Biblioteksøk er ei teneste for deg med Nasjonalt lånekort. Her kan du bestille fjernlån frå heile landet til ditt heimebibliotek. Du søkjer i mange bibliotek samtidig.

Biblioteksøk
- For å bestille eit fjernlån i Biblioteksøk, må du logge inn med lånekort og pin-kode.
- Når du har funne ut kva du vil låne, må du velje kva bibliotek du vil hente og levere frå. Det er gjerne naturleg å velje heimebiblioteket ditt.
- Systemet vel automatisk kva bibliotek som skal få bestillinga di.
- Du får hentemelding frå biblioteket ditt når bestillinga di er klar for deg.
- Lånet du har bestilt vert frakta i boktransporten. Det varierer kor mange dagar i veka eit bibliotek har besøk av boktransporten, så det kan ta nokre dagar før lånet kjem fram til biblioteket ditt.
Du kan lese meir om retningslinjene for fjernlån her.
Sist endra 26.03.2025 08:47