Onsdag 18. november: Hornindal bibliotek blir ubemanna. Smia stenger klokka 17.00.

På grunn av redusert bemanning vil Hornindal bibliotek vere ubemanna onsdag 18. november. Det vil vere mogeleg å nytte sjølvbetjent løysing mellom klokka 09.00 - 17.00. Hugs å ta med lånekort for å nytte utlånsautomaten.

Biblioteksøk

Biblioteksøk

Biblioteksøk er ei teneste for deg med Nasjonalt lånekort. Her kan du bestille fjernlån frå heile landet til ditt heimebibliotek. Du søkjer i mange bibliotek samtidig.

Biblioteksøk

  • For å bestille eit fjernlån i Biblioteksøk, må du logge inn med lånekort og pin-kode.  
  • Når du har funne ut kva du vil låne, må du velje kva bibliotek du vil hente frå. Det er gjerne naturleg å velje heimebiblioteket ditt.
  • Systemet vel automatisk kva bibliotek som skal få bestillinga di.
  • Du får hentemelding frå biblioteket ditt når bestillinga di er klar for deg.
  • Lånet du har bestilt vert frakta i boktransporten. Det varierer kor mange dagar i veka eit bibliotek har besøk av boktransporten, så det kan ta nokre dagar før lånet kjem fram til biblioteket ditt. 

Du kan lese meir om retningslinjene for fjernlån her.