Filmbib

Filmbib

Alle med nasjonalt lånekort på norske bibliotek kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strøymetenesta Filmbib.

Korleis verkar Filmbib?

  • Logg inn med lånenummer og PIN-kode på www.filmbib.no.
  • Hugsar du ikkje lånenummer og pin, kan du gå inn på heimesida til biblioteket og velje "Gløymd PIN" i påloggingsfeltet. Då får du tilsend informasjon på epost.
  • Har du ikkje lånekort i det heile, kan du ta kontakt med biblioteket, eller gå til heimesida til Nasjonalbiblioteket https://nb.bib.no/ og ordne digitalt lånekort der. 
  • Filmbib er tilgjengeleg på mobile einingar med iOS og Android. Last gjerne ned appen Filmbib og strøyme rett til fjernsynet.

Kva filmar finn du i Filmbib?

Du kan sjå kortfilmar og dokumentarar av nyare dato, men også fleire filmar som går tilbake i tid. Filmbib har ei unik samling av filmar for både born og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier. Her er også historisk interessante, engasjerande og samfunnsaktuelle dokumentarar og mykje meir.

Meir om utval og vilkår finn du på www.filmbib.no