Biblio - Bibliotek

Biblio

Biblio

Biblio er ein app for å kunne lese e-bøker eller høyre lydbøker gratis på mobil, nettbrett og PC. Appen inneheld tusenvis av titlar for barn, unge og vaksne.

Korleis skaffe deg Biblio?

Gå inn i app-butikken din og last ned appen Biblio i iOS eller android versjon.

Om du ikkje har hatt Biblio eller BookBites tidlegare, må du opprette ein brukar. 

Dersom du tidlegare har nytta BookBites skal du ikkje opprette ny brukar! Då loggar du berre inn i Biblio med den same brukaren som du nytta i BookBites.

Du kan velje mellom ulike metodar for pålogging: e-post, Feide eller Google. Vel det som passar best for deg. Biblio anbefalar å bruke ei gyldig e-postadresse og passord for enklare og kunne hjelpe deg ved eventuelle spørsmål seinare. Fyll inn den informasjonen som appen krev for å kunne fungere, som namn, e-post og lånenummer.

Du kan seinare justere kva informasjon appen skal ha tilgang til inne i innstillingane dine.

Du kan godt bruke mobil og nettbrett samtidig, for låna er kopla til lånekontoen og ikkje eininga. Startar du å lese ei e-bok på mobilen, skal nettbrettet automatisk oppdatere sidetalet når du opnar appen her. 

Korleis registrere nye bibliotek i Biblio

For å kunne låne e-bøker og lydbøker etter at du har kome deg inn i appen, må du leggje til bibliotek. Søk opp biblioteket du vil leggje til, og legg inn lånekortnummer og PIN-kode. Set heimebiblioteket ditt som hovudbibliotek. Elles kan du hente inn dei andre biblioteka til lista di også for å få tilgang til fleire titlar.

Dersom du er usikker på lånenummer og pinkode, kan du logge inn med MinID på nettstaden bibliotekkortet.no for finne dette (kun for nasjonale lånarar).

Du kan få hjelp til innlogging, nedlasting m.m. på Biblio sitt eige hjelpesenter: Biblio Help Center

Fleire funksjonar for tilpassing i appen

Du kan låne, reservere og ønskje titlar i appen, så får du varsel på e-post når boka er klar for deg.

Appen har fleire funksjonar som du kan tilpasse di lesing, blant anna justere storleik på tekst, kontrastar, språk, tempo på innlesar og funksjon for innsoving.

Du får også ei oversikt over kor mange lån som står att per månad på dei biblioteka som er registrert på lånekortet ditt. Ulike bibliotek kan ha ulik lånetid, men dette kan du enkelt følgje med på her. Biblioteka har avgrensingar for kor mange e-bøker og lydbøker ein kan låne per månad.

Får du problem med innlogginga, kan du kontakte biblioteket ditt, eller support@biblio.app