Filmbib

Filmbib

Alle med nasjonalt lånekort på norske bibliotek kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strøymetenesta Filmbib.

Korleis verkar Filmbib?

  • Logg inn med lånenummer og PIN-kode på www.filmbib.no.
  • Hugsar du ikkje lånenummer og pin, kan du gå inn på heimesida til Nasjonalbiblioteket og logge inn med MinID.: www.bibliotekkortet.no 
  • Har du ikkje lånekort i det heile, kan du ta kontakt med biblioteket, eller gå til www.bibliotekkortet.no og ordne digitalt lånekort der.
  • Dersom du får laga eit digitalt lånekort på Internett, må du registrere lånekortet ditt på det biblioteket du ønskjer tilgang til Filmbib. Ring eller send epost til biblioteket, så vert du lagt til som lånar.
  • Filmbib er tilgjengeleg på mobile einingar med iOS og Android. Last gjerne ned appen Filmbib og strøyme rett til fjernsynet.

Kva filmar finn du i Filmbib?

Du kan sjå kortfilmar og dokumentarar av nyare dato, men også fleire filmar som går tilbake i tid. Filmbib har ei unik samling av filmar for både born og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier. Her er også historisk interessante, engasjerande og samfunnsaktuelle dokumentarar og mykje meir.

Meir om utval og vilkår finn du på www.filmbib.no.