Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket

Søk etter informasjon i det rikhaldige, digitaliserte nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket. Her er blant anna meir enn 500 000 bøker og 2.5 millionar aviser tilgjengeleg.

Søk i Nettbiblioteket

Mykje av materialet i Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek ligg fritt tilgjengeleg for alle i heile Noreg, både digitaliserte bøker og aviser (fulltekst). Du kan sitje heime og blade og søkje i teksten.

Tilgang for forskning og dokumentasjon

Ein del av materialet er ope berre for forsking og dokumentasjon, såkalla pliktavlevert materiale. Du må sjølv søkje om tilgang til slikt innhald. Tidlegare måtte ein sende inn søknad via biblioteket sitt, og søkje for kvart dokument ein ynskja tilgang til. 

No søkjer ein sjølve, og sender inn éin søknad som gir tilgang til alt pliktavlevert materiale. Ein kan logge på og søkje om tilgang her. Søknadar blir behandla fortløpande. Ein får stadfesting på e-post når søknaden er innvilga, og ein får tilgang til materialet i åtte timar. Les meir om tilgangar til Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek her.