Søk i katalog og logg inn

Søk i katalog og logg inn

For å søkje i katalogen vår vel du først kva for eit bibliotek du vil søkje i:

Volda folkebibliotek Hornindal bibliotek

Her kan du også logge inn og reservere titlar, sjå aktive lån, forfalte lån, aktive reserveringar og materiale som står klart på hentehylla. Du kan også fornye lån som har forfalt, så lenge ingen står på venteliste. Du loggar inn med lånenummeret på lånekortet ditt og PIN-kode. 

Denne videoen viser korleis du går fram for å logge inn: 

 

Finn du ikkje lånekortet ditt? Spør om å få eit nytt lånekort med oss. Dersom du er nasjonal lånar kan du også logge på bibliotekkortet.no og ta skjermdump av lånekortstrekkoden din. 

Om du har eit nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek kan du nytte dette hjå oss. Kom innom med det nasjonale lånekortet eller ID med personnummer så får vi registrert deg i systemet vårt. 

Har du ikkje lånekonto? Kom innom oss så hjelper vi med å opprette dette.