Forslag til nye investeringar

Eit mål for administrasjonen er å få til eit realistisk investeringsbudsjett, der vi veit at i klarer ressursmessig å gjennomføre dei prosjekta som vert vedtatt.

Inn mot 2019 vart det gjort ei prioritering inn mot fleire store prosjekt. Både Volda ungdomsskule og kino/kultursal vart lagt inn med opppstart i 2019. Ingen av prosjekta er i gangsett (forutan prosjektering).

Sommaren 2019 tok kommunen opp lån på det som låg inne i budsjettet. I utgangen av oktober ser vi at vi ved årsslutt kjem til å sitte att med over 100 mill kr i unytta lånemidlar.

Desse midlane må omprioriterst inn mot investeringar som vil vere realistisk å gjennomføre i 2020.

Kommunen slepp då nytt låneopptak med unntak av lån knytt til Startlån i Husbanken og lån knytt til sjølvkost (vatn og avløp).

Investeringsbudsjettet som no vert lagt fram er kvalitetssikra med tanke på ressursbruk og gjennomføringsevne.

 

Gå tilbake til totaloversikta.