klede som gjer det lett å nå overarma der vaksina skal bli sett.
  • Ta med gyldig legitimasjon
  • Du må vente 30 minutt i vaksinasjonslokalet etter at du har fått vaksine
  • Vaksina er heilt gratis for alle

Merk: Vaksinasjonstelefon er for å flytte timar og for praktiske spørsmål. Om du har spørsmål om eigen helse og vaksinering må du ta kontakt med fastlegen din. Telefonen er open kvardagar kl 12-16.

Prioriterte grupper som skal få vaksine først

Nasjonale myndigheiter har bestemt kven som skal få vaksine først. Dette er per no (04.05.21): 

  • Gruppe 1: Bebuarar i sjukeheim
  • Gruppe 2: Alder 85 år og eldre
  • Gruppe 3: Alder 75-84 år 
  • Gruppe 4: Alder 65-74 år OG personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp
  • Gruppe 5:  Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstand (DENNE GRUPPA HELD VI PÅ Å VAKSINERE NO, veke 18)
  • Gruppe 6: Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 7:  Alder 18-44 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 8: Alder 55-64 år 
  • Gruppe 9: Alder 45-54 år
  • Prioritering av helsepersonell parallelt med risikogruppene, inntil 20% av tilgjengelege vaksiner i kommunane
Gjer deg klar til å motta melding frå kommunen

Når det vert din tur til å få tilbod om vaksine vil du få melding frå kommunen. Meldinga vil bli sendt ut gjennom helsenorge.no.

Denne løysinga er mange kjent med frå før då det er same systemet som vert brukt av fastlegane, heimetenesta og det er her dei som har tatt koronatest har fått svar på testen sin.

Får tildelt time, skal ikkje bestille sjølv

Alle som skal få tilbod om vaksine vil få tildelt time gjennom helsenorge.no. Når du har fått melding om time må du akseptere tilbodet.

Vi oppmodar om at du loggar deg inn på helsenorge.no og sjekkar at du er registrert med rett telefonnummer og e-post. Detrsom du vel å få varsel på telefon vil du få melding om time på SMS. 

Her registrerer du telefonnummer: https://www.norge.no/nb/oppdater-kontaktinformasjon

Kva med eldre som ikkje er digitale?

Dersom du er pårørande eller verge for nokon som vil ha problem med å svare digitalt kan du hjelpe dei. Dersom de saman loggar inn på helsenorge.no så kan den du er pårørande eller verge for gje deg fullmakt. Du vil då motta melding om time for personen du har fått fullmakt frå.

Eldre som er 85 år og eldre og som bur heime vil bli oppringt. I tillegg til å få tilsendt brev med med informasjon vil denne gruppa bli oppringt av helsepersonell f.o.m. torsdag 21. januar. Gjennom telefonsamtale vil dei eldste få informasjon om vaksina og helsepersonell vil registrere om dei ynskjer å takke ja til å få vaksine. Når dei seinare får tildelt tid for vaksine vil vi kunne fange opp dei som ikkje svarar og vi vil då ta kontakt med dei på telefon.

Eldre mellom 75-84 år og som bur heime vil vi sende brev med informasjon til. Dersom vi ser at dei ikkje svarar på helsenorge-innkallinga vil vi forsøke å kontakte dei per telefon.

Vaksinasjonsstaden vert på Volda samfunnshus og på Hornindal legekontor. Det vert ikkje generell vaksinering andre stadar i kommunen. 

Einskilde personar som bur heime og mottek heimetenester vil bli vurdert om dei skal få vaksine i heimen dersom det er vanskeleg å bringe dei til vaksinasjonsstaden.

Når du får melding om oppsett tid for vaksine:
  • Bekreft timen din på helsenorge.no 
  • Bekledning – ha på deg klede som gjer det lett å nå overarma der vaksina skal bli sett.
  • Ta med gyldig legitimasjon
  • Du må vente 20 minutt i vaksinasjonslokalet etter at du har fått vaksine
  • Vaksina er heilt gratis for alle

Dersom du har feber må du ringe 70 05 89 65 og gje beskjed om at du ikkje kan møte til oppsett tid.

Må du flytte på timen din kan du ringe vaksinasjonstelefon 70 05 89 65 - Opningstid 12-16 på kvardagar.

Telefonen er for å flytte timar som ikkje passar og for praktiske spørsmål. Om du har spørsmål om eigen helse og vaksinering må du ta kontakt med fastlegen din.

Biverknader

Frå studiane som er gjort har vi god kunnskap om vanlege og mindre vanlege biverknader hos dei vaksinerte. Vi kan ikkje utelukke sjeldne biverknader som først kjem til syne lang tid etter vaksinering. Dei fleste biverknadene oppstod dei første dagane etter vaksinasjon, og gjekk over i løpet av eit par dagar: 

  • Dei fleste vaksinerte får smerter på stikkstaden. 
  • Andre vanlege biverknader er at ein blir trøytt, får hovudverk, muskelsmerter, frysningar, leddsmerter og feber. Desse biverknadene er vanlegare etter dose 2 (gjeld Pfizer-vaksinen). 
  • Biverknader er sjeldnare hos eldre enn hos yngre vaksne. 

I dei aller fleste tilfella var biverknadene milde eller moderate. Under 5% fekk meir plagsame biverknader som var ufarlege, men som påverka dagleglivet dei få dagane det varte. Dette var vanlegare etter dose 2 og blant yngre personar. Kva gjer eg om eg får biverknader? Om du opplever uventa, kraftige eller langvarige symptom som du trur kjem frå vaksinen bør du kontakte lege eller anna helsepersonell for vurdering og råd. Helsepersonell har plikt til å melde frå om alvorlege eller ukjende reaksjonar som dei mistenkjer kjem frå vaksine. Du kan også sjølv sende inn melding via helsenorge.no. Her kan du lese meir om dei ulike vaksinene.

Er du helsepersonell som ynskjer å hjelpe til med koronavaksinering?

Ta kontakt med kommunen på e-post: postmottak@volda.kommune.no eller meld deg som tilgjengelig her: (https://skjema.ssikt.no/Volda/skjema/VOL102/). 

Vaksinestatistikk:

Statistikk om koronavaksinasjon kan du sjå på fhi.no. Trykk på kartet og du ser tal på vaksinerte i den kommunen du vil.

 

Smittevernråda vil gjelde ei god stund til.

Sjølv om vi er i gang med vaksinering må vi halde fram med å følge smittevernråda: hald avstand, ha god handhygiene og bli heime om du er sjuk.

Vaksinestatistikk:

Statistikk om koronavaksinasjon kan du sjå på fhi.no. Trykk på kartet og du ser tal på vaksinerte i den kommunen du vil.