BookBites

BookBites

BookBites er ein app for å kunne lese e-bøker eller høyre lydbøker gratis på mobil, nettbrett og pc. Appen inneheld tusenvis av titlar for barn, unge og vaksne.

 Korleis skaffe deg BookBites?

  • Gå inn på nettbutikken din og last ned appen BookBites i iOS eller android versjon på den dingsen du vil lese og høyre frå. Du må ha iOS-versjon 11 eller nyare, og Android-versjon 5 eller nyare for at BookBites skal fungere.
  • Om du ikkje har hatt BookBites tidlegare, må du opprette ein brukar. Du kan velje mellom ulike metodar for pålogging: e-post, Feide, Facebook og Google. Velje det som passar best for deg. BookBites anbefalar likevel å bruke ei gyldig e-postadresse og passord for enklare og kunne hjelpe deg ved eventuelle spørsmål seinare. Fylle inn den informasjonen som appen krev for å kunne fungere som namn, e-post og lånenummer.
  • Du kan seinare justere kva informasjon appen skal ha tilgang til inne i innstillingane dine.
  • Du kan godt bruke mobil og nettbrett samtidig, for låna er kopla til lånekontoen og ikkje dingsen. Startar du å lese ei e-bok på mobilen, skal nettbrettet automatisk oppdatere sidetalet når du opnar appen her. 

 

Denne linken til BookBites kan du gå inn på om du vil sjå bilete på framgongsmåten.

Denne linken viser ein video om korleis ein opprettar ein brukar i BookBites.

Dersom du er usikker på lånenummer og pinkode, kan du logge inn med MinID på nettstaden bibliotekkortet.no for finne dette.

Korleis registrere nye bibliotek i BookBites-appen

For å kunne låne e-bøker og lydbøker etter at du har kome deg inn i appen, må du leggje til bibliotek. Du vil då få fram ei liste over alle bibliotek du fysisk har lånt frå tidlegare. Set heimebiblioteket ditt som hovudbibliotek. Elles kan du hente inn dei andre biblioteka til lista di også for å få tilgang til fleire titlar.

Framgangsmåte å hente inn bibliotek i BookBites er plassert i eit større bilete. Tekst på toppen over fire bilete fortel korleis ein skal finne "Mine bibliotek". Første biletboks viser vindauget for "Innstillingar" og tekstknappen for  blant anna "Mine bibliotek". Den andre biletboksa viser oversikt over alle "Mine bibliotek" som er henta inn. Dersom ein ikkje har henta inn bibliotek tidlegare, vil denne lista vere tom. Tredje biletboks fortel at ein må leggje til lånekortnummer og pinkode. Om ein ikkje kan eller hugsar pinkoda, må ein logge inn på www.bibliotekkortet.no med MinID og lage ny. Fjerde biletboks viser oversikt over alle bibliotek ein har lånt fysiske bøker tidlegare. Her kan ein velje kva bibliotek som skal vere med i samlinga "Mine bibliotek". Til fleire bibliotek, til større utval i e-bøker og lydbøker. Trykk på knappen nedst for å hente inn dei nye biblioteka i basen din. - Klikk for stort bileteFramgangsmåte å hente inn bibliotek i BookBites. Collage laga i Canva.

 

Fleire funksjonar for tilpassing i appen

Du kan låne, reservere og ønskje titlar i appen, så får du varsel på e-post når boka er klar for deg.

Appen har fleire funksjonar som du kan tilpasse di lesing, blant anna justere storleik på tekst, kontrastar, språk, tempo på innlesar og funksjon for innsoving.

Du får også ei oversikt over kor mange lån som står att per månad på dei biblioteka som er registrert på lånekortet ditt. Ulike bibliotek kan ha ulik lånetid, men dette kan du enkelt følgje med på her.

Biblioteka har avgrensingar for kor mange e-bøker og lydbøker ein kan låne per månad.

Ofte stilte spørsmål om BookBites.

Får du problem med innlogginga, kan du kontakte biblioteket ditt, eller BookBites-support.