Det flerspråklige bibliotek

Det flerspråklige bibliotek

Det flerspråklige bibliotek (DFB) er eit støtteapparat for alle biblioteka i landet, slik at dei kan vere i stand til å tene brukarar på det fleirkulturelle feltet på ein effektiv måte.

Bokdepot

Vi kan bestille bokpakkar med bøker på forskjellige framandspråk som vi set ut i hyllene på biblioteket, dette kallar vi depot. I dag har vi eit depot på ukrainsk, og eit depot på russisk som står ved skranken. Desse bøkene låner vi i 3-4 månadar før vi sender bøkene tilbake, og depota blir skifta ut med nye bøker. 

Ta kontakt med oss om du ønskjer at vi skal bestille eit depot med bøker på eit bestemt språk. Vi kjem til å spørje litt om kven som skal lese bøkene, om dei skal ha bestemte tema eller sjangrar.  Då får vi sikra at bøkene passar best mogleg til målgruppa (barn, ungdom eller voksne, kvinner eller menn).

Bestille bøker som privatperson

Du kan utforske katalogen til DFB her. For å bestille bøker som privatperson må du logge på bibsok.no. Katalogen til DFB ligg tilgjengeleg i denne databasen, så du kan søkje opp dei titlane som du er interessert i og bestille til henting på ditt lokale bibliotek.