Filmoteket

Filmoteket

Filmoteket gjer det enkelt for deg å låne og sjå film digitalt utan at du treng å oppsøkje biblioteket. Å låne film gjennom Filmoteket er gratis, det er berre å lage deg ein konto og logge inn med lånekortet ditt. Du må ha nasjonalt lånekort for å nytte tilbodet. Dette kan ordnast på biblioteket.

For å kunne nytte tilbodet må heimebiblioteket ditt ha avtale med Filmoteket. Volda folkebibliotek og Hornindal bibliotek har avtale. Liste over andre bibliotek som har avtale finn du her.

 

I Volda og Hornindal er det per i dag sett opp ei lånegrense på 10 filmar i månaden. Andre bibliotek kan ha andre avgrensingar. 

Korleis sjå film?

Du må opprette ein konto på Filmoteket om du allereie ikkje har gjort det. Det er viktig å velje "Registrer ny bruker" og leggje inn informasjonen din der. IKKJE fyll ut noko i vanleg innlogging først, for då vil du få eit heng i systemet som gjer at du ikkje får lage ny brukar, og support må kontaktast.

  • Fyll inn felta med lånenummer og pinkode frå biblioteket, og trykk "bekreft".
  • Fyll inn namn, e-post og velje eit passord. Kryss av for om du vil ha nyhendebrev. 
  • Ei stadfesting vert sendt til deg på e-post, og du er klar for å sjå film.
  • Du kan strøyme til alle plattformar, i alle kjende nettlesarar, og enkelt overførast til større skjerm/TV via AirPlay og Chromecast.
  • Du må vere tilknytt Internett (wifi eller mobildata) for å sjå filmane.
  • Du kan sjå filmane så mange gongar du vil i løpet av dei neste 48 timane

Filmtilbodet

Filmtilbodet er tilgjengelig når som helst og kvar som helst. Du kan velje mellom norske, nordiske, europeiske  og internasjonale titlar som treff alle aldrar. Spennet er mellom klassikarar, filmatiserte bøker, store Oscar-vinnarar og såkalla blockbustarar (‘storseljarar’) til smalare filmar i arthaus/ independent-kategorien.

Les meir om Filmoteket her.