Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket

Søk etter informasjon i det rikhaldige, digitaliserte materialet til Nasjonalbiblioteket. Her er blant anna meir enn 500 000 bøker og 2.5 millionar aviser tilgjengeleg.

Søk i Nettbiblioteket

- Mykje av informasjonen her ligg fritt tilgjengeleg for alle i Noreg , både skanna bøker og aviser (fulltekst). Du kan sitje heime å bla og søkje i teksta.

- Ein del er ope berre for forsking og dokumentasjon, og då berre på det lokale biblioteket. Der kan dei tilsette søkje om passord for deg for 8 timar i slengen. Du loggar inn med MinID eller Feide for å søkje om tilgang, og så må du sitje på biblioteket.

- Tilbod om digitaliserte bøker for synshemma i samarbeid med Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB).

Her finn du søknad på tilgang til lukka teneste (tilgang til pliktavleverte bøker, aviser og tidsskrift gjennom Nettbiblioteket).

Kort om reglar for opne og lukka teneste:

  • Bøker opne - Alle bøker utgitt i Norge til og med år 2000. Du må vere på nett og ha norsk IP-adresse. Tilgang kan opnast i utlandet for forskning og utdanning.
  • Bøker lukka - Bøker som er utgjeve etter år 2000. Søk om tilgang.
  • Aviser opne - Aviser som er utgjeve for 90 år sidan eller meir er tilgjengeleg for alle og kan lastast ned. Nyare aviser som har overlate materialet til Nasjonalbiblioteket er også tilgjengelege på denne måten. Her er ulike avtalar, t.d. er nokre tilgjengelege etter 1 år og andre etter 15 år. Du må vere på nett og ha norsk IP-adresse. Tilgang kan opnast i utlandet for forskning og utdanning.
  • Aviser lukka - søk om tilgang.

Les om tilgangsrettane her.